Dag og Tid nr. 26, laurdag 28. juni 2003
Leiar: Posten fråskriv seg ansvar
«Posten skal tilby formidling av leveringspliktige tjenester til kostnadsbaserte priser.» Ingenting i vegen med byråkratspråket i konsesjonsvilkåra til Posten Norge BA fastslått av Samferdselsdepartementet 26. september 2001.
I dag har publikasjonar med allmennyttig, folkeopplysande eller kulturell verdi hatt særleg gunstige portoprisar. Dette skal det verta slutt på. Det vil seia at portoprisen kan gå opp med 30 prosent. Innhald er ikkje eit godt kriterium for å fastsetja avis- og bladporto, seier Posten «etter å ha foretatt en grundig analyse av kostnadene i distribusjonsvirksomheten», som om dei driv ei kva som helst slags bodteneste. Kanskje har dei lært av NSB-styret som også er i full gang med kostnadsanalysar, nedlegging og «outsoursing».
Se og Hør og Syn og Segn til same tid og pris. Inga kryssubsidiering. Posten skal gå med overskot kulturpolitiske omsyn er ikkje vårt ansvar seier Posten i kor med Post og teletilsynet. Og Stortinget kan lite gjera etter at dei fristilte Posten i 2001. Det gjer ikkje saka betre at EØS-reglane krev sitt.
Vi kan gjerne skyta på styra i Posten, NSB og dei andre nye statlege aksjeselskapa, men ansvaret ligg først og fremst hjå Stortinget som har lagt opp til at slike heilt sentrale samfunnsformande institusjonar skal styrast av nokre få styremedlemmer etter såkalla kostnadseffektive prinsipp. I dette tilfellet må ytringsfridom og kulturomsyn vega tyngre enn økonomi. Alle som kjenner økonomien til for eksempel kulturtidsskrifta og lokalavisene våre, veit at ein portoauke på 30 prosent vil få svært uheldige følgjer.
Svein Gjerdåker
|