Dag og Tid nr. 42, laurdag 18. oktober 2003

Bøker:
Storkorrupsjonen

Eva Jolys forteljing og åtvaring har si eiga vekt; ho ber langt.


Eva Joly:
Er det en slik verden vi
vil ha?
Aschehoug

Den norskfødde dommaren Eva Joly er velkjend frå sin årelange kamp mot fransk storkorrupsjon. Ho var den iherdige teppedragaren framfor scena der nasjonale og internasjonale elitar spelar sitt lugubre spel. Boka hennar om hendingane blei til fånyttes prøvd stogga i Frankrike. No ligg ho føre på norsk etter at ho sjølv har flytta heim att som justisminister Dørums spesialmedarbeidar.

Skremmande perspektiv

Joly skildrar ikkje konkrete saker, går ikkje inn i juridiske og økonomiske finessar; ho opptrer ikkje i nokon domstol. Boka kviler på to pilarar: ei sterkt personleg forteljing om mange år med forfølging, trakassering, trugsmål for å hindre etterforsking. I tillegg kjem dei meir generelle refleksjonane hennar over den verda ho ha fått innsikt i. Første delen er dramatisk, den andre yttarst perspektivrik; båe er skremmande.

Forteljinga vitnar om både dei motkreftene ho provoserte og om det personlege motet hennar i kampen. Boka er ikkje underbygd med fotnotedokumentasjon, men det er ingen grunn til å tvila på at det biletet ho teiknar er rett. Ho stakk handa i eit kvefsebol; der stikk kvefsar.

Kanskje endå viktigare er åtvaringa hennar til det offentlege. Ho trekkjer generelle konklusjonar om korrupsjonen innanfor «elitens» finans- og næringsliv ikkje berre i Frankrike, men internasjonalt. Ho avdekkjer dei heslege sidene ved den moderne turbokapitalismen og den frie marknaden, både utan- og innanfor jusdomenet. Ho avslører handlingar, avkler haldningar, men hengjer primært ut strukturar. Stikkordet hennar er globaliseringa, skatteparadisa, det enorme omfanget på kvitvaskinga. Ho ser spelet som allmenne trekk i ein moderne datastyrd verdsøkonomi. Omfanget overskrir normal fatteevne; det dreier seg om noko ganske mykje meir enn smårusk i eit elles godt fungerande maskineri.

Global korrupsjon

Under og bak og over heile det mistrøstige biletet blir det avteikna eit system: økonomisk og politisk basert. Etterforskinga i Frankrike – særleg mot ELF-konsernet – var «en sylindrisk jordprøve som forteller om dypereliggende avleiringer». «Det globale markedet har latt en global korrupsjon få dukke frem.» Det er godt sagt. Og Eva Joly ser den store økonomiske svindelverda som eit politisk problem der dei som er mektige nok til å kunna stogga spelet, sjølve er spelarar. «Den økonomiske kriminalitetens utbredelse er fremfor alt en politisk utfordring.» Eg føler at det er godt sett.

Ho åtvarar Noreg: Vi er med. Statoil/Iran har lyfta litt på eit slør, framvist blåøygd snillisme. Eg såg Joly i ein fjernsynsdebatt om Statoil. Smilet hennar var trist, allvitande, nærast medlidande over så mykje godtru. Ho blir supplert av ferske tal: Noreg er som korrupsjonsland verst i Norden.

Eg har ein kommentar: Joly vil heller snakke om «straffefridom» enn om korrupsjon. Det er eit forståeleg dommarsyn; den korrupte bør ikkje gå fri. Likevel er det kanskje ei tvilsam språkleg forbetring. Ikkje berre av di det primære må vere å avsløre personar og system, mens straffa slik sett er sekundær. Men i tillegg kjem noko meir prinsipielt: Fokuserer ein på jusen, vert etikken svekt. Det er ein aukande tendens i samfunnet vårt til at lovlegskap blir brukt som eit siste etisk kriterium. Kan vi ikkje straffedømast, går vi også etisk fri. Pengar kan gjerne tenast på umoralsk vis, berre ein ikkje med det bryt lova. Eg føler at Jolys eigen, djupt moralske indignasjon kan svekkjast ved utvida juridisk språkbruk. Betre då å supplere det rettslege korrupsjonsomgrepet med ein etisk komponent som ikkje kan straffast? Kanskje kunne vi innføre nemninga «etisk korrupsjon»; ikkje for å gje ein type korrupsjon eit etisk stempel, men for å markere at moral kan korrumperast like alvorleg som lov.

Jolys forteljing og åtvaring har si eiga vekt; ho ber langt. Ho blir ikkje svekt av at ho dels prøver å ikle henne ei noko pratsam, ikkje heilt vellukka litterær form.

Og dermed: Eg ønskjer henne god jakt i norsk terreng!

Thomas Chr. Wyller

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |