Dag og Tid nr 36, laurdag 6. september 2003


På tomannshand:
Van med å bli slakta
– Ikkje ein gong eg klarer å leggja ned kulturlivet, seier kultur- og kyrkjeministeren og ler. Ho er van med å bli slakta av pressa, men same kva pressa meiner, vil Valgerd gjera det ho meiner er rett.
Ønskjer folk seg ein perfekt politikar, er eg ikkje rett person, seier Valgerd Svarstad Haugland.

Cecilie N. Seiness

Eg høyrer latteren medan eg sit i ein skinnsofa og ventar på å få koma inn på kontoret til kultur- og kyrkjeministeren. Ho har ikkje vist seg, men latteren dansar rundt i korridorane. Trass i Medhaug-saka, dårlege meiningsmålingar og Valgerd-hets, ler ho. Ho skrattar. Hjarteleg og lenge og høgt.

Kontoret er velorganisert og Valgerd sommarleg kledd i kvitt med ei passande jakke med raude blomar. Ho ser nystroken og rein ut. Skorne raude. Den kvite buksa aldeles snøkvit. Kontoret er elegant og verdig ein kulturminister. Skinnmøblane er svarte. Bak skrivebordet står ei bokhylle. Den har Svarstad Haugland fått på plass. Ho vart rysta då ho såg at det ikkje var ei einaste bokhylle på kulturministerkontoret. Ministeren byr på kaffi og set seg til rette.

– I media druknar gjerne det du står for som kulturminister i alle slags andre saker. Kva er dine hjartesaker på kulturområdet? Kva vil du skal stå att etter deg?

– Eg vil gjennomføra ein god kulturpolitikk medan eg sit her. Kva som står att etter meg, får andre snakka om.

– Alle knyter deg til kontantstøtta. Kva kultursaker brenn du for på same viset som kontantstøtta?

Svarstad Haugland tek seg ein runde på kontoret. Hentar håndkrem og smør inn hendene. Lenge og vel.

– Eg prøvde å svara at eg ikkje er oppteken av det. Eg er ikkje oppteken av kva eg vil bli hugsa for. Eg vil bli hugsa som eit samfunns-orientert menneske som brydde meg om saker som har noko å seia for folk. Å knyta meg til ei sak eller fleire saker, nei, seier Valgerd Svarstad Haugland.

Ho har snart vore kulturminister i to år. Mange vart overraska då den tidlegare barne- og familieministeren, mor til kontantstøtta, skulle styra kulturen her i landet. Mange prøvde å latterleggjera henne og framleis er dei kritiske røystene mange. Trond Giske i Ap seier at det har vore eit kulturpolitisk vakuum sidan ho byrja som minister.

– Det er berre tull. Eg vil ikkje koma med ei skryteliste, men eg har vedteke fleire saker enn forgjengaren min gjorde, seier Valgerd Svarstad Haugland og ler den nesten dristige latteren sin.

Sjølv meiner Svarstad Haugland at ballasten hennar på kulturfeltet er god. Ho voks opp på Framnes i Hardanger. Dialekten er framleis ikkje til å ta feil av. Far hennar var lektor på Framnes Folkehøgskule. Mora var heime. Unge Valgerd tok del i det ho hadde lyst til av ulike aktivitetar på Framnes folkehøgskule, men på bedehuset var ho ikkje ofte.

– Eg er vaksen opp i ein heim med kyrkjegjengarar, ein kulturtradisjon, i ein heim med masse musikk og bøker og sans for teater og kulturlivets gleder. Folkehøgskular er stolte kulturberarar. Å veksa opp på ein folkehøgskole fører med seg at ein får ein del gratisopplevingar som ikkje var like utbreidde overalt på landsbygda på den tida.

Unge Valgerd gjekk slett ikkje med politikarplanar. Ho tenkte i alle fall ikkje på å bli kulturminister. Foreldra hennar var aktive politisk. Mora var i kvinneorganisasjonen til KrF og faren sat i kommunestyret for KrF. Farfar hennar sat på Stortinget for same parti.

– Eg har røter i politikken, men tenkte aldri på at eg skulle driva med politikk sjølv.

Valgerd var skulelei då ho var ferdig på ungdomsskulen i Norheimsund. Ho gjorde litt av kvart i tre år, gjekk mellom anna på folkehøgskule på Hurdal Verk, så fann ho ut at ho ville bli noko. Ho søkte fireårig lærarskule, der kunne ein koma inn utan artium. Etter fire år i Alta hadde ho ei grunnutdanning, men òg kompetanse til å studera vidare: Kristendom og statsvitskap.

No sit partileiaren i ministerstolen. Ho er minister for andre gong, men audmjuk.

– Ønskjer folk seg ein perfekt politikar, er ikkje eg rett person.

– Det er vel ingen som klarar å bli ein perfekt politikar?

– Mmmmm... Eg klarar ikkje å bli så kynisk at eg alltid tenkjer 15 gonger gjennom kva eg skal seia før eg snakkar. Eg er spontan, men har fått brynt spontaniteten min ein del. Av og til lurar eg på kva politikarar folk ønskjer seg. Cellofanglatte eller spontane?

Svarstad Haugland vil snakka om Kulturmeldinga, stortingsmeldinga om kulturpolitikken fram til 2014. Dagen etter møtet på kontoret hennar skal meldinga presenterast.

– Meldinga er på nynorsk. Sjølvsagt, seier ministeren stolt.

– Eg er lei meg for at politikarar i Oslo driv valkamp på populistiske utspel som å få vekk nynorsken. Det er skuffande, og eg er forbausa over at Ellen Horn, tidlegare kulturminister, kan vera med på noko slikt. Det forundrar meg verkeleg. Eg bur i Asker og veit at nynorsk er under press i skulen, men me treng politikarar som tør å seia at nynorsken er verdifull og viktig og at elevane må læra det.

Svarstad Haugland vil snakka om prioriteringane i meldinga. Ho vil snakka om frie grupper med dårleg økonomi og stor eigeninnsats som treng eit økonomisk løft. Ho vil snakka om ny finansieringsordning for bokbussar, om det omorganiserte språkrådet og den nye leiaren der og om styrkinga av nynorsken. Ho er spent på mottakinga av meldinga.

– Det er ein gong slik at ei stortingsmelding skal kritiserast. Dessverre. Det er noko av det negative ved det politiske arbeidet. Ein er aldri interessert i å gje positiv kritikk.

– Men kva er skilnaden på denne kulturmeldinga og den førre?

– Me seier rett ut at ein del område innan kulturen treng meir midlar for å gjera ein betre jobb. Dette er ei stortingsmelding for eit tiårsperspektiv, difor kan ein ikkje venta seg store ekstraløyvingar i haust. Me har eit krevjande budsjettarbeid. Stortinget har vedteke reformer. Til dømes er barnehagereforma kostbar og tek mykje av spelerommet vårt. Me peikar på globaliseringa og individualiseringa som nye trekk. Me framhevar kyrkja som kulturberar og sist, men ikkje minst, trekkjer me fram dei frie gruppene, det frie feltet som er viktig innanfor kulturen.


– Kva ventar du mest bråk om etter å ha lansert meldinga?

– Det vil sjølvsagt vera grupper som ikkje er nøgde og me har tusenvis av grupper. Det gjer òg at kulturministerjobben er interessant og krevjande. Mange interessegrupper vil gå direkte på kapitlet om seg og sjå om dei er nøgde med det. Nokon vert nøgde, andre ikkje. Det må eg leva med.

Valgerd Svarstad Haugland er frå bygda, ho er kristen, nynorsking, måtehalden med alkohol, ho snakkar varmt om barnefamiliar og tradisjonelle verdiar og vert oppfatta som ein motstandar av homofili – og pressa tek ikkje akkurat i henne med silkehanskar.

– Det er masse fordommar mot slike som meg i pressa, men dei får berre vera uopplyste.

– Pressa framstiller nesten alt du gjer som negativt. Korleis opplever du det?

– Eg tenkjer av og til sjølv på kvifor det er slik, men eg vil ikkje svara på slike spørsmål, for det blir så sjølvsentrert. Eg berre held fram og jobbar og gjer det eg meiner er rett, så får dei skriva akkurat det dei vil.

– Men korleis taklar du kritikken?

– Eg har eit godt nettverk rundt meg.

– Gir du blaffen?

– Nei, det er ikkje sikkert, men eg har ikkje tenkt å utbrodera det. I vinter skreiv redaktøren i Klassekampen om korleis eg blir omtala av dei såkalla radikale kreftene. Han hadde ein interessant analyse.

– Det blir snakka om Valgerd-hets. Er det ikkje vanskeleg å gjera jobben, slita for dei sakene du trur på?

– Eg er ikkje så interessert i å snakka så mykje om det. Eg må leva med det.

– Tenkjer du at media øydelegg for deg?

– Mine tankar om dette eignar seg ikkje på trykk, slår Valgerd fast.

Same kva. Valgerd er stadig i vinden i pressa. I vinter etter at ho hadde teke frå P4 konsesjonen, vart det eit rabalder utan like. Alle veit kor Silje Stang ønskte ministeren etter den avgjerda.

– Det var turbulent, men eg var så trygg på at eg gjorde det rette. Det er aldri hyggeleg å vera i media på den måten. Eg sorterer vekk det eg ikkje gidd å reagera på. Dei får senda meg både hit og dit, seier ministeren.

Så kom sommaren og Medhaug-saka. Ministeren har ønskt å ha ei open linje til media, men etter Medhaug-saka har ho måtta skaffa seg hemmeleg mobilnummer.

– Eg orkar ikkje det bråket eg har hatt i sommar. Eg er lei meg for at det har vorte slik, men eg må beskytta meg sjølv. Pressa har liksom krav på meg heile tida. Den eine leiaren etter den andre har skrive at eg må halda kjeft i Medhaug-saka. Eg har ønskt å ikkje kommentera saka, men du verda for eit trykk eg får frå journalistane dersom eg ikkje vil seia noko. Dei vert sinte dersom eg ikkje har ein kommentar. «Du kan ikkje seia ingen kommentar», skrik dei.

Svarstad Haugland demonstrerer med oppsperra auge og høg stemme. Så ler ho og seier:

– Media er mangfaldig.

– Noko særleg støtte frå kvinnesakskvinner for standpunktet i saka har du ikkje fått?

– Støtta har kome etter kvart, etter at folk har kome heim frå ferie. Ei stund regjerte «gutteklubben grei» heile mediebiletet. Eg har gjort det eg syntest var rett. Så får dei som vil, kritisera meg. Eg kan aldri gje min versjon av korleis me har handsama saka i partiet. Ein part her brukar media heile tida og eg svarar stort sett at eg ikkje har nokon kommentar. Det er den måten eg må gjera det på, seier Valgerd.

Ho er viss på at dersom ho hadde handsama Medhaug-saka annleis i sommar og valt å ta parti for den eine, for ho meiner sjølv at ho ikkje har teke parti for nokon av partane, då hadde mange kvinnesakskvinner gjeve lyd frå seg før.

– Om eg hadde teke parti for Medhaug, hadde ikkje kvinnesakskvinnene vore på ferie lenger. Karita Bekkemellem Orheim hadde vore på banen med det same. Ho har òg hatt sjansar til å koma på banen i sommar, men har late vera.

Valgerd karakteriserer seg sjølv som kvinnesakskvinne. Ho har vore oppteken av likestillingsspørsmål sidan 13-14 årsalderen, men ho meiner det er ein grunn til at ikkje alle ser på henne som talskvinne for likestilling.

– Eg går inn for ein god familiepolitikk og kontantstøtte, noko mange kvinnesakskvinner ikkje er så glad i. Mange klarar ikkje å sjå totaliteten i det eg gjer på grunn av kontantstøtta. Dersom ikkje likestillingsarbeid omfattar omtanke for barn, vert det mislykka.

– Er du skuffa over manglande støtte i Medhaug-saka?
¨
– Det forundrar meg ikkje. Romslegheit er totalt fråverande hos somme politiske motstandarar. Det er masse kjekke folk òg. Jobben eg har no, er den mest morosame eg nokon gong har hatt.

Svarstad Haugland har vore lærar i Stavanger, men heile tida politisk aktiv. Familien flytta etter kvart til Austlandet. Mannen hennar fekk ein jobb han ønskte seg. Valgerd arbeidde i skulen i Bærum ei tid, men i 1989 fekk ho tilbod som å byrja på heiltid i politikken. Ho vart generalsekretær for kvinneorganisasjonen til KrF.

– Frå eg var 19 år, har eg hatt eit eller anna stort eller lite politisk verv.

– Har du ofra mykje for politikken?

– Eg får meir att enn eg ofrar. Det er tidkrevjande. Hadde eg ikkje hatt ein mann som støttar meg og som og er der for tenåringane, hadde det ikkje gått. Dei var tre og fem då eg byrja som nestleiar i partiet.

– Har du fått nok tid med barna dine?

– Dei har nok foreldrekontakt, seier ministeren og smiler lurt.

– Eg vil ikkje stå fram som angrande syndar. Det er ikkje noko som irriterer meg meir enn besteforeldre som ser på unge foreldre og seier: Det eg angrar mest på er at eg ikkje var meir heime med barna mine. Det skal eg aldri seia. Nei, ikkje tale om. Mine barn har hatt mykje foreldrekontakt og eg er veldig glad i dei og stolt av dei.

Valgerd ler og Valgerd skrattar. Valgerd ler med tydeleg ha, ha, ha, men det hender Valgerd vert irritert. Og sint. På kulturen. I revidert statsbudsjett måtte ho kutta nokre millionar til film, eit kutt ministeren meiner var så lite at filmfolka ikkje burde hissa seg opp. Men det gjorde dei. Dei stilte seg opp utføre departementet, utføre vindauga til ministeren og demonstrerte.

– Då vart eg sint. Eg hadde ikkje forståing for den sutregjengen som stilte seg opp her. Då sa eg: Dei må berre demonstrera. Eg går ikkje ut og snakkar med dei! Det går godt over 300 millionar til film. Kuttet er berre på éin prosent, seier Valgerd oppgitt.

– Har dei ikkje noko betre å ta seg til enn å gå i demonstrasjonstog for slikt, får dei ikkje mi støtte. Eg fekk lyst til å seia «kutt meir».

Under valkampen har Svarstad Haugland òg vorte irritert. Ho var med i ein valdebatt i Tromsø som vart send på NRK. Der slapp ho mest ikkje til orde. Programleiaren snakka meir enn debattantane.

– Eg reiser ikkje til Tromsø for å sitja på pynt i halvannan time.

– Tykkjer du valkampen har vore show og sirkus?

– Ja. Det er krevjande. Denne valkampen har handla om alt anna enn politikk, til dømes Martin Schanche. Media elskar det.

Valgerd Svarstad Haugland lurar på om folk verkeleg vil sjå politikarar som kranglar på fjernsyn og ropar i munnen på kvarandre. Sjølv vil ho ikkje debattera slik.

– Veljarane må få informasjon. Kristin Halvorsen og eg debatterte på fjernsynet. Me var aldeles rolege, men vart introdusert som om me var hund og katt. Det er me ikkje. Me er politikarar med engasjement. Me er samde om ein god del og usamde om anna, seier ho.

Ministeren søv godt om nettene trass i hets og støy. Dessutan lader ho opp – som det heiter – med kultur.

– Etter me fekk barn, har me prioritert dei i eit elles travelt liv. Det skulle berre mangla. No vil dei ikkje ha meg heime ein gong. På laurdag hadde eg eit tett program, men eg var invitert til premiere på den polske filmen Pianisten. Eg sa til meg sjølv, kvifor gjer du dette Valgerd, du er oppteken heile tida? Men eg nytte filmen, sokk ned i stolen og var inderleg glad eg gjekk.

Ministeren reiser mykje og får med seg kultur i ulike delar av landet. Ho gler seg over kulturen, men er inderleg lei pengesnakket som følgjer henne som ein dårleg reisekamerat. Same kvar ho kjem får ho spørsmål om ho har pengar med seg.

– Får du tid til å lesa då?

– Ja, men altfor lite. I ferien las eg mellom andre Ingen er så trygg i fare av Jørgen Norheim. Ho var verkeleg god, og så las eg Wonderboy av Henrik Langeland.

– Likte du den boka?

– Eg synest ho var så engasjerande. Boka er lettlesen, tjukk, men det gjekk ikkje lang tid før eg var gjennom ho. Du bør lesa ho, seier ministeren framføre bokhylla.

Dagen etter sit ho på eit podium kledd i ljos jakke og topp med blomar. Ho tronar i midten med ein mann og ei kvinne på kvar side. Salen er proppfull av journalistar og andre nyfikne. Fotografane stimlar kring henne. Ho skal presentera kulturmeldinga, kva fart og kva retning kulturen her i landet skal ha i åra framover.

– Endeleg er dagen der, seier Valgerd Svarstad Haugland.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |