Dag og Tid nr. 30, 26. juli 2003

Roald Helgheim:
Demokratiets minstemål


Meir enn noko anna system er demokratiet avhengig av eit minstemål av ærlegdom. For tida lever det på nåden til ein leiar som aldri har vore brydd av seg sjølv, skriv Norman Mailer i nok eit glitrande essay om den amerikanske psyken, slik han tar seg ut i ei tid då leiarane strevar tyngre og tyngre med å forklare kvifor vi, altså USA, gjekk til krig, og framleis er i krig.

– Eller kva skal vi seie om ein mann som var to år i ein del av luftvåpenet som gjorde at han slapp å dra til Vietnam, og som lik mang ein annan bortskjemd son av ein rik og mektig far ikkje gjorde verneplikta si? Dei fleste av oss har episodar i livet som kan gjere oss skamfulle når vi tenkjer oss om. Det er eit teikn på mogning at vi ikkje prøver å profittere på våre tidlegare manglar, men i staden gjer det beste for å lære av dei. Bush derimot presterte å gjere seremonien for USAs siger i Irak 1. mai til eit fashion show. Denne døgnkloninga av «ærlege Abe» valde å komme på dekket til hangarskipet Abraham Lincoln i eit jetfly som kom inn til dramatisk landing, på eit skip som var godt innan rekkevidde for eit helikopter frå basen i San Diego. Men det hadde ikkje gitt han høve til å vise seg fram i dei rette regalia, til å vise kor godt han ber ei uniform han aldri har gjort ære på.

John F. Kennedy, ein krigshelt, var alltid i sivil som øvstkommanderande. Det var også Eisenhower som president. Bush, som kan hende kunne ha blitt ein brukbar fotomodell, valde full mundur med hjelm og uniform. Der var han klar for ein foto-session som endå ein blant dei store gutta. Lat oss håpe at demokratiet vårt vil overleve slike permante tilgrisarar av reiret.

Dette er grovt omsett slutten på Mailers siste essay «White Man Unburdened» i New York Review Of Books. Det forrige hadde tittelen «Only In America», som vart ein del av boka «Why Are We At War», som Pax nyleg gav ut på norsk. Den boka omfattar også eit større intervju gjort med Norman Mailer av Dotson Rader for Sunday Times Magazine, eit anna gjort av det konservative tidsskriftet The American Conservative, med tillegg og kommentarar. Boka er altså skriven før krigen faktisk braut ut, men det gjer henne ikkje mindre aktuell. Få kan på ein så presis måte dissekere psyken og mentaliteten som herskar i Guds utvalde land, som den no åtti år gamle forfattaren som nyleg også skreiv ein sjølvbiografi. Difor er han i slag, når han no, i «The White Man Unburdened», oppsummerer at spørsmålet ikkje er mindre brennande etter den falske soldaten Bushs sigerstale 1. mai.

Motiva bak ein nasjons historiske hendingar kan truleg ikkje overskride den åndelege forståinga hos leiarskapen, og mannen som er ved roret no, har som ein mogleg fremste legitimitet at han visste korleis han kunne gjere det bra med eit baseball-lag i Texas. Å leve med Bush i det ovale rommet er som å vere gift med ein ektefelle som alltid seier akkurat det du på førehand veit han eller ho vil seie, skriv Mailer.

Men om spørsmålet om kvifor vi gjekk til krig enno ikkje har fått eit gyldig svar, kva med det tyranniet vi fridde det irakiske folket frå? Kva med alle likposane vi har sett? Mailer peikar på at ingen har gjort eit poeng av at dei fleste drepne dei siste 12 åra er shia-muslimar i sør som har vore systematisk forfølgde sidan dei gjorde det opprøret Bush senior oppmoda dei til etter Golfkrigen. Men om dei ropar aldri så høgt frå gravene om at USA må ta ein del av ansvaret, kjem Washington aldri til å gjere det. Kva med gravene frå sytti- og åttiåra? På syttitalet drap Saddam kommunistar i hopetal, noko USA ikkje brydde seg det minste om. Så slakta han titusenvis i krigen mot Iran på ei tid då USA støtta han. «Ein horde av dei nyleg oppdaga gravene går attende til den perioden. Men verkelege drapsmenn ser sjølvsagt aldri tilbake», skriv Mailer.

Difor nyttar det ikkje å ettersynkronisere motiva for Irak-krigen. Dei verkelege motiva stakk djupare. Ropet på hemn etter nine-eleven vart ikkje tilfredsstilt av felttoget mot Afghanistan. Dessutan kom Enron-skandalen, skandalen i den katolske kyrkja og FBI-miseren som viste dårleg etterretning før terror-åtaka mot New York. Andre enn Mailer har peika på at Enron-skandalen og alle etterdønningane av den, viser eit større paradigmeskifte i USA enn terroråtaka. Enron var toppen på noko som viste at ròtenskapen og grådigheita var sett i system og hadde trådar langt inn i administrasjonen, og berrla eit samfunn i moralsk oppløysing. Nasjonen trong krigen som det Nietzsche ville ha kalla eit «renselsens bad». Mailer skriv at Washington visste det mange av oss ikkje visste, at landet hadde ei våpenmakt og eit soldatkorps ikkje berre av ypparste klasse, men som truleg har ein høgare moral og er mindre korrupt enn nokon annan maktbase i USA. Kven var meir høveleg som moralbyggjar enn dei? Det nasjonen trong, var ein krig. Yes, vi vil frigjere Irak!

Ein platt teori? Ikkje frå ein som sjølvsagt kjenner dei strategiske interessene, som ikkje undervurderer det han har kalla dei flaggkonservative sin misjon for å amerikanisere verda. Men tittelen «White Man Unburdened» spelar også på at om det er aldri så mange av mørk hudfarge som gjer krigens dritjobbar, er det djupast sett den kvite mannens felttog. Forfattaren som ein gong skreiv boka The White Negro veit at det er John Wayne som framleis sit ved roret. Klar til nye ritt for den gode, kristne, kvite mann.





© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |