Dag og Tid nr 36, laurdag 6. september 2003
Bøker:
Kikkarsjukt svermeri
Det er for mye Hamsun og for lite Kolloen i haustens store Hamsun-biografi.
Og den nye biografien verkar gammal.
BIOGRAFI
Ingar Sletten Kolloen:
Hamsun. Svermeren
Gyldendal norsk forlag 2003
Vi blir ikkje ferdige med Knut Hamsun. Vi veit at han var nazist og ein svinaktig far og ektemann, samtidig som han skreiv gode bøker. Etter Ingar Sletten Kolloens nye biografi om Hamsun veit vi alt dette ein gong til. Krongrepa som Kolloen nyttar seg av for å fri seg frå å dra den konklusjonen eg dreg over, er ein utstrekt sitatbruk og framvising av Hamsun, heller enn forteljing og fortolking av Hamsun.
Biografien om Knut Hamsun heiter Hamsun. Svermeren og har blitt ein mastodont på 498 sider. Noteapparat, kjelde- og litteraturoversikt og person- og verkregister utgjer nesten 50 sider aleine. Boka er delt inn i fem delar som frå og med nummer ein til fem heiter: Vinter, Vår, Sommer, Høst, Vinter. Alle fem delane har fleire underkapittel med eigne titlar, som «Før jernnettene», «Som et jordskred» og «Syk mor», bare for å ha nemnt dei tre første kapitla i den første delen. I tillegg til dei fem hovudbolkane, har boka eit forord og eit etterord der det blir gjort greie for noen av arbeidsprinsippa som ligg til grunn for bokprosjektet. Og det er i grunnen eit nokså spesielt prosjekt. Den opphavlege ideen om å lage ein Hamsun-biografi blei utvida til eit omfattande forskings- og skriveprosjekt der psykiater Sigmund Karterud og litteraturforskarane Harald S. Næss og Lars Frode Larsen har vore
med. Men som om ikkje det var nok, får Bernt Hagtvet, Atle Kittang, Jan E. Hansen og mange fleire spesiell takk i forordet for å ha bidratt til biografien på verdifullt vis. For å svare på dette gruppearbeidet, skulle ein kanskje ha sett saman ei kritikargruppe som kunne lage ein kritikk av biografien. Men formuleringane og det endelege resultatet av biografien er det Ingar Sletten Kolloen som står for. Denne første av to bøker følgjer Hamsun frå fødselen og fram til 1926 etter at han har fått Nobelprisen i litteratur.
Lågjournalistikk
Biografiar på sitt verste har ei lågjournalistisk kikkarsjuke ved seg som bare kan måle seg med lågjournalistiske aviser. Kolloens biografi inneheld det meste av det ein grafsande og dømmesjuk journalist kan ønskje seg. Private brev og intime rapportar. Side-sprang og fyll. Eg blir litt flau av og til, og eg synest det er pinleg. Men som vi har sett i avisene, har noen av desse historiene nettopp vore grafsande interessante å skrive om for kikkarsjuke journalistar før kritikken tok til med å skrive om boka. Og dess meir privat- og grafsevennleg stoff det er i ein biografi, dess fleire avisoppslag og større boksal blir det. Sånn har dei vel tenkt i Gyldendal.
Eg vil ikkje slå inn opne dører og seie at biografisjangeren er einsidig og subjektiv, og derfor samtidig er løgnaktig og verdilaus. Langt derifrå. Eg vi seie det slik at dess klarare biografien er subjektiv, dess meir verdi får han. Dess meir Kolloen hevdar seg i forhold til kjeldene sine, dess betre biografi skriv han. Men Kolloen har ei svak forteljarstemme som nesten ikkje diskuterer med kjeldene sine. Boka har eit omfattande noteapparat der Kolloen er nøye med å fortelje om kvar dei ulike synspunkta og sitata er henta frå, og noen gonger tilkjennegir han også kva for kjelde blant fleire han sjølv har lagt mest vekt på. Det synest eg er litt lettvint, for ved å kvitte seg med problemstillingane i stutte notar, unngår Kolloen å drøfte og gruble over dei ulike synspunkta. Ei slik drøfting ville gjort teksten hans langt meir truverdig enn den forteljande og framvisande forteljarstemma Kolloen har
valt. Eg saknar drøftingar og problematiseringar av kjeldematerialet, og i forlenginga av det saknar eg fortolkingar av Knut Hamsuns liv og virke, særleg hans virke, altså bøkene hans, om eg må få nemne det.
Allvitande forteljar
Kolloen tar atterhald og tilkjennegir at hans bruk av ein allvitande forteljar i denne biografien bare er eit spel eller litterært grep. Atterhaldet blir presentert i etterordet; i sjølve brødteksten viser Kolloen aldri distanse eller tvil på si allvitande forteljarstemme. Dermed blir han ein rar og gammaldags forteljar som aldri sår tvil om sin allvitande posisjon. Kolloen har noen merkelege meiningar om sanningssøkjande sjangrar i etterordet. Her påstår han nemleg at ingen sjanger er så sanningssøkjande som biografien. Og med det synet på eigen praksis og sjanger styrkjer han si allvitande forteljarstemme.
I ei åtvaring til lesaren minner han om at biografien er subjektiv og ikkje fortel den heile og fulle sanninga fordi menneskelivet er rikare enn ord og bla bla bla. Eg skriv bla bla bla fordi eg ikkje synest det er viktigare. Dette med subjektiviteten er sjølvsagde greier, og Kolloen skulle ikkje tvile på det. Eg er redd denne tvilen er medverkande årsak til at Kolloens biografi bare er blitt open og inviterande, og ikkje forteljande og fortolkande. Kolloen viser fram Hamsun, og denne nokså gjennomførde «showing» i staden for «telling», gjer at det er eg og andre lesarar som må dra dei konklusjonane Kolloen ikkje dreg.
Ja, biografien er kikkarsjuk. Han liknar avisene med sitt småpludder og sine intrigante avsløringar av personlege forhold. Ingar Slettan Kolloen har funne nye brev etter Hamsun, herfrå hentar han sitat som ikkje er meir lausrivne enn at dei til saman viser nobelforfattarens slette, naive, strategiske og lunefulle natur. Alt verkar så ope og tilforlateleg gjort, så tilsynelatande objektivt. Kolloen siterer jo bare. Han har sjølvsagt valt ut sitata, og det gjer han då merksam på. Hans sitatutval har ei retning, og dei er sjølvsagt tendensiøse og inngår i det bildet av Hamsun som Kolloen ønskjer å formidle. Andre sitat kunne kanskje ført i andre retningar og gitt eit anna bilde av Hamsun. Alt i alt er den utstrekte sitatbruken eit sjuskete, tilslørande og feigt grep Kolloen nyttar seg av for at lesaren sjølv skal dra dei slutningane Kolloen verken vil formulere sjølv eller diskutere. På sidemålet kan vi kalle dette for «antydningens kunst». Kolloen vil ikkje seie beint fram korleis
Hamsun var. Han bare viser det med sine sitat. Og innimellom kjem noen retoriske hjartesukk-spørsmål som frir Kolloen frå å ta klare standpunkt, for det retoriske hjartesukk-spørsmålet er tvitydig og lesarinkluderande. Den typen spørsmål er der for å involvere lesaren i teksten. Ansvarsdeling mellom forfattar og lesar, kan vi kalle det. Eller ansvarsfråskriving av forfattaren. Grepet har med den opne skrivemåten å gjere, der lesaren skal gå inn og oppleve Hamsuns biografi og vesen heller enn å bli fortald om hans biografi og vesen. Eg synest dette er ein problematisk skrivemåte.
Snørr og tårer
Her er eit døme på den allvitande snørr-og-tåre- forteljarstemma til Kolloen: «Ingen kan gråte så sårt som han i søskenflokken, det er som om gråten rives løs i strimler dypt inni ham. Og han holder fram med sine vidløftige utflukter, for plutselig å tverrsnu og skynde seg alt han makter, tilbake til moren. Han faller imellom. For stor for de to lillesøstrene (...) for liten for storebrødrene.» Eg forstår ikkje denne måten å fiksjonalisere Hamsun på. Kvifor kan ikkje biografien nytte seg av ei nøktern essay- eller artikkelstemme, kvifor må han ta på seg denne allvitande vekebladnovelle-forteljar-stemma? Går det ikkje an å skape ei nær og god historie med ei klar og tydeleg sakprosastemme som fortel og drøftar og grublar utan å gjere seg til på vekebladnovelle-vis? Eg forstår ikkje kvifor barndommen til Hamsun må bli mystifisert
og underleggjord på det viset som Kolloen gjer, til dømes når Kolloen blir barnebok-vekeblad-novelle-forteljar når han fortel om Hamsuns leik med ord, og om mora hans som blir sjuk og mistar taleevna: «Var det nå han begynte å lete etter ord, ordene moren ikke fant», spør Kolloen patetisk-retorisk. Det er ikkje rart ein biografi blir 498 sider når forfattaren tek seg tid til denne typen vage og klisne formuleringar. Det må da gå an skrive prosaisk om slikt, utan å forunderleggjere inntil det vekebladaktige?
Naive lesarar
Kolloens måte å fortelje på føreset ein naiv lesar som er vennleg nok til å seie jatakk til at Kolloen liksom diktar seg inn i hovudet til Knut Hamsun for å fortelje i det vide og breie. Men er det nødvendig å blåse seg opp og romantisere, mystifisere eller kva det nå skal kallast når Kolloen med jamne mellomrom skal peike på at Hamsun ikkje fekk fred for orda som luska omkring inni han og venta på å velle fram til stor litteratur, sånn som til dømes på side 79: «Slik som han hadde skremt opp Åsne de første nettene han bodde hos dem, ved å tenne lys midt på natta, finne fram papir og penn og prate halvhøyt med seg selv og le eller småynke seg mens han skrev. Om kveldene eller på søndagene kunne han plutselig springe opp fra bordet, fordi noen ord dirret foran ham i luften, eller han kunne gripe seg om hodet og rope at han måtte lokke dem ut. Og det
måtte skje straks. Akkurat nå!» Går det ikkje an å skrive nøkternt, kaldt og greitt om slike saker, i ein dempa prosa som vil formidle fakta og fortolkingar? Eg synest dette er ein underleg og flau skrivemåte. Og Hamsun framstår som meir og mindre idiot i eit slikt avsnitt, synest eg: «(...) fordi noen ord dirret foran ham i luften, eller han kunne gripe seg om hodet og rope at han måtte lokke dem ut.» Høyrt slikt vas. For meg er det 100 prosent utruverdig. På meg verkar det heilt vekeblad å skulle overdrive og underleggjere at diktaren stadig går med idear til bok, ja, det er nok å fastslå at ein diktar, og særleg ein idérik ein som Hamsun, stadig grublar på ein start eller ei avslutning av ein eller annan tekst. Det er ikkje meir mystisk enn det. Og ein treng ikkje vere idiot for det. Tvert imot. Tenk så mange ark Kolloen kunne spart seg viss han bare kunne slå fast
slikt på enklaste
vis.
Nå skal det også seiast at i tillegg til å få friska opp sitt syn på Hamsun som koneplagar, patriark, komande nazist og i det heile tatt lunefull, så framstår Hamsun hos Kolloen som meir eller mindre idiot. Det verkar i grunnen pussig at ein mann som Kolloens Knut Hamsun i det heile tatt har hatt forstand til å skrive ei einaste bok. Eg trur Kolloen har tatt Hamsuns program om å skrive med nervane altfor bokstavleg. Midt oppi alt vas og hypokondri har Knut Hamsun hatt ei blanding av suveren intuisjon og kløkt som ikkje kjem særleg fram hos Kolloen. Hos Kolloen framstår Hamsuns suksess som tilfeldig, nesten som eit bønnesvar frå Hamsuns «benpiper».
Verda er full av stoff, om Hamsun og mye anna. Ein roman, ei novelle eller ein biografi om Hamsun ville eg føretrekkje var ei oppsamling, innbunting, konkretisering av dette viltflytande stoffet. Eg forventar at romanen, novella eller biografien skal ha gjort om råmaterialet sitt verda, stoffet, kjeldene til ei form eg kan sjå dette stoffet, denne verda og desse kjeldene gjennom. Eg opplever at alt materialet som finst om Knut Hamsun flyt omkring i biografien til Ingar Sletten Kolloen utan at Kolloen har vore i stand til å skjere igjennom og lage sin eigen biografi, si eiga tolking av mannen og det mannen dreiv med. Og når det endeleg skulle bli gitt ut ein ny biografi om Knut Hamsun, ville eg synest det var naturleg at nyare litteraturvitskaplege tilnærmingsmåtar blei meir utnytta, vurderte og drøfta i denne nye biografien: «Jeg har i liten grad gått inn i de litterære verkene. For Knut Hamsuns diktning
analyseres og kommenteres av stadig nye generasjoner dyktige litteraturforskere.» Av dette kan vi lære at ein verken treng bokanalysar eller nyare litteraturvitskap for å skrive nyare biografiar om forfattarar som stort sett sysla med å skrive bøker.
Det er for mye Hamsun og for lite Kolloen i denne biografien. Den store diktaren slepp altfor ofte til med ting han har skrive og sagt, og den forteljande, fortolkande, samanfattande forteljar-røysta til Kolloen er svak. Forteljarstemma, som Kolloen sjølv kallar allvitande, er ein tilbaketrekt regissør som speler Hamsun-sitat ut mot Hamsun-sitat (og andre kjelder, sjølvsagt, mellom anna frå brevskrivarar som kona, forlagskontaktane til Hamsun, dottera og så vidare). Og når Kolloen sjølv er frampå, er det for å dikte vidare i stil og stemning frå brev og gamle Hamsun-mytar. Eg synest det er for vagt. Eg saknar ein sterk forteljar som kunne fortolke og samanfatte langt meir enn det Kolloen gjer. Kolloen har funne mange nye kjelder om Hamsun, men så langt eg kan sjå, har ikkje det resultert i ei historie om Hamsun som endrar vårt syn på Hamsun og hans tid i forhold til tidlegare biografiar om han. Det
kan sjå ut som om vi bare har fått enda ein Hamsun-biografi, bare enda meir detaljert, men utan at detaljane verkar viktige. Dessverre nyttar han seg heller ikkje av nyare litteraturvitskapleg forsking om Knut Hamsun, og saman med Kolloens gammalmannsaktige språkføring og smusslitterære eller overstrøymande forteljarstemme har nok det bidratt til å gi biografien eit gammaldags preg. Den nye biografien er ikkje ny.
Atle Christiansen
|