Dag og Tid nr. 23, laurdag 7. juni 2003

Irak:
Sanninga skal fram om Bush-Blair-bløff

Om dei 1.400 våpeninspektørane som på nytt saumfer Irak òg melder pass, let det til at Saddam Hussein hadde etterlevd FN-fråsegn 1441. Lurte Bush, Blair, Aznar, Howard og Fogh Rasmussen folket i krig, eller var dei òg lurte?

Johan Brox
johan@dagogtid.no

Fekk sigerherrane i Irak-krigen skriva historia i fred, kunne det koma til å stå lite om masseøydeleggingsvåpen og di meir om massegraver (sjå side 16-17). Men i vinnarlanda USA, Storbritannia, Spania, Australia og Danmark, vil fleire enn dei aktivt stridande politikarane no ha eit ord med i laget: Det er alle dei som ikkje kunne tru at Irak var noko reelt trugsmål mot resten av verda, dei som visste at Irak ikkje var noko trugsmål og alle dei som elles har glede av å sjå statsleiaren sin fresa på grillen. No krev dei granskingar og høyringar om sanninga attom dei irakiske våpna – som skulle vera så trugande at USA og «koalisjonen av dei villige» måtte gripa inn militært, utan å venta på FN-kontrollørane, for å hindra Saddam Hussein i å slå til fyrst mot Europa og USA. Nokon måtte ta affære på vegner av verdssamfunnet, som Bush sa. Eller i strid med verdssamfunnet, som Tryggingsrådet meinte.

Koalisjonen av uvillige

Det er ein uheilag og lite berekraftig, men til føremålet slagkraftig allianse av yrkesdemonstrantar, namnlause deep-troaths frå CIA og M16, spanske sosialistar, erkekonservative og demokratiske amerikanarar, yrkesmilitære, pasifistar, skadefro britiske Torys og frustrerte dissidentar i Labour som no tek bladet frå munnen. Og dei gjer det på ein gong i USA, Storbritannia, Spania, Australia, Danmark og Polen. Faren for at irakiske masseøydeleggingsvåpen skal dukka opp – som redningsplankar for koalisjonsleiarane – let til å ha blitt forsvinnande liten. Kvar dag som går utan miltbrannsporar, nervegass eller radioaktivitet i Irak, er eit lite nederlag for sigerherrane og ein tilsvarande siger for dei politiske taparane i koalisjonslanda. Og truleg for sanninga.

«På 45 minutt»

– Blair sa at Saddam kunne ha masseøydeleggingsvåpen klare til bruk på 45 minutts varsel. No har det gått 45 dagar sidan krigen slutta, men framleis har me ikkje sett snurten av desse våpna, klaga Robin Cook, som sa opp både som statsråd og parlamentarisk leiar for regjeringspartiet til Blair.

I spørjetimen til Underhuset no på onsdag, ville Cook ha Blair til å innrømma det alle andre no veit – at rapporten om irakisk urankjøp i Niger bygde på falske dokument. Blair svarte at det i seg sjølv ikkje var noko bevis for at Irak ikkje hadde kjøpt uran i Afrika...

Men mistankane veks om at dei famøse våpna kan vera dikta opp av haukane i Washington, med hjelp av politiske papegøyar og pudlar i London, Madrid, Sydney og København – som burde vita betre.

Verre enn Watergate

«Er det hald i desse skuldingane, er dette verre enn Watergate», seier parlamentsmedlem for Labour i Aberdeen, Malcolm Savidge.

Blair påstår at han har prov på at dei bortkomne våpna finst, medan Donald Rumsfeld, som veit at folk flest heime i USA er mindre opptekne av formalia enn til dømes britane, vedgjekk til Rådet for utanrikssaker at han «ikkje nett veit kva som hende med våpna» ... «dei kan ha blitt destruerte før konflikten».

Somme spør seg ganske enkelt, slik midtausten-ekspert Linda S. Heard gjer i ein artikkel Al Jazeera la ut på heimesida denne veka: «Kvifor skulle Saddam Hussein bruka tiår på å utvikla kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen – berre for å øydeleggja dei den dagen fienden står for døra?»

I artikkelen siterer ho den irakiske kjernefysikaren Imad Khadduri, som i årevis har forsikra om at dei ulovlege våpna til Irak blei destruerte tidleg på 1990-talet. Om så ikkje var tilfelle, kvifor står ikkje irakiske vitskapsfolk som kjenner sanninga i kø for å få dusøren på 200.000 dollar for opplysningar som leier til funn av masseøydeleggingsvåpen, undrast han. «Kan hende får dei til og med dusøren i handa frå ein irakisk avhopparar som har fått om lag same summen for å spreia løgner om desse våpna i årevis, og som fekk marsjera attom amerikanske stridsvogner under invasjonen». Khadduri viser her til opposisjonsleiaren Khidir Hamza, meiner Linda Heard.

Blair

Statsminister Tony Blair er den av leiarane i koalisjonen som har kome i hardast ver, etter som kritikken mot han kjem frå tidlegare ministrar i eiga regjering (Clare Short og Robin Cook) og framståande medlemer av partiet til Blair, mellom dei ikkje mindre enn 50 representantar for Labour i nasjonalforsamlinga. At dei konservative applauderte invasjonen av Irak, gjer dei noko tilbakehaldne og formalistiske i kritikken, men dei stiller seg òg attom kravet frå underhuset om ei gransking. Eitt sentralt spørsmål då blir nett kva etterretning Tony Blair bygde påstanden på om at Irak hadde blitt eit så akutt trugsmål mot omverda at invasjonen i mars var einaste utvegen.

På G-8-møtet i Evian svara Blair offensivt på skuldingane med å velta bevisbøra attende på Cook, Short og dei som ymtar om at han har fare med løgn. «Eg går 100 prosent god for det me har fortald folket», stadfeste Blair.

Skuldingane frå den tidlegare bistandsministeren Clare Short om at han og president Bush i røynda hadde planlagt denne krigen alt i august i fjor, blei bryskt avfeidde. «Ei skulding må byggja på prov, og det finst ikkje», la han til.

Men skal ein tru ei meiningsmåling frå 4. juni i år, har Blair vanskar med å overtyda folk flest – og i sær arbeidarpartiveljarane – om at han har handla i god tru, i reell frykt for den irakiske militærmakta. 70 prosent av dei spurde svara at dei la stor vekt på om Blair har tala sant. 28 prosent av dei som var med på å røysta fram Blair i 2001, svara at han kom til å tapa tillit om der ikkje dukkar opp masseøydeleggingsvåpen i Irak. Og det snart.

Aznar

Også i Spania møter statsministeren, den konservative Jose Maria Aznar, motbør av same grunn som i Storbritannia. I begge nasjonane var eit stort fleirtal av folket imot å invadera Irak, og endå meir imot at dei sjølve skulle ta aktivt del. No reiser òg dei spanske venstrepartia krav om ei formell, parlamentarisk høyring av statsministeren og korleis det eigentleg hadde seg med dei irakiske masseøydeleggingsvåpna.

– Og kva med den irakiske hæren, som statsminister Aznar påstod var «eit trugsmål mot Europa», som kunne samanliknast med hæren til Hitler? No veit me at Irak ikkje hadde nokon slik hær og me veit at dei ikkje brukte masseøydeleggingsvåpen. Tvert om, veit me at koalisjonsstyrkane brukte uranammunisjon på ein uforsvarleg måte, seier Felipe Alcaraz i IU (Izquierda Unida).

Howard


I Australia gassar òg opposisjonen seg, og ymtar om gransking av nett kva etterretning statsminister John Howard bygde når han uttalte seg om irakiske masseøydeleggingsvåpen. Og det gjorde han ofte. I ein tale Howard heldt før invasjonen i vinter, åtvara han mot desse våpna som han sa det var blitt fleire av etter den fyrste golfkrigen, ikkje mindre enn 30 gonger på 20 minutt – som eit mantra.

Sjølv ønskjer Howard å leggja denne diskusjonen bak seg, og snakka om massegraver, men ministrane hans har den siste tida rota seg inn i motseiingar. Forsvarsminister Robert Hill har sagt at det australske folket burde få vita at etterretninga Australia fekk var pynta i Pentagon, og ønskjer å offentleggjera dokumenta med det første. Det kan Howard gå med på, etter som Blair uansett er tvungen av underhuset til å offentleggjera dei same dokumenta fyrst.

Fogh Rasmussen

Etter det Dag og Tid kjenner til, har ikkje opposisjonen retta formelle krav om gransking av statsminister Anders Fogh Rasmussen og om han medvite har vore med på å lura folket sitt, eller om han, som statist i Irak-krigen, sjølv har gått på limpinnen.
Men den danske statsministeren kan koma til å følgja med i dragsuget om Tony Blair fell på denne saka.

Bush

Korleis sjølvaste George W. Bush kjem ut av denne knipa, er verre å spå om. Watergate viste at det var grenser for kva løgner folk og folkevalde i USA fann seg i frå ein president – på 70-talet. Men dei grensene strekte Ronald Reagan kraftig på 80-talet: Med teflonskjorta si på kunne han ri uskadd ut av iran-contras-skandalen og inn i solnedgangen, endå alle visste at han var det mest skuldige av alle og dessutan ikkje hadde sagt eit sant ord på fleire år. Men på 90-talet hadde ein sædflekk på kjolen til Monica Lewinsky blitt nok til å setja USA på ende i årevis.

Meiningsmålingar viser at folk i USA for tida er lite opptekne av om Irak hadde, ikkje hadde eller framleis har masseøydeleggingsvåpen. Korleis ein eventuell riksrett mot Tony Blair for å ha misleidd det britiske folket kan påverka opinionen i USA, er eitt spørsmål. Går Blair klar, må etterretninga (M16 og CIA) sitja att med skulda og skamma (om ikkje dei ulovlege våpna brått skulle dukka opp), men om spionorganisasjonane finn seg i det, er ikkje sagt. Mistilliten mellom spionreiret og haukane i Washington har lenge vore gjensidig, og om M16-agentane er det sagt at dei gjer ingen – anna enn å venta på ein arbeidarpartiregjering å spenna bein på. Det undrar såleis ingen om eit og anna fortruleg dokument som kompromitterer Bush eller Blair skulle koma på avvegar i tida framover.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |