Dag og Tid nr. 26, laurdag 28. juni 2003

Klok på bok 620:
Haikultur

«‘Stately, plump Buck Mulligan came for the stairhead, bearing a bowl of lather on which a mirror and a razor lay crossed. A yellow dressinggown, ungirdled, was sustained gently behind him by the mild morning air.’ Slik byrjar ei engelsk utgåve frå 1960 av James Joyce sin ‘Ulysses’. Eg las ‘Ulysses’ i 1993 då den norske utgåva som vart omsett av Olav Angell ,kom. Dette var aller første gong ‘Ulysses’ vart utgiven på norsk, og Angell gjorde ein kjempejobb. Eg las den engelske og den norske utgåva parallelt, avsnitt for avsnitt, og det var interessant å sjå kor trufast Angell har vore mot originalen
», skriv ho Erne Romøren frå Sogndal.

Premien denne veka går til Mandal:
Eg likar godt at du stikkord meg gjev/ då kan eg fort sende e-post til deg./ Då kan eg seie at tekst så lett,/ eg då kan finne på Internett.


Når du gjev stikkord kan alle delta
som ei Ulysses fekk i seg elta.
Paris var byen han gav ho ut,
James Joyce, forfattar, så stor ein gut.


Martello Tower du kan studere
på world wide web kan du og fundere:
www.extrageografic.org/exjoyce.html
Opp kjem han frå informasjonens jungel.


Eg tykkjer sjølv det er ganske bra gjort å få ei webadresse med i eit stev, sjølv om talet på stavingar nok må justerast med ei sløyfe eller tre om du skal kvede siste del av tredje verset
», skriv han Harald Haugland. Gratulerer! Og takk til alle de andre som svarte.

«Poulaphonca Poulaphonca
Poulaphonca Poulaphonca
Dette kunne kanskje vere saftige gloser av di du var raus med stikkord, men det er det ikkje. Dette er vannfallet i ‘Olysses’ (1922) (Odyssevs på engelsk) av James Joyce, ein murstein av ei bok. Ho handlar om kva som gjekk føre seg time for time i løpet av ein einaste dag, d. 16. juni 1904. Hovudpersonen er Leopold Bloom. Han har mykje å fortelje om livet sitt og har mellom anna lært meg å lage eit anagram, slik ser hans eige ut: Leopold Bloom – Ellpodbomool – Molldopeloob – Old Ollebo, M.P.
», helsar ho Ingrid i Gaupne som gler seg til å bruke mange timar saman med den kloke Odyssevs.

«Christ on a bike, Paulissa Dalloway, hva er dette? James Joyce: Ulysses, selvfølgelig. Du må passe deg for slike publikumsfrierier. Men boken er visstnok god, den. Jeg kjenner dog ingen som har lest den
», skriv ho Hilde Matre Larsen i Oslo.

Han Lars Moa med mange fleire har lese, og får hermed høve til å drive reklame for leseselskap sitt i Stjørdal: «Dette veit eg. Det er frå ‘Ulysses’ av James Joyce. Og da får eg vel nytte høvet til å fortelje deg om leseselskapet ‘Ulysses-odysseen’, ei gruppe av 16 leseglade stjørdalingar som for eit par år sidan begynte å møtast ein gong i månaden for å lese ‘Ulysses’ høgt i lag, og eg skal helse og seie at dette er artig. (Boka er jo nesten uråd å komme igjennom på eiga hand.) No nærmar vi oss slutten på boka, og vi blir iallfall ferdige i god tid til Bloomsday (16. juni) 2004. Denne dagen blir vi å finne i Dublin, og rom er tinga på Trinity College sitt internat for lenge sidan. Handlinga i boka går føre seg i løpet av ein dag, nemleg 16. juni 1904. Og hundreårsjubileet neste år reknar vi med blir ganske livat. Kanskje Paula kan tipse redaktøren om oss? Vi er absolutt verd ei side eller to i Dag og Tid

Tipset er hermed sendt vidare, Lars!

Ho Ranveig Lundquist som vanlegvis berre sender rett løysing, har gått til Allkunneboka denne gongen: «Denne kjemperomanen er skriven i alle slag stilartar og skal gje eit realistisk bilete av alt som rører seg i medvitet hos eit menneske. Vanleg eng. strakk ikkje til, og J.J. laga difor mange nye ord som han henta frå mange ulike språk

«Hei på deg, Paula! Dette blir en kvalifisert gjetning, siden boka ikke er inne på biblioteket mitt og jeg selv ikke har den i bokhylla. Men jeg er rimelig sikker på at dette er ‘Ulysses’ av James Joyce. Jeg tilhører dem som faktisk har lest hele boka (på dansk på 70-tallet), og det takket være at jeg så en filmatisering av den på Gimle kino (i Oslo, hvor jeg ganske riktig bor). Jeg leste forresten et leserinnlegg i en eller annen avis om denne filmen: En innsender (mann) hadde sett at det gikk en film ved dette navn og trodde den var basert på ‘den beste boka han hadde lest noengang’ – og hva fikk han? Først en 20 min. ouverture med dempet lys, og så en film han ikke skjønte bæret av! Det tok nok en stund før jeg skjønte at han mente ‘HMS Ulysses’ av Alistair MacLean. Nåja, jeg nøt filmen og måtte bare lse boka etterpå, men det var før den ble oversatt til norsk
», skriv ho Tove Thorp.



Klok på bok 620

Gjennom skodda

Eit brunt mø

Hei ku!



Han som skriv er ein etablert diktar med eigen skule. Diktet er henta frå ein barnediktantologi som kom ut midt på 1990-talet. Stikkord: Ut mot havet.

Veit du kven eg vil fram til, så send svaret til Dag og Tid, Pile-stredet 8, 0180 Oslo, eller paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 4. juli.

Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |