Dag og Tid nr. 40, laurdag 4. oktober 2003


Bøker:
Å leve vidare
Thomas Espedals Dagbok er ei av dei sterkaste, vondaste og vakraste bøkene eg har lese på lenge.

DAGBOK
Thomas Espedal:
Dagbok (epitafer)
Gyldendal

Det er skrive mange bøker om å miste sine kjæraste, det vere seg barn eller ektefelle, det vere seg foreldre eller nære venner. Slike bøker kan lyfte seg til stor og djupt personleg litteratur, dei kan også ha ein terapeutisk funksjon og vere ei hjelp til å komme gjennom sorgarbeidet og å finne ei ny plattform til vidare liv, både for den som skriv og den som les. Som oftast er det glidande overgangar mellom det sjølvterapeutiske og det litterære.

Minnetalar

Thomas Espedals Dagbok om først å miste mora for seinare å miste kona med kort tid imellom, skriv seg inn i denne tradisjonen. Undertittelen (epitafer) peiker mot gravtavler eller minnetalar over dei døde, og denne kombinasjonen av dagboknotat gjennom eitt år og minneglimta av dei døde, i første rekkje av kona Agnete som boka er dedisert til, gir nærast ei invaderande berøringskraft. Det er sterkt, det er nake og ærleg, det gir vesentlege og allmenne uttrykk for uuthaldeleg smerte og fortviling, lyst til å gi opp, angst for galskapen: «Jeg har aldri kjent en tilsvarende smerte, en dypere sorg, jeg har lyst til å dø, legge meg ned og gi opp, følge henne og forsvinne, men det er ikke mulig, hun etterlot to barn, og de er mine.»

Det er dette det handlar om, å leve vidare og ikkje gi opp seg sjølv, å bere sorga og dei døde med seg samtidig som ein vender tilbake til noko som kan likne eit normalt og trygt liv. Å skrive blir Espedals medisin, og like mykje som dette er ei bok om død og sorg, er det også ei bok om livgivande skrift, hans eiga og andres skrift.

Tilbake til seg sjølv

Kvar dag gjennom den tida teksten strekkjer seg over, går Thomas Espedal til skrivestua si rett bortanfor huset der han bur utanfor Bergen. Kvar dag sit han ved skrivebordet og stirer ut gjennom vindauget, tenkjer, skriv litt, kjem seg steg for steg tilbake til seg sjølv og den forfattarskapen som held han oppe. Han skriv og reflekterer seg fram til ei innsikt som er heilt konkret og jordnær: Han har to døtrer, han skal oppdra dei og hjelpe dei fram i mange år enno, han kan ikkje svikte dei. Dette koplar han saman med Geoffroy de la Tour Landrys En bok til mine døtre, skriven sist på 1300-talet, ei eksempelsamling der forfattaren, etter å ha mista kona si, held fram moralen, pliktene og religionen som berebjelkar i oppsedinga av døtrene. Det er fiffig gjort, og dette litterære grepet som Espedal nyttar, lyfter teksten bort frå det strengt sjølvbiografiske og nærast private og inn i ein litterær dimensjon der det enkle livet blir halde fram som ideal slik Tolstoj gjer det i sitt «Skriftemål»:

«Jeg gav avkall på livet i vår krets da jeg innså at dette ikke var noe liv, men bare noe som lignet på liv. Jeg så at den overflod vi lever i, fratar oss muligheten til å forstå livet. For å forstå livet måtte jeg forstå det enkle, arbeidende folks liv og den mening som dette folk gir livet.»

Livsfilosofi

Det jordnære, enkle, nøysame og konkrete er det han vender seg mot. Samtidig legg han ein livsfilosofi inn i dette, først og fremst tufta på kunsten si kraft til å reinse sjela, men også litt på kristen etikk og livsførsel. Dermed blir Dagbok også Thomas Espedals oppgjer med Thomas Espedal, for han har, etter eige utsegn, til tider levd eit ganske tøft og utsvevande liv. Han kunne ha kalla boka eit skriftemål, han kunne ha kalla henne ei erkjenning eller eit nådeskrift, men det ville blitt for sterkt i lys av innhaldet elles. Likevel er det det som skjer i teksten: Thomas Espedal ber om nåde for sitt og døtrene sine liv, ikkje om velsigning, men om nåde.

Thomas Espedals Dagbok er ei av dei sterkaste, vondaste og vakraste bøkene eg har lese på lenge.
Oddmund Hagen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |