Dag og Tid nr 36, laurdag 6. september 2003
Media:
Hinsides ja og nei
Eg ser at ja- og nei-spørsmål inneber å forenkle ting, seier programleiar Viggo Johansen.
Per Anders Todal
NRK kom opp med ei nyvinning da Redaksjon EN arrangerte innvandringsdebatt mellom Carl I. Hagen og Jens Stoltenberg i august: Ein serie på ja- og nei-spørsmål om innvandring, der alle forsøk på nyansering vart slegne hardt ned på. Men «høg temperatur» er ikkje viktigare
enn at ein debatt er sakleg og informativ, forsikrar Viggo Johansen, programleiaren i Redaksjon EN.
Nei, det vil eg ikkje seie. Eg trur ikkje det er nokon motsetnad der heller. Men Redaksjon EN har sterk konkurranse frå tilsvarande program på TV 2, realityshow og filmar på andre kanalar. Vi skal prøve å trekkje eit breitt publikum. Det må vere interessant for mange, elles gidd ikkje folk å sjå på. Eg trur det er veldig viktig at ein debatt er både informativ og engasjerande.
Kva er viktigast for NRK: Å lage gode debattprogram, eller å slå sjåartala til TV 2?
Det er det eigentleg kringkastingsleiinga som må svare på. Men skal eg svare, så er det igjen litt av båe delar. Det er viktig å ha høge sjåartal.
Og dei to omsyna kjem ikkje i konflikt med kvarandre?
Det kan dei gjere. Det er klart du kan lage ein heilt annan debatt med sikte på eit smalare publikum. Dag og Tid må vere noko heilt anna enn VG. Men dette er ikkje noko eg som programleiar finn på sjølv. Det er leiinga som lagar sendeskjema.
Opplever du ikkje å vere pressa mellom omsyn til sjåartal og kvalitet i Redaksjon EN?
Du lurer aldri publikum. Leverer du kvalitet, får du mange sjåarar. Er det bra og interessant, så ser publikum på.
Etter første program med ja- og nei-formatet dykkar, vart det kalla ei forsøpling og forsimpling av politisk debatt. Er det ikkje noko i det?
For det første må ein vere klar over at ja- og nei-sekvensen varte kring to minutt, av ei sending på 30 minutt. Eg kan ikkje forstå at det skal vere eit stort demokratisk problem. Men eg ser at denne forma inneber å forenkle ting. Om det fekk eit litt uheldig drag i det først programmet, så har vi gjort visse justeringar etterpå. Men det å måtte svare ja og nei på nokre sentrale spørsmål det var ein idé som vi prøvde ut som eit dramaturgisk verkemiddel, som var ganske vellukka. Så justerte vi det etterpå.
Sjølve debattformatet til Redaksjon EN krev ei viss forenkling?
Det å snakke om kompliserte spørsmål krev forenkling for å bli interessant.
Er ikkje mange tema altfor komplekse til å forenklast på denne måten, utan å bli heilt forvrengde?
Eg trur ikkje det er eit problem. Det er ei tidsramme der, men eg trur ikkje ein kan snakke om forvrenging.
Er det ikkje slik at forenklinga og dramaturgien i fjernsynsdebattar favoriserer bestemte typar debattantar?
Det trur eg nok. Men i Redaksjon EN har vi fleire ulike format, alt etter kva som passar temaet. Ein får betre tid i Redaksjon EN enn mange andre stader. Men fjernsynsformatet passar nok ikkje alle like godt.
Har ikkje typar som Carl I. Hagen og Kristin Halvorsen visse fordelar av debattformata dykkar?
Dei fleste topp-politikarar er godt skodde for det, alle saman. Men somme klarer seg betre enn andre.
Kva er poenget med sjåar-røystingane i debattprogramma til NRK?
Eg har ikkje vore med på å diskutere det. Men ei grunngjeving er at det gjev visse inntekter. For oss i redaksjonen er det ein måte å ha kontakt med sjåarane. Når 10-15.000 ringjer og meiner noko, så er det interessant for oss. Det er uttrykk for eit engasjement. Men det er for dumt når spørsmåla våre er så dårlege at 96 prosent røystar for det eine alternativet. Vi gjev ikkje desse røystingane ut for å vere noko meir enn dei er.
Som debattleiar i NRK, kven representerer du?
Rolla til programleiaren blir ofte overdriven. Men jobben min er å vere sjåaren sin representant i studio. Eg skal gje dei som er i studio høve til å få fram det dei vil seie.
Er du folket?
Det er for svære ord. Men eg prøver å få fram det eg meiner er interessant, det som redaksjonen trur er av interesse for publikum.
|