Dag og Tid nr 36, laurdag 6. september 2003


Bøker:
Nynorskelskar møter veggen
«Jeg er en nynorsk terrorist», seier forteljaren i romanen Nord-vegen innleiingsvis. Nynorskforfattar Hermann Starheimsæter skriv om eit språkpolitisk oppgjer – på bokmål.
Tiril Rem
tiril@dagogtid.no

Vi møter femtiåringen Claus Hjelle som held på å bli frisk att etter nervesamanbrotet han fekk då den kulturkonservative avisa Bygdi vart nedlagd. Psykologen oppmodar han om å skrive ned livshistoria si. Parallelt arbeider han med eit anna manuskript: Historia om det nynorske språket.

Hermann Starheimsæter ynskjer å seie noko om kor djupt språket sit i eit menneske.

– Eg vil vise kor mykje språket har å seie. Ikkje berre som skrivereiskap, men heilt inn i det inste laget av psyken. Inn i erkjenningslaget, nærast som noko religiøst.

– Som ein parallell til forteljaren som blir frelst som ung?

– Han treng ei forklaringsramme rundt livet sitt, slik som Arne Garborg gjorde. Då Garborg miste religionen, måtte han ha noko anna. Målsaka tok over.

– Har den nynorske tradisjonen lettare for å bli eit slikt livsprosjekt enn bokmålstradisjonen?

– Nei, det trur eg gjeld språk generelt. Riksmålsrørsla på 1950-talet er av dei største folkerørslene vi har hatt. Ein skal vere varsam med å tukle med språk på ein overflatisk måte. I arbeidet med denne boka oppdaga eg kvifor eg er forfattar. Språk er eit utømmeleg emne å arbeide med.

Nynorsk terrorist

Innimellom breva som forteljaren skriv til psykologen, kjem korte biografiar over viktige personar i målsoga som Ivar Aasen, Aasmund O. Vinje, Olaus J. Fjørtoft, Knud Knudsen og Arne Garborg.

– Det var ei utforsking av mitt eige skriftliv. Sjølv om eg har skrive nynorsk i alle år, har eg aldri sett meg så grundig inn i historia. Forteljaren skriv til ein utlending – psykologen er tysk – og går difor grundig til verks.

Innleiingsvis seier forteljaren at han er ein nynorsk terrorist.

– Forteljaren er ikkje påliteleg, men han kjenner seg som ein terrorist. Han går i si eiga oppheta verd. Mykje skjer berre i hovudet hans. Han er ein slags Don Quijote-figur.

– Kvifor vel han som har vore aktiv målmann, å skrive bokmål?

– Romanen er ikkje eintydig. Han utforskar eit felt og stiller spørsmål. Men enkle løysingar som terroristar kjem med, til dømes bomber, ligg fjernt frå skjønnlitteraturen. Men det er ei klar utforsking av språkfeltet i Noreg, som vel gir fleire spørsmål enn svar.

Bokmålsdebut

Hermann Starheimsæter har skrive fleire diktsamlingar og romanar, alle på nynorsk. Nord-vegen er den første romanen på bokmål. Han kan førebels ikkje seie om han kjem til å skrive fleire bøker i denne målforma.

– Hadde nokon sagt for nokre år sidan at eg kom til å skrive ein roman på bokmål, hadde eg ledd rått. Men i dette prosjektet måtte eg ha den distansen som bokmålet gir. Eg trur ikkje at eg hadde klart å reflektere over dette på nynorsk. Det hadde blitt eit heilt anna bokprosjekt. Eit anna trekk som skil denne romanen frå dei eg har skrive før, er fråtsinga i abstrakte omgrep. Dei andre bøkene har vore meir konkrete: gjenstandsprosa. Her er det lengre, episke strekk. Ideelt sett skulle eg ha skrive denne boka på engelsk for å få stor nok distanse.

Forteljaren seier om journalistar at dei lir av telefonskrekk, angst for skrivne ord og opne rom.

– Ein kan ikkje seie noko generelt om journalistar. Forteljaren skriv to manus samstundes som glir over i kvarandre. Han har lese ein del psykologi og vil gjerne vise terapeuten kva han kan. Stikkordet er kompensasjon. Han peikar på at Aasen og Vinje kompenserte for det skeive i barndommane sine. Kompensasjon og overkompensasjon er viktig, at ein blir flinkast i det ein var dårlegast i. Forteljaren kompenserer òg for den nervøse barndommen sin gjennom journalistikken. Då han som liten endeleg skulle få kome inn på skulebiblioteket, vart han frykteleg nervøs. Det er i god freudiansk ånd å vere mest redd for det ein har mest lyst til.

Målrørslekritikk

Forfattaren er samd i at Nordvegen kan lesast som ein kritikk av målrørsla, og peikar på to ting.

– Ivar Aasen konstruerte eit nasjonalt skriftspråk basert på dialektar frå eitt og eit halvt vestlandsfylke – mest frå indre Sogn, Voss og Hardanger. Dette spinkle eller skeive utgangspunktet har fleire prøvd å flikke på med vekslande hell. Samnorskforkjemparane i mellomkrigstida som ikkje var språkekspertar, tukla og
herja med språket, og laga ein god del røre som eg ikkje skjønar mykje av. Desse oppfatningane deler eg.

Gula-parallell

I romanen byrjar forteljaren som journalist i nynorskavisa Bygdi etter mange år som lærar. Parallellen til Gula Tidend i Bergen er påfallande. Hermann Starheimsæter arbeidde sjølv i den avisa på 1980-talet.– Redaksjonslokala som er skildra, stemmer med dei til Gula Tidend. Ein del situasjonar er typiske, men eg trur ikkje at nokon kjenner seg uthengde. Det er dikting. Det er ljug.

Det toppa seg for forteljaren då Bygdi gjekk inn. Då datt alt frå kvarandre.

– Avisa sovna stille inn. Ho hadde hatt si tid.

– Kva trur du om framtida til Dag og Tid?

– De har eit heilt anna publikum, men eg er uroa for stillinga til nynorsken her eg bur – midt i nynorskland – i Sykkylven. Då eg budde i Bergen, hadde eg nynorsken tettare i ryggen. Der var det ei nynorsk avis, nynorske personlegdomar og forfattarar. På Sunnmøre brukar ikkje næringslivet nynorsk. Det er berre dei stakkars lærarane som skal halde liv i nynorsken. I nynorskkrinsar ser eg ein lengt etter at nynorsk skal smelte saman med bokmål.

– Då eg arbeidde i Gula Tidend, brukte vi ei distanseringsform. Vi bruke aldri ord som ikkje stod i ordlista, men i dag ser journalistar og forfattarar større på det. Snart er det berre skuleelevane som må følgje ordboka. Eg er spent på kor lenge ein orkar å halde oppe det nynorske apparatet. Ein kan gjere seg lystig over Gula Tidend, men ho hadde ein viktig funksjon som normeringsorgan på Vestlandet.

– Ynskjer du å setje i gang ein ny måldebatt?

– Nei, eg har ingen gode svar, men eg liknar såpass mykje på forteljaren i boka at eg ser på språket som viktig. Men ein må lytte til den språklege utviklinga. Eg kan ikkje skrive ein museumsroman. Eg må vere i mi tid.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |