Dag og Tid nr. 42, laurdag 18. oktober 2003

Klok på bok 635:
Steintavler

«Heisan Paula, nå er det min tur! Etter at gubben min har breia seg med påstått litterær kunne i fleire veker. Du gav stikkordet Barnum. Og det har seg slik at gubben har ikkje lest ‘Halvbroren’ av Lars Saabye Christensen. Men det har eg. Og då var det ikkje så vanskeleg å finna fram til ‘Sanger & steiner’ av LSC & keramiker Torunn Myrann. Anmeldaren i Nordlys var forresten heller lunken og tildelte kunstprosjektet tre på terningen
», skriv ho Liv Buen i Tromsø. Kjekt at du kastar deg inn i konkurransen, Liv. Vi må ikkje la mannfolk få overtaket!

Ho Tone Magnussen svarar rett, og synest nesten det vart for lett: «Same dagen som Dag og Tid dumpa ned i postkassa, kom også denne boka, som er laga i samarbeid mellom Lars Saabye Christensen og Torunn Myrann. ‘Sanger & steiner’ heiter boka, der Saabye Christensen skriv og Torunn Myrann illustrerer teksten med steingodstavler, der tekst og bildeelement er prega inn. Teksten du spør etter, Paula, har overskrifta ‘Barnums Blues’», skriv ho Tone Magnussen i Bodø.

Ho Ellen Borch Veum i Gaupne – som dessverre har byrja å kutte ut det vakre mellomnamnet Pauline – tyr til rein gjetting, men hamnar på rett svar. Kort og godt kom òg frå Skeisebibliotekarane i LASK, ho Ranveig Lundquist i Orkanger, han Gunnar Bæra på Løten og han Morten Haugen på Brekstad.

Ho Eli Sylta skriv frå Nansenskulen på Lillehammer: «Det har vore litt vanskeleg å henge med i svingane i det siste, men denne var lett! Du kjem nok til å bli nedlessa i svar denne gongen. Lars Saabye Christensen kjem i haust med to bøker og diktet du presenterer, står i ‘Sanger & steiner’. Samlinga har fått god omtale og eg skal nok få lese dikta etter kvart. Ha ein god haust med varme og gode bøker», helsar ho Eli. Takk det same! Eg sender deg premien denne veka, og håper du får ei god leseoppleving!

«Hei Paula, nei deijnn her gongen va æ itj heilt me’. Æ ha en del kandidata, men det va ingen som va rætt, æ filosofert litt på stikkordet Barnum, kanskje va det eitt ord som du ha konstruert, å tesluijtt bestæmt æ mæ fer at æ mått gå på biblioteke’ å sjå på lyrikken der. Så gikk æ over te heijnn Coelho å ‘Alkymisten’. Imens så satt hu Marit å læst Dag og Tid, å så sei a plutseli’: Det herre va næsten fer lett, når stikkorde’ e Barnum, hovedpersonen i ‘Halvbroren’ hass Lars Saabye Christensen. Det e haijnn som ha skrevve det herre! Hørt sånt! Hu ha læst ‘Halvbroren’, æ rakk itj å læs deijnn før hu Ingrid fekk lån deijnn. Men så skjønne’ du, da såg æ nedpå bordet kor vi satt, å så tænkt æ: Nei du store aijllstyranes, her ligg boka ‘Sanger & steiner’ som hu Torunn Myrann ha illustrert veldig fint. Her ligg vel svaret rætt framfer næsen på oss, fer æ ha næmli’ kjøpt deijnn uten at hu Marit vesst om det. Vi bladd i deijnn å der sto jo diktet, å da skjønnt æ å overskrefta, Keramiske viser. Haijnn kong Salomo ha rætt: Kvinners visdom bygger huset, men dårskapen river det ned med sine egne hender
», helsar han Kaare Stegavik i Trondheim.

Ho Ingrid i Gaupne tok seg ein tur ut då ho fekk nyss om kva rett svar var: «Og så var det lett å gå ned på bokhandelen og få sjå i nedfallsfrukt frå hausten og finne boka ‘Sanger & steiner’, ei aldeles fin lita sak. Sangen heiter ‘Barnums blues’, og på motsatt side er ei keramikktavle med orda ‘jeg vil være det rolige regn som får min elskede til å sove’, ja, det kan ikkje bli finare! Steinane er laga av keramikaren Torunn Myrann», helsar ho Ingrid.

Han Olav Molven har som vanleg faksa inn rett svar med ei forvitneleg etterskrift: «LSC sin Barnum gir innsmett til Phineas Taylor Barnum (1810-91), ein interessant, mangslungen mann, ‘humbugens konge’ som skreiv ‘The Humbugs of the World’ (1865). P.T. Barnum synte fram uvanlege menneske. Det gjer visseleg forfattarar også, på sine måtar. Kva vil eg fram til? Jau, noko av det mest verdfulle med Kpb-spalta er at dei tankeflòg som følgjer oppgåvene, gir ein litterære opplevingar med meir utover kjennskap til og kunnskap om sjølve svara, bokverk og forfattarar», skriv han Olav. Ja, men det er de som svarar på oppgåvene som skal ha æra for det!



Klok på bok 635

Den første snøen, det første
kvite som gjer det lyst
i alle celler og pustar
gjennom ryggmargens stolpe
av song

I alle tider å gå
i den første snøen,
som ein kvit pust gjennom skogane

der vindens fingrar
dansar i lufta

Å ane andletet på andre sida
som let det snø, snø
på skigardane og på rosene
på kyrkjegarden, snø
ein februardag i nittensekstifire
då Volvoen til bestefar rullar inn
på tunet, den nye klangen
i verda, av snø

Som snø vender
dei dødes minne
tilbake til jorda



Vi held oss i Noreg, hjå ein mann som debuterte med ei novellesamling for eit dusin år sidan. Stikkord: Trapper.

Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no og faks 22 41 42 10 ventar spente på svar før fredag 24. oktober.

Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |