Dag og Tid nr. 29, laurdag 19. juli 2003

Kultur:
Jazzgeneral i krigssone

MOLDE:For to år sidan tok nordlendingen Jan Ole Otnæs over jazzfestivalen i Molde. Hans andre festival hamna i ei politisk krigssone.
Roald Helgheim


Somme har slått om seg med slagordet «jazz for fred». Det gjorde også statsminister Kjell Magne Bondevik og støttespelarane hans, under eit statsbesøk der gamle Molde Stadion vart gjort om til fengsel for arresterte demonstrantar, som på eit stadion i Santiago for 30 år sidan. Vi møtte jazzgeneralen med tittelen dagleg leiar for Molde Internasjonale Jazzfestival, dessutan styreleiar i Norsk Jazzforum, mens det enno var stille før stormen.

– Sharonbesøket er ikkje festivalens sak, men Bondevik kunne knapt ha valt eit dårlegare tidspunkt for oss, seier Otnæs, som måtte omdirigere ein haug tilreisande artistar det døgnet politiet «i fredens namn» også stengde flyplassen og anna samferdsle. Til gjengjeld deltok både jazzpublikum og jazzmusikarar i fleng i demonstrasjonen og solidaritetskonserten onsdag.

– Jazzhistoria er også ei historie om opprør. Jazzmusikarar har alltid vore politiske bevisste, seier Jan Ole Otnæs (52), barnefødd i Mo i Rana, student i Oslo, sidan busett i Bodø, der han utanom å vere leiar for ein av Noregs beste jazzklubbar, Ad Lib, hadde jobb i fylkeskommunen.

Frå idrett til jazz

Festivalsjefjobben i Molde er hans første lønna jazzjobb. I Noreg er jazz dugnad, og 600 funksjonærar arbeider friviljug for Moldefestivalen kvart år.

– Kva var di første jazzerfaring?

– Eg høyrde eit jazzprogram i 1968 med Gary Burtons trio på Mongtreux-festivalen, eg høyrde plata Forest Flower med Charles Lloyd.

– Har du aldri vore musikar sjølv?

– Nei, eg var idrettsmann og hadde nordno
rske rekordar i symjing, seier Otnæs, som ko
m til Bodø i 1978, tok over jazzklubben Ad Lib 1979, og har ei smørbrødliste med verv i Norsk Jazzforum bak seg.

– I 1988 vart Ad Lib kåra til årets jazzklubb av norske jazzmusikarar, året etter at Oslo Jazzhus var den første. Som kvittering for prisen arrangerte vi konserten Åpent Øre. Det var her Jon Balke framførte det som skulle bli eit bestillingsverk til Vossa Jazz, og som utgjorde kimen til bandet Magnetic North, seier Otnæs.

Jon Balke er ikkje redd for å føre politisk klar tale, og tysdag framførde han antikrigsverket Games and Trickery i Molde med Trondheim Jazzorkester, som ein aktuell kommentar til Irak, før han var med på solidartetskonserten onsdag.

– Hadde du lyst på festivalleiarjobben?

– Då eg først fekk han, kjende eg at det var rett.

– Visste du kva du gjekk til?

– Eg har vore på Moldefestivalen sidan 1971 og har dei siste åra sete i programrådet. Det eg ikkje visste, var at eg skulle få eit underskot på to millionar frå festivalen før i fanget. Etter å ha jobba med ryggen mot veggen for jazzklubben i Bodø, trudde eg at eg kom til ein festival med god økonomi. Den første festivalen min gjekk med 600.000 i overskot, og det må vi ha i år også, for å kunne betale ned på gjelda.

– Nemn tre av dine sterkaste Molde-opplevingar.

– Den første er konserten med Herbie Hancocks sekstett i 1971, så Art Ensemble of Chicago i 1983. Eg var MR (music relations-ansvarleg) for bandet og høyrde dei på tre kveldar avantgardejazz i Kulturhuset. Dei fekk folk i ekstase med fri jazz. Og så kjem vi ikkje unna nattkonserten med Miles Davis i 1984.

– Dei tre beste jazzplatene?

– Vi kjem ikkje utan Miles Davis’ Kind Of Bl
ue
, seier Otnæs før telefonen ringjer.

– Når slagordet jazz for fred blir brukt til forsvar for Sharons besøk, kva seier du då?

– At ein festival kan ha ein fredsfunksjon, kan i og for seg vere ein god idé. Men jazzen er ingen krigshissar, og eg mislikar at festivalen hamnar midt i eit så omstridd statsbesøk. Vi blandar oss ikkje opp i statsministerens politikk, men vi blir indirekte involverte i statsbesøket hans. Difor har eg sagt at det var eit uklokt tidspunkt. Elles har eg ingen problem med at det er naudsynt med politisk dialog.

Musikk og politikk

– At festivalen har inntatt ei nøytral haldning er ein ting, men går det an å skilje musikk frå politikk i det heile tatt?

– Dei fleste handlingar har politiske implikasjonar, og musikken har alltid vore brukt som eit politisk uttrykksmiddel. Difor går det ikkje an å dra eit slikt skilje. Det politiske teateret på syttitalet, som Svartkatten og stykka på Hålogaland Teater, var for meg politisk kunst på sitt beste. Skal kunsten ha politisk betydning må uttrykket vere godt. Jazzhistoria er full av politisk opprør, frå Max Roachs Freedom Now Suite, musikken til Charles Mingus, John Coltrane og Charlie Hadens Liberation Music Orchestra. Det er døme på politiske uttrykk som alltid vil bli ståande.

– Er du politisk aktiv sjølv?

– Eg var det i kampen mot EEC og Vietnamkrigen. Sidan har det blitt einskildsaker i lokalpolitikken, seier Otnæs, som hadde to Blindern-år i 1977-78 og tråla alle jazzklubbane i hovudstaden.

– Kvifor vart du ikkje musikar?

– Det var mykje tilfelle som gjorde at eg vart idrettsmann i staden. Men eg vart tidleg interessert i musikk, og mor mi tok meg med på klassiske konsertar. Nordnorsk Jazzforum vart starta i 1969 og arrangerte konsert med Keith Jarrett. Der var ein ivrig jazzgjeng frå Mo.

– I samband med Sharonbesøket har du sagt at Nelson Mandela hadde vore ein velkommen gjest på Moldefestivalen?

– Eg fekk spørsmål om det var nokon eg kunne tenkje meg å invitere som gjest, og då var svaret Mandela. Han er ein av dei sterkaste statsleiarane vår tid, og han står som eit personleg symbol på forsoning og fred. Etter nesten tretti års fangenskap under apartheid snakka han ikkje om hat og hemn, men om forsoning. Eg var sjølv ein tur i Sør-Afrika nyleg og møtte musikarar med sterke vitnemål om korleis det var å leve under raseskiljet. Det var berre ein liten flik, men det gjorde eit sterkt inntrykk.

Konkurransen

– Vyar for framtida?

– Å gjere festivalen endå betre. På neste års ønskjeliste står Keith Jarrett Trio og Ornette Coleman.

– Den nye norske jazzscena er ikkje så sterkt representert her i år?

– Vi hadde ei stor satsing i fjor, og prioriterte annleis i år. Men på ein så stor festival som i Molde skal dei nye musikarane alltid ha ein arena.

– Kjenner du eit pust i nakken frå Kongsberg-festivalen og den nye festivalsjefen, som kom frå Blå i Oslo?

– Vi hadde heile Blå i Molde i nokre år, og eg har ein god dialog med Martin Revheim, den nye sjefen på Kongsberg. Den tida er forbi då festivalane baud over kvarandre for å sikre dei beste trekkplastra. Dei som tener på det, er dyre agentar. Vi er eit lite land, og vi jazzfolk ser ikkje på kvarandre som konkurrentar, men som ein ressurs.

– Før opningskonserten måndag kom styreleiaren for festivalen med eit heller utilslørt utfall mot kritikarane av Sharonbesøket. Det vekte oppsikt, ettersom du som festivalleiar offisielt hadde inntatt ei nøytral haldning. Mange oppfatta det som at styre og festivalleiing var kløyvde i spørsmålet. Kommentar?

– Eg har forståing for at det kunne bli oppfatta slik, men eg opplever at vi ha vore på line i saka, og at styre og festivalleiing dreg i same retning, slik vi alltid har gjort, seier Jan Ole Otnæs.

Sola skin over Molde. Rett under oss gjer musikarane seg klar til dagens street parade. «When the saints go marching in». Snart blir det ein annan marsj.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |