Dag og Tid nr 36, laurdag 6. september 2003


Leiar:
Forlag mot nynorsk

Ingen av dei ca 30 tilsette i litterær avdeling i Cappelen skriv nynorsk. Ingen av dei tilsette i Gyldendal heller. I Aschehougs litterære avdeling finn du to nynorskingar. Ser du på heile forlagsbransjen vil eg våga påstanden at det ser like dårleg ut.

Kva dette har å seia for velvilje for nynorsken i forlaga, kan ein berre spekulera i. Ein kan starta med å sjå på talet på nynorskbøker i dei same forlaga. Ser ein vekk ifrå skjønnlitteraturen, som fell inn under innkjøpsordninga, er det ikkje mange bøkene som kjem ut på nynorsk. På Aschehoug kjem det i 2003 ut null – det er jo om ikkje anna ei konsekvent line. Den same lina legg Cappelen seg på – null. Gyldendal har éi bok. Ein ringjerunde til dei andre forlaga viser at situasjonen stort sett er den same. Kanskje med Spartacus som eit godt unntak frå regelen?

Motviljen mot nynorsken i forlagsbransjen er utbreidd. Ikkje først og fremst på grunn av motvilje mot språket i seg sjølv. – Men vi elskar nynorsk, som ei sa det, som orsaking for at ho ikkje fann ei einaste nynorskbok på listene sine. Grunnen er truleg enkel: forlagsfolk meiner at bøker på nynorsk sel mindre enn bøker på bokmål. Om dei har god dokumentasjon på det eller ei, så er det slik – punktum og vekk med dei.

Difor er det bra at Regjeringa i Kulturmeldinga vil gje auka støtte til Samlaget. Samlaget får i dag 6,5 millionar i støtte. Det er halvparten av det Klassekampen får til si drift og knapt noko i høve til Dagsavisen sine 42 millionar. Sjølvsagt skulle ein sett at det ikkje var naudsynt. Det beste for nynorsken ville vore at bøker på nynorsk kom ut på alle forlag – like naturleg som bøker på bokmål. Med det ansvaret vil ikkje dei andre forlaget ta på seg. Utan eit sterkt Samlaget, kjem nynorsken i realiteten til å forsvinna frå hyllene i bokhandlarane.
Svein Gjerdåker

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |