Dag og Tid nr. 23, laurdag 7. juni 2003

Leiar:
Nattoga truga

«– Unn deg en natt på et rullende hotell! Her kan du få kupè med egen dusj og toalett samt mulighet for mat underveis. Alle nattog har en bistrovogn.» Reklameteksten er frå i fjor. Ting endrar seg raskt i NSB. Natta til 4. januar 1997 gjekk det siste nattoget på Rørosbanen. No kan det gå mot nedlegging av nattoga på Bergensbanen, Dovrebanen og Sørlandsbanen. Dei er ikkje lønsame og går med underskot, er argumentet.


Dette går diverre inn i eit bilete vi kjenner så altfor godt. Tidlegare i vinter fekk Jernbaneverket utarbeidd ein rapport om dei økonomiske konsekvensane til dei minst trafikkerte jernbanestrekningane i landet. Meråkernbanen, Raumabanen, Rørosbanen, Solørbanen, Bratsbergbanen og Arendalsbanen står i dag i fare for å verta nedlagde. Over på buss og lastebil er omkvedet. Generelt vert også servicetilbodet dårlegare og dårlegare. Jernbanestasjonar vert nedlagde, restaurantvognene gjort om til kaffibarar eller fjerna heilt.


Nattoga har gjort at folk frå dei tre største byane utanom Oslo har kunna reisa dit – tur/retur – på ei natt og ein dag. Om toga no forsvinn må ein nytta fly om ein vil gjennomføra reise og møte i hovudstaden på ein dag. Det er eit steg attende i miljøarbeidet.


Framlegget er svært dårleg distriktspolitikk, og nok eit døme på at kortsiktig bedriftsøkonomi har prioritet framfor langsiktig sosialøkonomisk tenking i norsk samferdslepolitikk. Jernbanedrift har vind i segla i Europa, men ikkje i vårt land som er eitt av dei store produsentane av hydroelektrisk kraft i verda.

Svein Gjerdåker

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |