Dag og Tid nr. 30, 26. juli 2003

Leiar:
Gleda over manndrap

George W. Bush «was pleased to learn» at Saddam-sønene Uday, Qusay og ein 15 år gamal soneson, mellom andre, endeleg er drepne av amerikanske soldatar. I norske medium heiter det at den amerikanske presidenten er «glad» for nyhendet om drapa. Slik usminka språkbruk er ny frå offisielle kjelder på eit slikt nivå. Skadefryd har fått vera eit privat og folkeleg uttrykk.

Her i bladstova gret me ikkje over dei daude sønene til Saddam Hussein. Me saknar i og for seg ikkje diplomatspråket heller. Men å kjenna glede over to skamfarne lik i ruinane av eit bustadhus, det greier me ikkje. «Lette» kan vera eit betre ord. At presidenten i USA har sterkare kjensler enn oss knytte til drapet på Saddam-sønene, er elles til å forstå. Det er over slike lik han må gå for å bli attvald. Bush påstår at Gud er med på ferda, medan han bryt det sjette bodet – med glede.

Aftenposten legg kabal med kortstokken til Bush, «37 av 55 kort satt ut av spill». Dagsavisen syner bilete av brørne som «Ondskapens to ansikter» og fyller ut med dikt og løgn om «den impotente skjørtejegeren» Uday, og Qusay («i regimets siste år kjente hans ambisjoner ingen grenser»). Slik blir to nye monster skapt. Kva Dagbladet og VG skriv, orkar me ikkje tenkja på.

Kriminolog Nils Christie fortel om Nürnberg-prosessane, at ei god kjensle av rettferd, altså hemn, blei skapt med å hengja nazi-kommandantane. «Men ved å drepe i Nürnberg, skjedde samtidig to andre ting: Man dempet behovet for å forklare. Dette er selvfølgelig den største fare ved eit monster. Monsteret er sin egen forklaring. Monsteret er det onde. Ved å drepe monsteret, er man kvitt det onde. Man kan gå videre med sitt liv om man har fått beholde det. Den annen fare ble særlig tydelig i Nürnberg. Galgene tok hele utsikten. Tre temaer ble fullstendig utelatt. Det var Dresden, Hiroshima og Nagasaki».
Johan Brox

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |