Dag og Tid nr 36, laurdag 6. september 2003
Klok på bok:
Aktuell poet
«Endeleg ei ny og glimrande barnebok i konkurransen: Pitbull-Terje går amok av bodøværingen Endre Lund Eriksen. Skildringa av den tøffe gutegjengen som mobbar alle som er annleis, men ikkje minst den humoristiske og dobbeltbotna skildringa av mora sin angst, gjer dette til ei stor leseoppleving også for vaksne», skriv han Gunnar Hagen frå Andfiskå. Gratulerer med sigeren!
«Hei Paula! No er eg spent på om du får mange svar på denne oppgåva. Er ikkje så sikker på om folk er oppdaterte på barnelitteraturen eller har dei fått med seg at Endre Lund Eriksen fekk gode meldingar for Pitbull-Terje går amok? Boka skal visst filmas òg. Eg syntest boka var fin; særleg fortalde forfattaren om angstproblema til mora på ein kvardagsleg og usentimental måte. Mobbing er òg eit viktig tema i boka. Alvorlege emne dette. Likevel er boka full av humor. Godt gjort!», skriv ho Kirsti Bremer Fjær i Oslo.
«God bokhaust til deg, Pitbull-Paula. Endre Lund Eriksens Pitbull-Terje går amok er svaret denne gangen. Jeg leste den i et jafs og bjeffet om den til alle vennene mine, selv om jeg vanligvis ikke liker hunder. Mødre med angst, derimot. Og ekle liksomkompiser. Og fedre som er moderate (?) periodealkoholikere. Og vennskap. Bra bok, faktisk så bra at jeg angrer på at jeg har lest den. Hvis jeg ikke hadde gjort det, hadde jeg hatt noe å glede meg til», skriv ho Hilde Matre Larsen i Oslo.
«Kjære Paula, nå er oppgavene blitt for lette. Til og med ein realist-bibliotekar som eg forstår at dette skal vera Endre Lund Eriksens Pitbull-Terje går amok. Nordlys presterte forresten å døypa guten om til Endré her om dagen. Det var på framsida til laurdagsbilaget, så då høver det seg med litt ekstra strekar hist og pist... Pitbull-Terje går, som du òg skriv, for å vera debutboka hans. Men to år før det debuterte han med radiodramaet Strandet i paradis. Utgjevar? Solum, sjølsagt! Eg les for tida Svalbards fugler og pattedyr på senga kan anbefalast», helsar han Ivar Stokkeland frå Tromsø.
«Pitbull-Terje går amok var Endre Lund Eriksen si debutbok på bokmål. I år kom boka Ingen kan stoppe meg no på eit nynorsk som ligg så nært opp til Bodø-dialekten som mulig. Bokmeldar i Morgenbladet, Olaug Nilssen, seier det slik: Ein kan nesten høyre dialekten når ein les, og det er gledeleg at forfattaren har fått til å bruke nynorsk på ein slik måte», skriv ho Tone Magnussen i Bodø.
«Hei! Rett på sak: Pitbull-Terje går amok av Endre Lund Eriksen er svar på Kpb 628. Dette er ein såkalla ungdomsroman som handlar om Jim på 12 og hans tidvis angstfulle mor ja og så den nye guten i klassen, han som Jim kallar gal», helsar Skeisebibliotekarane i Lask, som truleg ser fram til ein kald haust, så dei kan knyte på seg skeisene fortare enn sprint. Ha litt medynk med oss som likar øvste delen av gradestokken best!
Ho Torill Strøm på Myre skriv at ho måtte ha hjelp frå ho Monika på biblioteket: «Men no har eg både lese boka og lese veldig mykje bra om forfattaren. Han har jo fått Kulturdepartementets barnebokpris, og boka er gitt ut i fleire land og som lydbok, og kanskje blir det film. Og så er han jo Bodøgutt og bosatt i Tromsø, så eg skjems over ikkje å ha hørt om han før. Siste boka hans som kom ut no i august må eg visst òg lese, så mange godord som står i avisene.»
«Halloi Paula, jau katalogan over årets bøker e god å ha, men det e litte arbeidssamt å bla ti dæm. Æ bladd ætte tittel med hoijnn, føst i 2000-utgaven, så i 2001 å så te sluijtt faijnn æ nå med en pitbull i 2002-utgaven. Å det va ijnnertier, fer det va boka Pitbull-Terje går amok, skrevve tån Endre Lund Eriksen. Haijnn Pitbull-Terje va en tøff type, haijnn byijnnt i klassen hass Jim å det føste haijnn sa va at dæm skoijll vårrå vænna eijllers så bankan oppn. Så livet kaijnn vårrå hardt somtid. Litt vanskeli oppgave, men arti nårn får det te! (Men kolles han voinne å skriv så mang nynorsk-bøker ætte år 2002)», undrar han Kaare Stegavik i Trondheim.
Klok på bok 630
O væk mig imorgen, du blanke Sol,
for Lina er tidlig paafode.
Hun gaar med sin Rive paa Engen ud,
en Særk og et Skørt er den Piges Skrud,
men øjet er blaat som den blaa Viol
og kruset og bart hendes Hode.
De Fodspor i Duggen gir god Besked,
jeg følger dem like til Grinden,
Godmorgen, min Pige, idag som igaar!
Saa herrensvelsignet du ler der du staar!
Da lyder en Kalden. Hun ryger afsted,
men kysser mig gærne forinden.
Jeg takker dig, Lina, for alt jeg fik
hver Morgen med Sol i Østen.
Vel maate du bort naar den Kalden lød,
for, Lina, det var jo din Kærest du snød.
Men mig gav du Lov med dit første Nik
med ham staar du Brud til Høsten.
Denne forfattaren har hatt skriveria sine på trykk i denne spalta mange gonger, men eg håper det er første gongen dette diktet som òg er tonesett, er gitt som oppgåve. Kven vil eg fram til? Send vakre verb til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22414210 innan 12. september.
Paula på posta
|