Dag og Tid nr. 26, laurdag 28. juni 2003


Bøker:
Triviell overflate, lammande kvardag

Trivielle overflater i kvardagen kan vera uro-vekkjande.
Men dei kan òg berre vera keisame.


Helle Helle:
Forestillinger om et ukomplisert liv med en mann
Oktober
Omsett av Trude Marstein

Helle Helle har spesialisert seg på skildringar av kvardagshendingar. Ho er særskilt dyktig til å mana fram ein manglande kommunikasjon mellom menneske.

Dette finn ein både i romanen Hus og hjem og den siste novellesamlinga Biler og dyr. Det dreier seg ofte om menneske som søkjer å forstå kvarandre, nå inn til kvarandre – og ofte om menneske som prøver å sleppa vekk frå kvarandre. Og Helle Helle har fått det til, å skapa understraumar av uro og sorg i dei trivielle overflatene. Når ho i tillegg parar dette med ein dempa, nøktern – og glitrande humor vert det litteratur som utfordrar og utvidar tanken.

Lammande kvardag

I den siste boka hennar omsett til norsk, romanenForestillinger om et ukomplisert liv med en mann held ho fram med det same prosjektet: I ei stram realismeramme skildrar ho det usagte og ugjorde i samlivet mellom paret Susanne og Kim, og i kvardagen til Susanne, korleis dagane flyt av garde, monotone og lammande der førestellingane om livet vert sett i sterk kontrast til dei faktiske tilhøva. Ester, ein tidlegare arbeidskollega, riggar seg etter kvart godt til i heimen til Susanne og Kim. Dette vert det litt sjalusi og frustrasjonar av, men munnar ut i inkje. Og i det store og heile synest eg Helle Helle denne gongen går på tomgang. Tidlegare har ho makta å gje trivielle overflater understraumar av uro og av sorg.

I Hus og hjem er det særskilt den sorgfulle underklangen i kvardagsskildringa av livet til Anne og samlivet hennar med Anders, der fortida til Anne og tapet av foreldra spelar ei viktig rolle, som løftar romanen opp til noko anna enn berre ein rapport frå røynda. I novellesamlinga Biler og dyr maktar Helle å stramma teksten til – truleg mykje på grunn av sjangeren – og eg trur eg likar Helle Helle best i kortform. Der får tematikken tilført ei spenning og ei veksling som gjev den gode klangen.

Skuffande

Nyleg høyrde eg Lars Amund Vaage halda foredrag om musikk i litteraturen. Påstanden hans var at litteratur minner om musikk, med spenningar, vekslingar, kontrastar og skifte av stemningar der kontrastane fargar kvarandre og gjev djupne. Men kva når kvardagsskildringane berre vert monotone utan kontrastar? Trivielle overflater kan vera urovekkjande og gje spenning og djupne. Men dei kan òg berre vera keisame.

Kanskje har Helle prøvd å bøta på den keisemda i kvardagen ho skriv fram. I alle høve har ho denne gongen valt å opna med eit lite krimelement. Kim ligg død i senga og så vert historia nysta bakover. Slikt skal truleg «trigga» lesaren og driva historia og lesaren framover. Boka har i byrjinga eit sug, men det er ikkje på grunn av opninga. Suget ligg der utifrå forventingane mine etter å ha lese dei tidlegare bøkene til Helle. Men kvar har det vorte av uroa som ligg i novellene hennar? Og kvar er det vorten av den såre sorga som ligg i Hus og hjem?

Forestillinger om et ukomplisert liv med en mann
vert berre førestellingar i tydinga «rapportar», ikkje ei scene der litteraturen kan utspela røynda og der røynda får fritt spelerom. Humoren til Helle bøter på noko. Og tittelen er både treffande, pussig og kosteleg. Men det er ikkje nok.

Margunn Vikingstad

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |