Dag og Tid nr 35, laurdag 30. august 2003


Hstorie:
Kommunismens svarte bok
Standardverket om dei kommunistiske ugjerningane i det 20. hundreåret er knapt kjent i Noreg.
Svein Gjerdåker
svein@dagogtid.no

Den franske boka Kommunismens svarte bok. Brotsverk, terror og undertrykking, redigert av Stéphane Courtois, er vorte eit internasjonalt standardverk om brotsverka gjorde i kommunismen sitt namn. Her heime er boka knapt kjend. Boka er omsett til fleire språk, mellom andre til engelsk, tysk, svensk og i fjor til dansk. Men ikkje til norsk. Boka er ikkje ein del av norsk referanselitteratur. Sett bort frå Aftenposten, Dagens Næringsliv og eit par andre aviser – og tidsskriftet Agora – er boka knapt omtala. For ikkje å snakka om grundige meldingar. Korkje Historisk tidsskrift, Samtiden, Nytt Norsk Tidsskift eller Syn og Segn har meldt boka. Ein ringjerunde i sommar til fem store fag- og universitetsbokhandlarar gav ikkje eitt treff. Også få bibliotek har kjøpt inn boka.

100 millionar daude

Boka er på nærare 1000 sider og går grundig gjennom brotsverka i Sovjet, Aust-Europa, Asia, Afrika og Latin-Amerika – frå den russiske revolusjonen i 1917 til Afghanistan på 1980-talet. Den marxistisk-kommunistiske ideologien og utopien har ført til døden for nærare 100 millionar menneske. På 1990-talet vart tidlegare lukka arkiv tilgjengelege slik at ein i dag har ei langt større innsikt i kva som gjekk føre seg i mange av dei kommunistiske landa.

Mange av forfattarane i boka har tidlegare «ikkje vore framande for kommunismens fascinasjon» som det står i føreordet. Eit av føremåla med boka er «å unngå at ei stadig meir nærverande ekstrem høgrefløy får eineretten til å seia sanninga». Boka framhevar den leninistiske ideologien som motoren i den kommunistiske terroren. Kommunistane meinte å sitja med ei vitskapeleg sanning om samfunnet, henta frå det marxistiske historie- og vitskapssynet, som gav dei retten til å gjennomføra proletariatets diktatur ved hjelp av terror og vedvarande undertrykking av alle klassefiendar – som til slutt skulle skapa det perfekte samfunnet og det nye mennesket.

Viktig bok

Boka kom til under uheldige omstende, seier direktør ved Holocaust-senteret, Odd-Bjørn Fure.

– Boka vart publisert under trussel om rettssak frå fleire av dei viktigaste bidragsytarane fordi innleiinga til redaktøren stod i strid med det som fleire av forfattarane hadde hevda. Det er ein klar kvalitetsskilnad mellom artiklane i boka og innleiinga. Innleiinga er diverre ei blanding mellom vitskap og ideologisk krosstog.

– Er det likevel ei viktig bok?

– Ja, ei av dei aller viktigaste bøkene som er komne dei siste 10 åra om massemord og folkemord i det 20. hundreåret. Eg vil i første rekkje uttala meg om Nicolas Werth som har levert eit heilt grunnleggjande arbeid om den terroristiske karakteren til sovjetsystemet. Det er første gong at dette er systematisk handsama gjennom heile historia til regimet. Sjølv om tala på drepne vert nedjustert noko i høve til andre studiar, så er skildringane av tilhøva rundt drapa av eit slikt slag at regimet kjem i eit enno dårlegare ljos enn tidlegare.

– Bør boka omsetjast til norsk?

– Ja, utan tvil.

– Du er også ny redaktør av Historisk tidsskrift. Kjem det ei melding av boka også der?

– Vi prøver å få til ei grundig melding.

På norsk?

I Danmark kom Kommunismens sorte bog ut i november 2002. Forlagsredaktør Kristian Harbo ved Høst & Søns Forlag opplyser at boka til no har selt knapt 4500 til 499 kroner stykket. 16. september kjem boka i paperback i eit opplag på 3000.

– Kvifor har ikkje Universitetsforlaget gjeve ut boka, forlagsredaktør Svein Skarheim?

– Vi har trudd at den svenske og danske utgåva ville gje boka nok merksemd i Noreg. Der har vi teke feil. Boka viser på nytt at skal utanlandske bøker få gjennomslag i den norske ålmenta, må dei omsetjast og lanserast på norsk.

– Så boka kan likevel koma ut på forlaget?
– Vi har ikkje konkrete planar om det, men debattane i sommar viser at boka absolutt bør koma ut i Noreg. Får vi naudsynt støtte, skal det ikkje stå på viljen.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |