Dag og Tid nr. 26, laurdag 28. juni 2003


Bøker:
For eit lukkelegare år

«En skeiv klassiker» står det på vaskesetelen frå forlaget om
Maurice av E.M. Forster, no omsett til godt norsk ved Tone Formo.

E.M. Forster:
Maurice
Pax

Boka er jo skeiv: Ho har eit skeivt tema, ho er gamal, og vert dermed ein klassikar. Ein homoklassikar til glede for nye lesarar. Slik kan ho sikkert sjåast på for oss i dag, og boka er interessant sjølvsagt, sidan ho handlar om skråstilte slik forholda var for nitti år sidan. Boka er då også hovudbok i homobokklubben Kursiv.

Men ein klassikar? For forfattaren var boka i starten rekna som ein bagatell: Han skreiv ho mest for seg sjølv og ville ikkje gje henne ut, iallfall ikkje medan han levde. Vegen fram til offentleggjering vart lang og svingete for Maurice. Forster skreiv romanen like før fyrste verdskrigen braut ut, og det vart den siste boka før A Passage to India i 1924; boka som skulle føre han fram i fyrste rekkja av romanforfattarar i England. Mistruisk både til dei litterære kvalitetane til Maurice, og til det offentlege klimaet boka skulle møte, ville ikkje forfattaren gje henne ut før han sjølv vart evig utilgjengeleg for kommentarar. Etter kvart gjorde han fleire endringar og tillegg. «Utgjevbar – men verdt det?» skreiv han i eit brev, og la den til side. Dermed kom ikkje boka ut før i 1971, då homoseksualitet hadde vore lovleg i England i fire år; om ein var over 21 i det minste. Endringar hadde skjedd.

Ikkje sjølvbiografi

«Påbegynt 1913 – Avsluttet 1914 – Dedisert til Et lykkeligere år.» Orda på innhaldsbladet viser at Forster ikkje tiltrudde si eiga samtid å ta vel i mot boka hans. Homoseksualitet var unemneleg og homoseksuelle var unemnelege. Bøter og fengsel var framleis det som venta innbyggjarane av speglvendtland som vart tekne på fersken. E.M. Forster, som sjølv var ein innbyggjar av speglvendtland, levde i sølibat store delar av livet, med unntak av nokre enkeltståande episodar og korte forhold. I staden vart det ei lang rekkje tilbedingar og avstandsforelskingar. Men merk; det vert eit blindspor å lese Maurice som sjølvbiografi; Boka er snarare ei skildring av homoseksuelle sin sosiale situasjon i England, skildra av ein med innsikt.

Jau, boka er utgjevbar – og verdt det. Maurice er inga strittande forteljing om urettferd, ingen stormande pamflett. Ho reiser ikkje bust, men går til åtak på dei kjærleikslause. Det er ein roman om kjærleikssorg: Om å vere tru mot sine eigne kjensler – eit tema Forster alltid vender attende til – og om samfunnet som krev og grev seg inn på individet på alle felt.

Sorg gjev innsikt

Maurice vaknar opp til seg sjølv som homofil i Cambridge med venen Clive, og dei har eit heitt og løyndomsfullt forhold i tre år. Så vert Clive «normal»; han gjev etter for krava frå familien og giftar seg. Maurice er knust og ulukkeleg. Denne kjærleikssorga skal prege romanen, og prege alle handlingar Maurice gjer, fram til han møter Alec Scudder, ein skogvaktar i teneste hjå Clive. Kjærleikssorga er drivkrafta for Maurice. Ho driv han til å sjå seg sjølv utanfrå, som ein som ikkje høyrer til. Han vil helst helbredast, verte normal. Han prøver hypnose, går til psykolog, og til den gamle familielegen; utan resultat. Han ser på seg sjølv som utanfor, og er ulukkeleg, men hans eiga kjærleikssorg gjev han til slutt innsikt: Det får han til å sjå dei «normale», dei som absolutt vil innanfor, som falske og uærlege mot seg sjølve. Sjølv fører den han inn i eit forhold som er dobbelt uhøyrt: Det er ikkje berre unemneleg, det blandar også klassene.

Kritisk nostalgia

Kritikken av det frosne hjartet er ein raud tråd gjennom romanane til Forster. Det satiriske blikket på engelskmannen som bygde imperiet med hard hand, gjer Forster til ein ekte Bloomsbury, rett nok eit perifert medlem av denne krinsen av nyskapande – om enn noko snobbete – Londonkunstnarar. England i tida etter Victoria, men før modernismen set inn, er skildra med mollstemt humor. Forster var klar over at denne epoken, med grøderike hagar, te og tennis, ikkje ville vare. Difor endar også Maurice med ei von om at ting skal endre seg, om at Maurice sjølv skal kunne elske og verte lukkeleg, om enn i eksil frå samfunnet.

Kor klassisk er så denne klassikaren? Han har fleire svake punkt: Persongalleriet er mykje skildra i svart-kvitt, og ein kan kome til å sjå mykje av romanen som gamalmodig og forelda. Likevel er det ei modig bok, og vakker, rett nok ikkje Forster si beste. Det er grunn til å skryte av omsetjinga: Tone Formo har gjort den særskilde prosaen til Forster gjenkjenneleg på norsk: Nyansert og kjensleladd, og til å verte glad i.

Anders A. Fitje

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |