Dag og Tid nr. 26, laurdag 28. juni 2003

Roald Helgheim:
«Vår» og «deira» kriminalitet
Utspelet til Kripos-sjef Arne Huuse er like programmatisk som reaksjonane. Slike fråsegner kjem med jamne mellomrom frå polititenestemenn, og eitt av utspela som vekte mest oppstyr, var då ein leiande polititenestemann i Oslo for nokre år sidan peika ut somaliarar som særleg kriminelle. Skilnaden denne gongen er at nesten alle tar avstand frå Huuse-utspelet, med unntak av politiforeininga og det obligatoriske Frp, der høgdepunktet var Carl I. Hagen, som på mobiltelefon, på veg til sin reindyrka norske sommarkoloni i Spania, gjorde statsministeren ansvarleg for ein kriminalitetsfremjande innvandringspolitikk.

Men ulikt den rådande, ofte tverrpolitiske hangen til å nytte sjokkerande hendingar som planke for politiske panikk-utspel, blir det frå statsministerens kontor og nedover mana til ro, meir integrering og seriøst meiningsbyte. Dessutan er det uansvarleg å bruke to einskildhendingar til å stemple innvandrarar som gruppe. I Oslo får Huuse kjeft av sine eigne. Her har ein som eit av få politidistrikt brukt samfunnsforskarar til å analysere tal frå Strafferegisteret, for å førebyggje kriminalitet. Huuse-utspelet er til skade for arbeidet, seier informasjonssjef Inger Elisabeth Sagedal og sosiolog Marianne Næss til Dagsavisen. Når Huuse gir innvandringspolitikken skulda for to kriminelle hendingar i det siste, peikar dei på at dei sikta på Gardermoen er norske statsborgarar, brotsverket var «resultat av en personlig konflikt», mens dei som er sikta for rovmord i Haugesund ikkje har opphald i Noreg. Det er ei sakleg korrekt påvising, men er det noko folk vil slå seg til ro med? Det enklaste hadde sjølvsagt vore om gjerningsmennene i Haugesund var kvite nordmenn. Som kjent er verken mord eller ran ukjende brotsverk her i landet. Når det gjeld Gardermoen, har påstanden om det at det ikkje var eit gjengopprør men ein «personlig konflikt», små sjansar til å feste seg i folkedjupet. Er ikkje hemn noko som høyrer «framande» kulturar til?

Det fråsegnene indirekte illustrerer, er den forvirrande og inkonsekvente ordbruken media ofte nyttar i omtalen av kriminalitet blant «innvandrarar». Det er ein gjengangar kvar gong det blir offentleggjort nye kriminalitetsstatistikkar. «Nordmenn», «innvandrarar» og «utlendingar» blir brukt i ulike tydingar og rota saman i ein saus. Men det som er vanlegast å lese, er dette: Innvandrarar er (relativt sett) overrepresentert i den og den kriminalstatistikken, men dei er likevel eit lite mindretal, fordi dei «etniske nordmennene» er så mange fleire her i landet. Det seier oss heller ikkje så mykje, sett bort frå at som del av ein veksande underklasse, er det opplagt at relativt fleire med innvandrarbakgrunn vil hamne på skråplanet. Men fordi det er gjort oppsiktsvekkjande lite forsking som går i djupna, får vi oss sjeldan presentert slike faktorar som underlag.

Difor er det nesten overraskande å oppdage at noko av den mest opplysande, kritiske gjennomgangen av forsking om kriminalitet og media sin bruk av han, står i den omstridde boka Gode formål – gale følger?. I ei bok som i alle fall pr-messig vart fronta som eit generaloppgjer med både innvandringspolitikken og det trugande fleirkulturelle samfunnet, står Pål Frogners artikkel Innvandrere og den registrerte kriminaliteten. Frogner er sosiolog og har sidan 1997 vore høgskulelektor ved Politihøgskolen i Oslo, der han underviser i sosiologi og kriminalkunnskap. Og eg siterer frå siste avsnitt:

«Vi må forstå ‘oss’ for å forstå ‘vår’ kriminalitet. Det er ikke bare ‘deres’ kriminalitet som kan forstås ut fra deres ‘deres kultur’. Også ‘vår kriminalitet’ er kulturelt betinget (...). Dersom vi skal forstå noe av kriminalitetsbildet i Norge, nytter det ikke bare å interessere seg for innvandreres kriminalitet. ‘De’ er en del av et totalt bilde, og man må vokte seg vel for å havne i en kvasianalytisk situasjon der det bare blir brukt kulturforklaringer på kriminalitet begått av innvandrere, mens man bare bruker psykologiske når det gjelder kriminalitet begått av nordmenn».

Med fare for å bli skulda for tendensiøs sitering, legg eg til at dette også er den bolken av artikkelen som spesifikt tar for seg den manglande forskinga om tre viktige faktorar som dominerer diskusjonen, demografi (folkesetnad), deprivasjon (levekår) og kultur. Men det er grunn til å minne om kor bastant motstanden etter Fadime-saka var i visse krinsar, mot å antyde at norske sjalusi- og familiedrap også kunne kallast ein type æresdrap. Men Pål Frogner går like kritisk til verks mot alle typar innvandrar-relatert forsking og bruk av statistikk, herunder alle velmeinte bortforklaringar når det dukkar opp tal ein ikkje likar. Han påviser korleis omgrepet kriminalitet har endra seg gjennom tidene, og at mange typar brotsverk (t.d. av kvitsnipptypen) heilt sikkert er underrepresentert i alle statistikkar. Han tar ikkje standpunkt til definisjonen av kva ein innvandrar er, men brukar Statistisk Sentralbyrå, som med å rekne inn andregenerasjonen uavhengig av statsborgarskap, også reknar nordmenn som innvandrarar.

Med frådrag frå alle usikre moment vil ein likevel finne «overrepresentasjon» av ikkje-vestlege innvandrarar i kriminalstatistikkar. Men å finne ut kva det er uttrykk for, er framleis ei utfordring.


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |