Dag og Tid nr. 41, laurdag 11. oktober 2003

Klok på bok 634:
Nobelsk

«Det var Fanny Burney (1752-1840) som først skreiv romanar frå det vi kan kalle ‘Austen-miljø’; det vil seie frå øvre middelklasse med vakre miljøskildringar og mykje kjærleik. Jane Austen sin tittel ‘Pride and Prejudice’ er tatt frå ei av F.B. sine bøker. Prestedottera Jane gifta seg aldri. Ho vart, jamvel om ho fekk god utdanning, gjennom heile livet avhengig av familien. Fanny B derimot hadde dramatiske innslag frå sitt eige liv å skrive om, som hoffdame og kone til ein fransk general. Jane Austen, søstrene Brontës og Fanny Burney har minneplater i Westminster Abbey. Råd: Ta ein tur til Bath dersom du drar til England. Der budde familien Austen i ein viktig periode for Jane
», skriv han Olav Molven i Bergen. Då har vel alle forstått at det er Jane Austen og boka Stolthet og fordom som var svaret på denne oppgåva. Men eg fekk fleire andre tips: Ein tippa på Thomas Bernard – fordi eg gav opp tittelen(!?). Ei anna meinte det var Huset Buddenbrock av Thomas Mann. Men ho Ranveig Lundquist i Orkanger, ho Birgitte Berge i Rådal, ho Olaug Hokstad i Trondheim og han Morten Haugen på Brekstad hadde rett. Han Morten legg dessutan til at dei har ei Austen-utstilling på biblioteket for tida. Bra samantreff!

«Hei Paula! En storartet åpning på en bok – og en storartet forfatter. Dette er begynnerordene til Jane Austens ‘Pride and Prejudice’. Hun sier selv at ‘3 or 4 families in a country village is the very thing to work on’. Noen synes det er for smått. Der tar de grundig feil
!», skriv ho Lisbeth Halse Ytreberg på Østerås. Du vinn denne veka, Lisbeth. Gratulerer!

«Hei, Paula Elizabeth Bennet på posta. Mr. Darcy er en kjekkas og en stolt mann. Eliza B. er en fordomsfull snerpe. Sammen er de dynamitt. Jane Austen har skrevet boken om dem. Den heter ‘Stolthet og fordom’, eller ‘Pride and Prejudice’ om du vil. Den er ganske kjent
», skriv ho Hilde Matre Larsen lakonisk. Eg veit ikkje heilt kva lakonisk tyder, men det fall «nedi krunå» på meg, som han Peder brukar å seie.

«JA og ja! Dette må vere eit av dine mest finurlege stikkord til no. Forfattaren heiter Jane Austen (1775-1817). Romanen er ‘Stolthet og forom’, eller ‘Price and Prejudice’, som vart gjeven ut anonymt, ‘By a Lady’, i 1813
», skriv han Gunnar Bæra på Løten.

«Hei Paula, eijnnten du trur det eijller itj, så står det ein bokrygg oppi hyijlla her i Trollahaugen med Jane Austen påtrøkkt. Å hu ha skrevve ‘Pride and Prejudice’ som kom ut i 1813. Prestdattera, som skreiv bøker oijnner sevvdonym By a Lady. Eijllers så mijnnt sittate’ litt om’n Dag Solstad, syntes æ, e det itj rart? Håpe’ at høstfargån e like fin på Vestlaijnne’ som dæm e her oppi Trollahaugen
», helsar han Kaare Stegavik.

Eg veit ikkje korleis dei har det på Vestlandet nett no, fordi eg har vore nokre dagar i Oslo. Sjølv om eg er ei vaksen kvinne med vit og forstand, blir eg  dukknakka i store byar. Særleg i hovudstaden, hovudstaden for Austlandet, hadde eg så nær sagt, der det finst individ som ikkje skjønar at Oslo er hovudstad for heile landet – og for det offisielle norske språket nynorsk. (Apropos Oslo spys vel, som eg trudde ein radiomedarbeidar sa her ein dag.) Eg vil heim att snarast råd.

No har eg gjort det ganske lett for dykk ei stund. Eg har vore så trøytt i haust. Og eg som er så glad i haustmørke kveldar! Eg eig ikkje piff, og eg orkar knapt å lese ei bok: Eg klarer ikkje å konsentrere meg. Hobbypsykologen i meg seier at det er noko som plagar meg, men eg klarer ikkje å setje fingeren på det. Eller: Eg orkar ikkje å ta tak i det. Det er for banalt. Det er nok han Peder. «Nærast er du når du er borte, noko blir borte når du er nær», som han sa, han godaste Tor Jonsson. Det er mykje i det. Det som er så forbaska irriterande, er at eg går og tenkjer på at han ikkje ringjer, og at han sjeldan kjem på besøk. Men når han brått står der i døra, tek eg på meg det mest kokette smilet, dansar over kjøkengolvet, valsar opp med vaflar og fyk etter portvinsflaska i skjenken. Så sit vi der som to forelska turtelduer til han byrjar å sjå på klokka. Då veit eg kva som kjem: «Nei, eg får vel sjå til å kome meg heim att.» Kvifor må du det, tenkjer eg. Kvifor kan du ikkje bli? Kva er det som dreg deg heim att? Han Skit-Endre? Han er vel oppteken med sitt, kjenner eg han rett. Nei, mannfolk! Kvar gong bestemmer eg meg for at no må det jammen santen bli slutt på denne sjølvpininga. No er det slutt! (Eg må berre kjenne etter om eg er truverdig...) No er det nok! (Jau, eg trur det kjem seg no.) Over og ut!

Klok på bok 634
Rett før Mr. Biswas’ fødsel hadde det vært enda en krangel mellom hans mor Bipti og hans far Raghu, og Bipti hadde tatt de tre barna sine og gått hele veien i den stekende solen til landsbyen der hennes mor Bissoondaye bodde. Der hadde Bipti gått og fortalt den gamle historien om Raghus gjerrighet: hvordan han holdt øye med hver cent han gav henne, telte hver kjeks i boksen, og hvordan han heller gikk femten kilometer til fots enn å betale en penny for en vogn.


Sjølv om assosiasjonane kan gå til Sunnmøre, kan det vel ikkje vere særleg tvil om at vi skal utomlands. Nærare sagt langt av garde. Denne boka er gammal, men kom nyleg i norsk utgåve. Stikkord: seks fingrar, fødd med rumpa først. Kva bok vil eg fram til? Svar Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 17. oktober.
Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |