Dag og Tid nr. 23, laurdag 7. juni 2003

Helgheim:
Tonking før og no

Å sprite opp etterretningsrapportar for å få opinionen med på krig, er ingen ny sport i Washington eller Pentagon. Ein episode som meir enn nokon vart brukt som påskot til å trappe opp Vietnam-krigen i eit avgjerande stadium, skriv seg frå Tonking-bukta 4. august 1964. Heile Vietnam-krigen er frå start til mål ei historie om korleis rapportane frå slagmarka vart pynta på, for å få dei folkevalde med på opptrappinga av krigen til general Westmoreland, ein krig som for alvor skaut fart under president Lyndon B. Johnson. Ikkje minst likteljingar (body counts) over falne fiendesoldatar var legio, ein skikk USA offisielt gjekk bort frå i Irak. Men det endelege resultatet av den største feilrekninga USA har gjort, kjenner vi: Ein krig som kosta millionar av vietnamesiske menneskeliv, over 50.000 amerikanske, og eit nederlag nasjonen USA aldri har kome over. Den lagnaden risikerte dei ikkje no, sjølv om spådommane til den avhoppa USA-diplomaten Brandy Kisling om korleis USA skal komme seg ut av ei ny politisk hengemyr, er lite lystelege.

Den 2. og særleg 4. august 1964 melde USA om hendingar i Tonking-bukta som skulle få avgjerande følgjer for den vidare krigføringa. To amerikanske destroyerar på «rutinemessig» tokt i området, som faktisk ligg utanfor det nordvietnamesiske fastlandet, vart skotne på eller angripne av torpedoar. Seinare kom det for ein dag at det var falsk alarm, men då hadde presidenten 5. august halde sin store tale til Kongressen, ein tale som var det næraste USA nokon gong kom ei offisiell krigsfråsegn. Kongressen følgde to dagar seinare opp med ein resolusjon som gav presidenten like frie hender i Vietnam som US Patriotic Act gav Bush etter 11. september 2001.

Sanninga om Tonking-hendingane var at den amerikanske destroyeren Maddox 2. august var på spionmanøvrar i området, koordinert med åtak mot Nord-Vietnam frå den sør-vietnamesiske marinen og fly frå Laos. Daniel Hallin, forfattar av boka The «Unsensored War», skreiv at det hadde vore åtak mot Nord-Vietnam to dagar før, som lekk i ein kampanje for auka press som USA hadde drive sidan tidleg i 1964. Men om kvelden 4. august kunngjorde Pentagon at nordvietnamesiske patruljebåtar var i området, og verda fekk vite at det var avfyrt torpedoar mot to amerikanske destroyerar.

I god tid før Johnson hemna seg på Nord-Vietnam hadde Washington fått melding frå USAs kommandant i området, John J. Herrick, om det var vanskelege vertilhøve, totalt mørke og ein «overivrig sonarmann» som hadde høyrt «slaga frå båtens eigne propellar». Ein amerikansk pilot som flaug over området sa at «våre» båtar var dei einaste som var der, og dei skaut på «fantom-mål». I 1965 kommenterte Johnson hendinga slik: «For alt eg veit, dreiv marinen og skaut på kval der ute».

Den politiske skandalen er ein ting, men både Daniel Hallin og andre forfattarar av Vietnam-bøker viser at journalistar som følgde krigen hadde flust med informasjon til å stille spørsmål ved den offisielle versjonen av hendinga. I staden slo både Washington Post og New York Times opp bombinga av Nord-Vietnam som svar på «nye åtak frå nordvietnamesiske kanonbåtar». Dessutan var det vel kjent at hemmelege aksjonar mot nord, med støtte frå USA, hadde vore i gang lenge. Men takk vere både ei ukritisk presse og godtruande politikarar fekk Johnson det som han ville.

I talen til Kongressen sa han:

«Amerika held det ho lovar. Her som alles skal vi oppfylle pliktene våre. Saka gjeld framtida til heile søraust-Asia. Ein trussel mot eitt land i regionen er ein trussel mot alle, og mot oss. Vi ønskjer fred. Vi har ingen militære, politiske eller territorielle ambisjonar i området.»

Han la til at dette var ingen jungelkrig, men ein kamp for fridom på alle område av menneskeleg aktivitet.

Resten er, som det heiter, historie. I lys av dette er ikkje minst The Pentagon Papers verd eit studium. Det var den hemmelege rapporten forsvarsminister Robert McNamara i 1967 fekk laga om Vietnam, som The New York Times fekk tak i, og som ho saman med andre amerikanske aviser trykte lange utdrag av. I ein rapport frå den amerikanske ambassadør Taylor i juni 1964 blir det åtvara mot «Gå mot nord»-kampanjen som det sørvietnamesiske styret i Saigon planlegg i samarbeid med USA. (Året før hadde Kennedy som ei av sine siste utanrikspolitiske handlingar godkjent at CIA medverka til eit kupp i Saigon, der Ngo Dinh Diem vart styrta og drepen og den meir lojale Nguyen Van Thieu vart ny president i sør). Neste dokument er frå 8. august, der ein note frå USA til Canada med den offisielle Tonking-versjonen. Likevel framstår den saka i dei interne dokumenta som ein liten flik, under dei omfattande planane for eit storstila åtak mot nord. Dei er skildra i kapitlet The Consensus to Bomb North Vietnam, som dekkjer perioden frå august 1964 til februar 1965.

Johnson-administrasjonen oppnådde «ein generell konsensus» på eit møte i Det kvite hus 7. september. Det var midt i den avgjerande valkamp-innspurten mellom Johnson og Barry Goldwater. Og den siste runden i den detaljerte krigsplanlegginga starta 3. november, den dagen Lyndon B. Johnson vann sitt første eigne presidentval. Hundre dagar seinare starta bombinga av Nord-Vietnam, under kodenamnet Rolling Thunder.

Den neste skurken i Vietnam-dramaet heiter Henry Kissinger. I 1968 deltok han i eit renkespel som torpederte fredsforhandlingane om Vietnam i Paris, og bana vegen for Richard Nixon som ny president. Det er ei anna soge. Men det er den same soga.









© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |