Dag og Tid nr. 40, laurdag 4. oktober 2003


Osa:
Bygda som skulle bli by
Det står ein einsam, rusten brann-hydrant her inne under trea. Han fortel om at livet kunne blitt heilt annleis. Særleg i Osa, grenda som nesten tok av.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no

Ein by? Det er ikkje til å tru. Det er nesten heilt stilt her inne i fjordbotnen. Einaste lyden er suset av vind og surklet av vatn i våte, ville fjellsider. Ein by her i Osa, i Ulvik herad, ein by i denne stillfarne hardangerbygda? Det krev ein fantasi enda villare enn landskapet. Alt eg ser er ein handfull gardar mellom elvane Norddølo og Austdølo, nokre små åkrar i skråningane mot fjorden, nokre søkkblaute sauer, stein, litt skog og meir stein.

Men eg veit korleis det eigentleg skulle bli: Der borte ved Norddølo skulle jernbanen starte, jernbanen opp til Finse og ut i vide verda. Der oppe i skråninga; ein kabelbane opp til «Udsigten». Nede på flata ved sjøen skulle rådhuset liggje, og forretningsområdet – eit Downtown i Osa! Og postkontor her, og telegraf og apotek der. Romslege areal var sette av til industrianlegga. Lenger oppe på platået Hjadlane, i utkanten av byen, skulle sjukehuset og folkeskulen kome. Fritid skulle folk òg ha her i byen. Så Osa måtte ha tennisbane, fotballbane, musikkpaviljong, små parkanlegg til å promenere i på søndagar, for dette skulle vere ein by til å trivast i. 5000 menneske skulle bu og trivast i byen Osa, planla planleggjarane til Osa Fossekompani. Villastrøk til funksjonærane, funksjonelle, enkle arbeidarbustader til arbeidarane.

Alt hadde dei tenkt på – i 1918. Men konjunkturane slo seg vrange. Osa Fossekompani slapp opp for pengar i 1926, og vart ikkje ein gong ferdige med kraftutbygginga som skulle gjere bygda til ein pulserande by. I dag bur det 30 menneske her inne. Det er stilt i Osa. Det tok aldri heilt av her inne.

Framtid i ramme

– Det er utruleg kva dei hadde sett for seg, seier Øyvind Salbu, administrasjonsleiar ved Sima-kraftverket i Eidfjord.

Han syner meg teikninga av den tapte framtida til Osa. Ho er lagra langt inne i berget, slik skattar skal lagrast. Framtida til Osa er røva til nabobygda Eidfjord på andre sida av fjellet, nett slik som det meste av vatnet som skulle lade Osa med kraft. Eidfjord fekk det store kraftverket, makta og æra. Osa fekk stilla.

På veggen inne i den enorme hallen til Sima-kraftverket i Eidfjord, ein to hundre meter lang kraftkatedral inne i fjellet, heng det andre Osa, fortidas framtids-Osa, på veggen som eit trofe i glas og ramme: Ein gedigen reguleringsplan over korleis bygda skulle bli til by. Her er rådhus, kaianlegg, kafé og paviljong teikna inn i terrenget, presist og detaljert, signert O. Schumann, Bergen, 16. mai 1918.

Øyvind Salbu syner meg fleire skattar i Sima-kraftverket. Alle arkiva frå den fåfengde Osa-utbygginga ligg lagra her inne. Her er legeattest vedr. oppsynsmann Lekves død i 1923, tilbod om dynamittoppvarmarar til 21 kr pr stk, årsmeldingar for fossekompaniet med sine veksande underskot, gjenpart av attesten til snekkar Johs. Vambheim, «dyktig, flittig og paalitelig». Ei stor soge om blodslit og dyrebar kapital bortkasta på eit historisk blindspor ligg i desse skuffene. Ei gullgruve for ein historikar med sans for det fåfengde.

Garden eller byen

– Folk her trudde nok at byen skulle kome. Eg minnest foreldra mine snakka om den tida, seier Jørgen Hallanger. Han har levd heile livet sitt som bonde i Osa. No er han 72 år gammal.

– Det var ein veldig industrioptimisme den gongen. Industrien kunne tilby framsteg, og det vart pengar av det da folk selde fallrettane til fossekompaniet, veit du.

Garden til Hallanger er på nærare femti mål. Husa ligg fint til nede ved Norddølo. På veggen inne i stua hans heng staselege portrett av foreldra, besteforeldra og oldeforeldra hans, alle måla av kunstnaren Lars Osa. Var ikkje folk urolege over byplanane? Byggje ned matjorda, rive gardane, slette ut mange hundre års levemåte? Garden til Hallanger ligg der jernbanestasjonen var planlagd. Han tenkjer seg om.

– Når eg ser kor få som bur her i dag, og kor mange hus som står tomme, så synest eg kanskje ikkje det hadde vore så gale om vi hadde fått krafta hit. I staden er det Eidfjord som får arbeidsplassane. Men by og industri – eg veit ikkje. For meg har det ikkje så mykje å seie. Det er no greitt å ha litt natur òg.

Framand hydrant

Han er så einsam og rar, den gamle brannhydranten. Her er ikkje mange brannar å sløkkje i dag, regnet tek seg av slikt. Han står der framand som ein skapnad frå rommet, under drypande greiner oppe på Hjadlane. Hydranten er av fabrikat Teudloff-Vamag. Zu – Auf står det på toppen i rustne bokstavar. Brannhydranten er eit lite spor etter nok eit feilslått storprosjekt i Osa.

For i 1940 slo moderniteten til igjen her. Han kom susande inn fjorden i form av tyske Wehrmacht, som raskt fatta interesse for fallhøgdene frå fjellet. Nordische Aluminium Aktiengesellschaft ville lage kraftverk og aluminiumsverk her inne, og dei hadde det travelt. 1800 mann vart sette i arbeid – i vesle Osa! Ein mektig symfoni av muskelkraft, maskineri, anleggsvegar og eksplosjonar, dirigert med tysk effektivitet. Og likevel var det ikkje nok. Verken kraftverk eller aluminiumsverk vart ferdig. Alt Osa stod att med da tyskarane gav opp i 1944, var nokre jernbaneskjener, ein haug med skrap, øydelagd matjord – og nokre spreidde brannhydrantar i skogen. Det tok ikkje av for tyskarane her heller.

Den rette vegen

Eg køyrer attende til Osa neste dag. Inne i den nifse, dårleg opplyste tunnelen mellom Ulvik og Osa bryt Elton John inn på radio:

So goodbye yellow brick road,
Where the dogs of society howl
You can’t plant me in your penthouse,
I’m going back to my plough


Men det er i songen. I røynda vil dei færraste attende til plogen, dei fleste vil hyle med hundane i storsamfunnet. Og folk vil i alle fall ha veg.

Det var ikkje sjølvsagt at Osa skulle få vegsamband med Ulvik og verda. Kraftkompaniet kosta på ein enkel veg, somme stader over trebruer og bjelkar bolta til den bratte fjellsida, og anleggssjef Berger kontakta vegsjefen for å få godkjent vegen. «Det skal vera bruka mykje trevyrke på vegen, og det rotnar», påpeika vegsjefen. «Det gjer vi og!», svarte Berger. Vegen vart godkjend.

Eg stoggar eit par kilometer før Osa, og ser på bygda som får eit solstreif før regnet gjev ho nye piskeslag. Osa slapp å få lufta forpesta og fjorden forgifta av industrien. Det er vakkert her. Men er det nok? Kan Osa enno ta av?

Moderniteten sveik Osa. Moderniteten falda seg ut som industri i Odda, i Tyssedal og i Ålvik, men Osa vart gløymt. No er det visst like greitt, no er det så godt som ute med industrien i Hardanger, seier mange. Men turistmaskina Hardanger er velsmurt og produktiv, og Ulvik med alle sine hotellsenger ligg under ei mil lenger ute i fjorden. Tusenvis av turistar kjem til Osa kvar sommar, mellom anna for å køyre bomvegen som skrur seg som ein korketrekkjar til 1200 meters høgd inne på Hardangervidda. Der dei moderne industriprosjekta feila, kan kanskje den postmoderne opplevingsindustrien verte berginga for Osa?

Ruinar er ofte attraktive. Den ufullførde moderniteten i Osa har etterlate seg eit gapande hol inne i fjellet – ei bratt tunnelsjakt frå anleggstida som stuper nærare 900 meter ned gjennom berget, nesten til havnivå. Kan hola etter dei moderne prosjekta fyllast med meining? I 1999 fortalde Iain Schrøder, leiaren for Norsk Underjords Sport, til Aftenposten at han skulle starte opplevingsturar i sjakta.

«Dette kan bli en skikkelig turistattraksjon», meinte Schrøder, som vona på støtte frå SND.

«De har sagt at for tiden støtter de tiltak med henblikk på opplevelsesturisme», sa Iain Schrøder. Han vona å starte med turisme i sjakta sommaren 2000. Men sjaktturistane kom aldri. Det tok ikkje av, det heller. No er inngangen på toppen mura att.

Naturkraft

Naturen til Osa er i det minste ei oppleving som er open for alle. Det var ikkje minst det mektige landskapet som fekk biletkunstnaren Lars G. Polden og kona Torunn til å flytte hit for tolv år sidan. Polden har galleri og atelier i dei to einaste husa som står att frå anleggstida, oppe på Hjadlane. Flotte, nyklassisistiske murhus frå 1917, brukt til administrasjon av Osa Fossekompani, pussa opp med knallhard innsats og lite pengar av Polden-paret.

– Osa har blitt motivkrinsen min, seier Lars G. Polden.

– Eg hadde laga lite landskapsbilete før eg kom hit. Men eg fekk ei utfordring av Olav H. Hauge siste gongen han var her: Å måle landskapet her så bra at austlendingar kunne skjøne korleis Vestlandet er.

Og på veggene i det lyse galleriet til Polden heng Osa i alle fasongar: Osa i sol og regn, vinter-Osa, sommar-Osa, i farger frå skinande gull til mørkt stålblått.

– Det ligg mykje kraft i naturen her. Eg må prøve å spegle det i bileta. Det vonar eg at eg gjer, seier Polden. Han kjem sjølv frå Sunndalen, og er sjeleglad for at Osa aldri vart nokon industristad.

– Eg minnest godt frå barndomen dei problema utbygginga førte med seg på Sunndals-øra. Hadde det vore smelteverk her inne, ville røyken nådd heilt opp på Hardangervidda, meiner Lars G. Polden.

Osa har fleire kunstattraksjonar å by på. Ikkje langt frå Galleri Hjadlane, nede ved Austdølo, ligg Stream Nest. Ein kolossal skulptur av japanaren Takamasa Kuniyasu, laga til OL på Lillehammer. Flytta til Osa, med alle sine 3000 tømmerstokkar og 23.000 mursteinar. Sommars tid kjem det musikk frå reiret. Men no er det stengt for i år. No høyrer eg berre vatnet. Vatn er det i alle fall nok av i Osa. Oppe på fjellkammen slengjer ein liten foss seg hemningslaust ut i lufta, men vatnet blir fanga opp av vinden, og kasta rett attende dit det kom frå. Det surklar og renn og suser i vatn overalt her. Reint er det òg.

Reine pengar?

Er det da kanskje vatnet som er den nye framtida til Osa? Karl H. Sandøy, mannen som fekk OL-reiret hit til bygda, har tru på det. For enno finst dei som vil ha industrisatsing i Osa. Forretningsmannen Sandøy kjøpte eit nedlagt småbruk her i 1991, og har sidan 1994 prøvd å gjere big business ut av kjeldevatn i Osa. Det har ikkje mangla optimisme på vegen, verken hos Sandøy eller samarbeidspartnaren Bjørn Seljevold i USA. I 1994 skulle Osa-vatn seljast til Japan i stilige glasflasker med silketrykk, og Sandøy rekna med ein årleg omsetnad på 20 millionar kroner, sa han til BT. Vel, det tok ikkje nett av.

I 1997 skulle Osa-vatn med merket Isbre erobre USA, vart det lova. Isbre Holding-direktør Bjørn Seljevold hevda at vatnet frå Osa alt var til sals i 12.500 butikkar – det var ei grov overdriving, oppdaga Dagens Næringsliv. Vatnet var knapt å få kjøpt. Avisa fann dessutan ei mengd tilfelle av ufundert skryt og uortodoks forretningsføring på rullebladet til Seljevold. «En påfallende del av Isbres ressurser gikk til diverse stripteaseklubber i Manhattan», skreiv Dagens Næringsliv mellom anna i januar 1998.

I dag er det eit anna selskap, Osa Mineral Water, som tappar drikkevatn frå ei kjelde i Osa. Der er ambisjonane meir moderate, selskapet sel vatn til dispensarar og flaskevatn til Rema 1000. Men Isbre-direktør Seljevold og styremedlem og medeigar Sandøy står framleis på for å erobre verda. Ved hamna i Philadelphia planlegg Isbre Holding eit stort tappeanlegg, står det på nettsidene til selskapet. Hit skal titals millionar liter med Osavatn fraktast i tankskip, og her skal det tappast på flaske i stor skala. Karl H. Sandøy har på ingen måte mista trua på Isbre, fortel han.

– Sjølvsagt har eg tru på dette! Isbre har fått registrert varemerket «The world’s best drinking water» i både USA og EU, seier Sandøy på telefonen til Dag og Tid.

– Men eit varemerke seier kanskje ikkje så mykje?

– Kva meiner du? Skjøner du ikkje engelsk? Det tyder at dette er verdas beste drikkevatn. Det er eit registrert varemerke som har teke fire år å få godkjent.

– «Verdas beste» læt ganske subjektivt?

– Nei, det er det ikkje. Det er eit registrert varemerke, og det krev ein komplisert prosess å få godkjent. Vi måtte prove at dette vatnet var det beste, seier Sandøy. Som ikkje kan røpe meir om framdrift og tidsplanar for Isbre Holding, fordi selskapet nett no er i viktige forhandlingar.

Skal Isbre Holding mot alle odds verte framtida for Osa? Tja. Sandøy og Seljevold sin entusiasme for prosjektet har saktens teke av. Om Isbre Holding nokon gong gjer det, får tida vise. Men på nettsidene www.isbre.com skimrar i alle fall ein vakker foss. Over skjermen rullar teksten: «Pure and natural from Norway – The world’s best drinking water.» Så seier dei.

Før avreise frå Osa, går eg ein tur opp langs den reine og naturlege Austdølo. Forbi skogholtet der tennisbanen skulle ha vore, forbi musikkpaviljongen som aldri kom, forbi det hausttause Stream Nest og Osa Mineral Water. Langs elva ligg nokre rustne jernbaneskjener etter tyskarane. Halvt nedgrodde, nesten like fjerne og fortapte i tida som øksene og spydoddane frå jernalderen som er funne i Osa. Men dei seier det er ei tid for alt. Kanskje kjem det òg ei tid for Osa. Kanskje tek det skikkeleg av ein dag.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |