Dag og Tid nr 36, laurdag 6. september 2003
Roald Helgheim:
Hagefest på venstresida
Kva i all verda var det som fekk avisa Klassekampen til å slå stort opp at Tron Øgrim spytta etter Bernt Hagtvet på hagefesten til Aschehoug? Det får ein til å tenkje på fotball-VM i Frankrike i 1998, då Erik Mykland og Henning Berg ein frikveld på byen vart observerte på nattklubb. Der vanka også norske sportsjournalistar, det vart oppslag i avisene, og resten er baluba. Eit trulaust pressekorps, som i praksis er «embedded» i den norske landslagstroppen i store internasjonale meisterskap, tysta på to spelarar. For tilfellet Erik Mykland var det ein av dropane som fekk det til å renne over for idrettstoppane. Etter boka han skreiv seinare, vart Noregs beste fotballspelar i praksis lyst i bann av Børge Stensbøl, og kan for tida berre bli seriemeister i Danmark.
Medievitaren Knut Helland er innom episoden i boka Sport, medier og journalistikk. Han fortel at det mest påfallande i Berg/Mykland-saka i Frankrike er at ingen av journalistane som var til stades nokon gong har bekrefta eller avkrefta om fotballspelarane drakk alkohol. I etterkant sa ein BT-journalist til Dagens Næringsliv: «Det er vanskelig å si hva Myggen og Berg drakk, og hva klokken var, vi hadde mer enn nok med å holde styr på oss selv.»
Hagefest-journalistikken er ein avleggjar av premiere-journalistikken, der vi får vite kven premiereløvene kjem saman med, og at dei gler seg til førestellinga. I den litterære hagefestens tidlege fase gjeld det for journalisten å gruppere eit knippe kjendisar så det kan bli ein høveleg illustrasjon til ein fullstendig inkjeseiande tekst. Det er fort gjort og fort levert, så journalistane rekk å bli med på festen etterpå. Frå då av reknar alle med at om noko pikant hender, blir det mellom oss. Vi har nok med å halde styr på oss sjølve.
I denne labile fasen er det at ein geskjeftig tidlegare Syn og Segn-redaktør vil hale Tron Øgrim med på forsoning med Bernt Hagtvet. Det kan sjølvsagt aldri gå bra. Om Øgrims reaksjon kan kallast spytting, er det delte meiningar om, men Hagtvet ville han ikkje ta i. Den forsmådde meklaren breier seg for Klassekampens skup-journalist, og heller ikkje Hag-tvet har vett til å teie. Eit bortgøymt oppslag i Dagbladet er ingenting mot Klassekampens heilside under tittelen Hat på hagefest.
Målt med alle mål er det naturlegvis botnen av journalistikk. Men den som slo seg til ro i vona om at saka snart var gløymd, fekk ei ny påminning då redaktøren i Klassekampen nokre dagar seinare forfremma henne til politisk kommentarplass. «Om det ikke er verdens største sak, illustrerer den i hvert fall hvor intenst aktørene i denne debatten misliker hverandre.» Om det står strid om den faktiske hendinga, der Øgrim hevdar han berre spytta i bakken, har «tre kilder sett spyttet havne på Hagtvets sko», og: «Det som for øvrig ikke er kommet fram, er at det fra kretsen rundt Hagtvet etter spytteepisoden ble ropt høyt etter gjerningsmannen: Skyt ham!» Du store tid!
Redaktøren bakar episoden inn i ein djupt alvorleg kommentar om at «i stedet for å leve med innestengt aggresjon bør man kanskje søke utløp for sitt engasjement i den offentlige debatten». I ordskiftet etter Hagtvets store anklage mot ml-rørsla har Tron Øgrim nemleg vore tagal. Kan hende er det dumt av ml-rørslas far, men med desto større forvissing kunne ein vite at eit patetisk forsoningsforsøk i den labile fasen av ein fuktig hagefest, verken hadde tida eller staden med seg. Å verne personar mot seg sjølve er det beste rådet i ver varsam-plakaten. Å blåse det opp er å fordumme ein debatt som trass i sterke kjensler for det meste har halde seg på det edruelege planet.
Mindre enn dei fleste har eg grunn til ta parti for nokon i denne saka. Den no politiske sfinxen Øgrim var bakmannen i AKP-massakren mot Klassekampen og mot min siste redaktør for snart seks år sidan. Såpa om hagefesten hadde vore for lita til å bry seg om, om ikkje Klassekampens redaktør ein dag på leiarplass hadde gått til åtak på Dag og Tid, for måten vi har følgt opp «ml-debatten» på. Dette svarar redaktøren vår på her i avisa. Fordi vi har følgt opp med eit kritisk søkjelys på den breie politiske Mao-dyrkinga på syttitalet, meiner Klassekampen at vi er med på «å befeste den borgerlige myten om at den eneste sanne samfunnsorden er den nåværende liberal-kapitalistiske med George W. Bush som prinsipal.»!!!
Klassekampen har hatt suksess med å bli «venstresidas dagsavis». I hagefest-såpa viser avisa den same schizofrenien som Dagbladet, som forlengst har forskreva seg mellom det kulturelle og det tabloide. Klassekampen er for viktig til slikt tøv. Avisa får kjeft for ei for sterk akademisering av profilen, ein profil som ironisk nok er mange gonger meir intellektuell enn den som fekk AKP til å gå berserk i mi tid. Eg tykkjer det er verre at redaktøren oppfører seg som venstresidas øvsteprest ein dommar over kven som høyrer heime i det gode selskapet. Å vere avis for venstresida er ikkje det same som å vere venstresidas kommissær.
|