Dag og Tid nr. 26, laurdag 28. juni 2003


Bistand:
Historia om u-hjelpa og det norske sjølvbiletet

Frå den fyrste «Folkeaksjonen for de underutviklede områder» i 1953, har u-hjelpa mest av alt prega biletet nordmenn har av omverda, men òg det norske sjølvbiletet.


SAKPROSA
Jarle Simensen, Arild Engelsen Ruud, Kirsten Alsaker Kjerland og Frode Liland:
Norsk utviklingshjelps historie
Fagbokforlaget

No har u-hjelpa fått si eiga minne- og mimrebok i tre band. Norsk utviklingshjelps historie som blei lansert denne veka, er i seg sjølv eit representativt døme på norsk bistand: Prosjektet har lagt ti millionar u-hjelpskroner i lomma på utvalde, velfødde nordmenn og reisebyrå. Ønsket om eit slikt bokverk kjem vel heller ikkje frå målgruppa («alle med interesse for utviklingshjelp og norsk og internasjonale historie»). Det er den gåvmilde gjevaren som på denne måten ønskjer å reisa ein bauta over seg sjølv. Han blei ferdig eit år for seint.

Som så mange bistandsprosjekt, byrjar Norsk utviklingshjelps historie godt og entusiastisk med fyrste bandet, «Norge møter den tredje verden» mellom 1952 og 1975, før det flatar ut med band nummer to, «Vekst, velvilje og utfordringer» som transport-etappe frå 1975 til 1989, og søkk saman med siste bandet, «På bred front», som omhandlar perioden frå 1990-2003 på eit heller keisamt og papirknitrande vis.


Oppturen


Det er med andre ord ikkje ei bistandshistorie me talar om, men mange, som fire redaktørar med ulike føresetnader har fordelt meir eller mindre tilfeldig – kronologisk, kallar dei det – over tre band.

Historieprofessor Jarle Simensen er den beste historieforteljaren av dei fire. Forteljarevne er uløyseleg knytt til forteljarglede, og forteljargleda er knytt til engasjement. Simensen har skrive fyrste bandet så det tidvis er ein fest å lesa, og me skjønar at han har vore ute ein vinterdag før. Dinest har han romsleg sleppt andre røyster til, både hjelpetrengande, hjelpte, hjelparar i fyrste line, attåt dei uunngåelege avgjerdstakarane. Dermed får han fortalt historier som både har hovud og hale. Dessutan er det Simensen som har sikra seg rosina i bistandshistoriepølsa – soga om kvifor og korleis transformasjonen av Noreg tok til – frå å vera eit tilbakeliggjande, underutvikla og marshallhjelpetrengande land til å bli ei (såkalla) humanitær stormakt femti år seinare.

Nedturen

Siste bandet byggjer til samanlikning meir på årsmeldingar, stortingsmeldingar og strateginotat, levande liv har fått liten plass, med unnatak av ministrar, UD-folk og Norad-leiarar med direktør Per Ø. Grimstad (fortent) i brodden. Fyrste bistandsarbeidaren slepper til med ein liten kommentar i fyrste person på side 154, og ein må bla endå 28 sider lenger bak før ein høyrer eit pip frå ein representant for målgruppa, som det heiter på bistandsnorsk, ein bonde frå Pangani.

Venn med Helge

Kvifor nett Liland blei tilsett som forfattar av tredje bandet, er ikkje sjølvsagt for den jamne lesaren av bistandsbokverket. Men lesarar av HIFO-nytt, eit internblad ved Universitetet i Oslo, blei åtvara av førsteamanuensis Tor Egil Førland alt i 1998 om at somme av forfattarane «hverken har førstekompetanse, særlig forskererfaring i u-lands/bistandshistorie eller dokumentert evne til å skrive for allmenheten». «Vil man ha jobb som forfatter av norsk utviklingshjelps offisielle historie», skriv Førland, «er det andre faktorer som teller. Dette er det virkelig uheldige med denne saken: at selv om det ikke har vært styringsgruppens intensjon, så vil moralen for en ung historiker som vil frem i verden være at hemmeligheten ikke er å skrive de riktige arbeidene, men å holde seg inne med de rette personene. Eller, med inspirasjon fra Jens Bjørneboe:

Husk, hvis du en gang blir nødt til å velge:
Dropp doktorgraden. Vær venn med Helge»
.

«Helge» er professor Helge Pharo som sat i styringsgruppa for prosjektet til han gjekk ut og inn att som forfattar av eittbandsutgåva av verket som kjem ut på engelsk.

Klagesongen kan for alt eg veit, vera slarv frå ein svartsjuk kollega. Ein slik gløtt attom den akademiske fasaden kan likevel vera nyttig. Det skjerpar sansane.

Kritikken

Nokre meldarar av Norsk utviklingshjelps historie har lagt vekt på kritikken som historieforfattarane ber fram mot sider ved norsk bistand. Nationen skriv såleis 19. juni at forfattarane «tar et sviende oppgjør med bedrevitende, sosialdemokratisk velvilje og inhabile bistandsforskere som lider av ‘Carl I. Hagen-syndromet’». Hadde dette vore sant, ville forfattarane Jarle Simensen, Arild Engelsen Ruud, Kirsten Alsaker Kjerland og Frode Liland ha svikta oppgåva si – som er å formidla historie(r) om u-hjelp, ikkje evaluera henne. Her har dei ikkje svikta: Det aller fyrste dømet fyrste bandet syner, i soga om Indiahjelpa, er at kvar tid har hatt, og har, og kjem til å ha, si eiga tolking av Kerala-prosjektet, om det var suksess eller fiasko, og det same kan seiast om dei fleste andre prosjekt.

Som Liland skriv (3. bandet s. 258): «Et stort spørsmål vi ikke har behandlet direkte i dette bindet, er om norsk utviklingshjelp faktisk klarte å bidra til mindre fattigdom og økonomisk utvikling i utviklingslandene». Forfattarane har gjort det einaste rette, samla fakta og råstoff som nye generasjonar kan setja saman på ny innsikt, ammunisjon og argumentasjon.

Slik er denne bistandssoga av stor verdi, her er mykje råstoff å ta av, ein god stad å starta. Forfattarane dechiffrerer, kondenserer og presenterer den enorme litteraturen som finst på området.

Stikkprøvetesten

Som fredskorpsdeltakar til Nicaragua 1993-1994, er fyrste oppslagsordet mitt, stikkprøva om ein vil, sjølvsagt «Fredskorpset». Korleis forfattarane handterer mine spesialemne, fortel meg om dei kan litast på i omtalen av alt anna.

Jarle Simensen vekkjer i så måte tillit. I fyrste bandet fortel han godt og levande over mest 30 sider om korleis det norske Fredskorpset blei skipa. Han skildrar debatten, kritikken, applausen, draumane og viser fragment frå den grå eller fargerike kvardagen så det er til å kjenna att. Åra som har gått sidan skipinga av Fredskorpset, gjev Simensen eit overblikk som kollega Liland i siste bandet naturleg nok berre må misunna han. Før støvet har lagt seg, er Liland nøydd til å fortelja om mordet på det gode, gamle Fredskorpset på tampen av 1990-talet og reinkarnasjonen til splitter nytt i 2001. Historia blir til medan Liland skriv henne ned, og det er ingen ønskeposisjon for ein ung historikar. Han freistar å vri seg unna med å koka det heile ned i usle to sider, der berre «stedlig representant» for Norad i Managua, Nils Haugstveit, kjem til orde. I 1992 sa han at den fredskorpsaren «skal være god som kan være like verdifull for Nicaragua som NOK 0,5 mill eller deromkring i hard valuta som hvert FK-årsverk kostet».

Kosta me meir enn me smakte? Kvifor gjorde me i tilfelle det? Kva var alternativet? Sjå, det får me ikkje vita i Norsk utviklingshjelps historie.

Notar og unotar

Bokverket har til gjengjeld eit framifrå noteapparat, til saman meir enn hundre sider med fotnotar, saksregister, personregister, kjelde- og litteraturtilvisingar i hopetal. Er noko eller nokon omtalt, finn ein det – litt her og litt der. Andre bandet, som Arild Engelsen Ruud har hatt ansvar for gjorde det bra i oppslagstesten min. Forfattaren gjer godt og grundig greie for hopehavet mellom Noreg og Nicaragua – om ikkje så underhaldande og pikant som Vegard Bye i Forbuden fred. På kjøpet fekk eg òg kunnskap om den norske u-hjelpa til Cuba, og især hamneprosjektet i Havanna som blei avvikla i 1980 trass i at alle var samde om kor vellukka det var.

Men bistandshistoria fortel ikkje kvifor Cuba i dei neste 20 åra var eit ikkje-tema i Norad. Det må me tenkja oss til.

Forsvunne urfolk


Sidan 1983 har Norad inkludert støtte til minoritetar og urfolk i budsjetta sine. Noko motvillig, er mi erfaring, og eg har alltid lurt på om det kjem av at me ikkje veit heilt kva me skal gjera for (eller mot) våre eigne.

For Norad er det enklaste å støtta organisasjonar som støttar urfolk. 17 norske organisasjonar og ein utanlandsk fekk såleis i 1998 dela ein pott på 52 millionar kroner, og 90 prosent av pengane gjekk til Latin-Amerika, går det fram av soga.

Kvifor nett indianarar skal få så mykje meir frå Noreg enn urfolk andre stader i verda, er ikkje utdjupa i bistandssoga, som berre spanderer tre av om lag tusen sider på eit så stort og spennande tema. Kvifor måtte det einaste konkrete dømet på hjelp til urfolk som blir presentert, vera «Remote Area Dwellers Programme» (RADP) i Botswana, der ingen representative indianarar bur?

«Urfolk» har altså berre eitt oppslag i dei tre banda, medan ein tilfeldig forbipasserande minister som Kari Nordheim-Larssen får heile ni. Det sementerer inntrykket av kva litteratur me her har med å gjera: Noreg fyrst, Noreg sist, Noreg er ein stor humanist/naivist/egoist – stryk det som ikkje høver. At alle desse drivkreftene var – og framleis er – i gang, kjem særs godt fram i kapittel to i fyrste bandet, «Starten på norsk utviklingshjelp» – sjå eiga sak.

Johan Brox

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |