Dag og Tid nr. 23, laurdag 7. juni 2003

Bøker:
Digresjonen

Ikkje bare synest eg det er utruleg artig å lese og le av humoristen Tor Åge Bringsværd, men eg synest det også er lærerikt å lese moralisten og vismannen Bringsværd, skriv Atle Christiansen.


ESSAY
Tor Åge Bringsværd:
Samtaler med svart hund
Gyldendal Norsk Forlag

Samtaler med svart hund
er først og sist ei brev- og artikkelsamling om Tor Åge Bringsværd, hund og digresjonar. Boka er eit langt brev til lesaren, med innlagde sitat, artiklar, fotnotar, parentesar, forteljingar, grublingar, vurderingar, essay og samtalar. Samtalane med hunden Sheba dannar nåtida, mens sitat og digresjonar utgjer mange og ulike sprang att og fram i tid og tema. Eg trur det er bortimot rett å seie at mange leikande forfattarar er kattemenneske. Myten om kunstnarar i det heile er vel at dei liker den frittgåande katten framfor den autoritetstru hunden. Bringsværd har alltid vore kattemann, men på grunn av det eine og andre har familien nå fått hund og han er blitt hundemann. Dette gir grunn til refleksjon og undring, og det utnyttar han til fulle i si nye bok. Som ny og uvitande hundemann kan han stille alle dei dumme spørsmåla om hund og menneske, om hund og katt og om alt anna som ligg til hundens vesen og veremåte. Viss ikkje desse tekstane om hund og mann er opplysande og lærerike, er dei forteljande, humoristiske og lune. Stort sett er dei både kloke og morosame. Heile tida er dei vittige. Før eg skriv meg bort, vil eg gjerne understreke at eg ikkje bare synest det er utruleg artig å lese og le av humoristen Tor Åge Bringsværd, men at eg også synest det er lærerikt å lese moralisten og vismannen Bringsværd (Det med å bli kalla «moralisten» kjenner han seg neppe vel med sjølv, han vil nok som Holberg og Johannesen, tenkje om seg sjølv at han skriv moralske tekstar, men så får det også vere nok med moral. I den same setninga vil han derimot vere nokså nøgd med å bli kalla vismann, men eg veit ikkje om det er rett karakteristikk heller. La meg bare gjenta at Bringsværd er lærerik og morosam, og like mye det eine som det andre. Sjølv skriv han ein stad i årets samling: «Forut for de fleste AHA-opplevelser, går det gjerne en HA-HA-opplevelse.»)

Forfattarvilje


Å gå utanom saka er ein eldgammal sport blant skrivande folk, ja, sport er det kanskje ikkje, men ein velkjend måte å skrive tekstar på er det i alle fall. Noen bare elskar denne måten å skrive på. Og mange bare elskar å lese sånne tekstar. Det er sjølvsagt ikkje alle som får det til, for det krev både fantasi og ertelyst og mye anna for å halde parentesar og fotnotar gåande. Mange forfattarar har nok med å halde tunga rett i munnen og føre den eine setninga nølande, men korrekt etter den andre. Bringsværd derimot talar med dobbelt tunge, tenkte eg i full fart, men dobbel tunge blir noe anna. Han bare liker å la tunga gå, kunne eg kanskje seie, og det er det nok mye rett i. Utan tvil har vi med ein forfattar å gjere som liker å prate, prate i skrift, da, som vel blir å skrive, og i byrjinga tenkte eg at «pratmakaren» kunne vere ein god tittel på ei melding av tekstsamlinga hans, men det kviler noe negativt over «pratmakar» som eg slett ikkje har lyst at lesarane skal tenkje på når det gjeld Bringsværd. Det er nok rett på eitt vis at han liker å drodle seg framover i skrift, men det er jo forteljarglede og oppdagartrong som ligg under praten. I grunnen er det vel bare forfattarvilje som ligg under praten, viljen til å lage gode tekstar.

Digresjonen er vennen til forfattarar og lesarar som liker å gå utanom. Digresjonen tar deg med utanom saka, og det er vel fordi forfattaren synest at saka ikkje er interessant nok i seg sjølv, eller at saka kallar på sidespor, at saka er så interessant at ho vekkjer opp andre idear og tankar, assosiasjonar som forfattaren vil innom, ikkje minst fordi ein slik forfattar tenkjer at saka ikkje går noen stader mens ein tar seg ein avstikkar. Bringsværd har ein gong skrive at kreativitet er evna til å handsame assosiasjonane våre, dermed blir ein på ein måte nøydd til å følgje med på spranga tanken gjer. Digresjonen kan kaste lys over saka, som det heiter. Men digresjonen kan bare vere digresjon også. Og ein blir ikkje nødvendigvis usakleg om ein går utanom saka, ein blir på ein måte fri også, slepp unna den klamma handa til saka og den dårlege anden til alle dei som har vandra omkring henne og gjort seg lekker for henne. Med ein digresjonen kan ein jo setje ein ny dagsorden, peike nase til saka og etablere noe som er viktigare.

Samtaler med svart hund
(2003) er eit forseinka brev til lesarane, det skriv Bringsværd i forordet sitt. Det førre brevet han sende var Pustehull. 1. Råk (1989), og det var meininga å kome med oppfølgjaren i 1999. Van Thomassen og Suzanne avbryt stadig tekstgangen i Pustehull, 1. Råk med sine paradoksale og livskloke replikkvekslingar, og eg siterer starten på den gamle boka bare for å gi lesaren ein peikepinn på tonen og haldninga, for desse paradoksa, dei er nok ole brumske også, dei seier mye om trua til Tor Åge Bringsværd, trua på fantasien og at alt ikkje er som det ser ut til og kanskje tvert imot. Hos Bringsværd ligg det håp i mistak, feilgrep og tilfelle også. I årets bok heiter det stadig at tilfella er våre venner, og det heitte det kanskje i 89-boka også, men i alle fall, slik byrjar den gamle boka: «Van Thomassen: Jeg har aldri vært her før. Suzanne: Når var det? Van Thomassen: For to år siden.»

Tekstsamlinga frå 1989 var eit oppkomme av sprelske innfall og artige påfunn, ei bok full av humor, glede og varme. Dessutan var det ei klok bok også, der ein kunne lære mye om livet sånn i det generelle og ein god del om det litterære sånn i det spesielle. Lesaren blei tatt med rett inn i skrivestua til Bringsværd der han ausa av sine litterære erfaringar og fortalde og forklarte korleis fantastisk litteratur blir eventyrleg god. Boka var den gongen – og er ennå – ei fantastisk artig bok som ikkje gjer lesaren anna enn klokare og gladare, ikkje minst gladare.

Også brevsamling

Eg har vel allereie avslørt at det dreier seg om ei essaysamling, men eg vil tru at brevsamling er ein like dekkande tittel, og om eg minnest rett, skreiv Bringsværd sjølv ein stad at boka var hans brev til lesarane, og eg trur til og med at han koketterte med at dei få som las bøkene hans, i grunnen kunne samlast og lese desse breva saman. Pustehull, 1. Råk inneheldt innfalla til Bringsværd, kladdar, notat, skisser og utkast som endeleg fekk ein verdig plass i det som var ei slags oppsamlingsbok eller oppsummeringsbok, ei oppryddingsbok nærmast. Og det er da ein raus tanke, at forfattaren gir oss sine halvferdige manus og serverer dei med kommentarane sine attpåtil. Ja, det er ein raus tanke. Så blei det også ei raus bok av det. Og nå er det kome ei ny av same slaget, og den heiter Samtaler med svart hund. Også dette er ei oppsummeringsbok, bygd opp som samtalar med ein flatcoated retriever som heiter Sheba, og desse samtalane blir på bringsværdsk vis avbrotne av sitat, fotnotar og digresjonar. I det store og det heile må ein vel kunne seie at det er digresjonen som tar plassen i denne boka på gode 462 sider. Som kjent går digresjonen utanom saka. Og der har ein i grunnen Bringsværd. Han seier det sjølv mange gonger, at han har det med å gå utanom saka. Han luskar knapt nok i utkanten av saka; han traskar utanom og bortanfor, og han er nesten konsekvent ein annan stad og i eit anna tema enn han har varsla. Vel, konsekvent? Konsekvent høyrest litt rart ut om ein forfattar som legg si ære i å ære tilfella og ikkje late seg styre av det planlagde.

Fleire fotnotar!

Allereie på den første tekstsida i årets bok blir lesarane presenterte for ein av kjepphestane til Tor Åge Bringsværd, nemleg at det er altfor få parentesar og fotnotar i verda, og det aktar sjølvsagt Bringsværd å gjere noe med. Boka er i tråd med dette blitt full av avbrytingar i form av nettopp parentesar og fotnotar. Forfattaren vil vel neppe kalle desse sidespranga for avbrytingar. Viss han meinte dei trong eit anna namn enn «parentes» og «fotnote», ville han kanskje ha kalla dei framhald. Men saka er også at parentesen og fotnoten kan vere både det eine og det andre, og det er nok det aspektet Bringsværd liker med dei. Alt som ikkje vedkjem saka, går i parentes og fotnote. Så har dei noe med saka å gjere likevel (på den eine eller andre måten).

Artiklane med Sheba handlar som sagt om mannen Bringsværd og hunden Sheba på luftetur. Tidvis er dei begge i tvil om det er mann som luftar hund eller hund som luftar mann. I ei replikkveksling mellom hund og mann, seier hund mellom anna dette: «Men på samme måte som dere har temmet oss, så har jo vi også temmet dere (...) For eksempel har vi lært dere å kaste pinner!» Samtalane mellom mann og hund handlar både om dei daglege gjeremåla deira, som å gå tur og det dei opplever på turen, men mannen får også tekstplass til å fortelje frå historia til hunden, opphavet og temjinga av hunden, samt undrande parti om hundens vesen og dens kjærlege forhold til mennesket. Bringsværd finn inga fornuftig forklaring på hundens kjærleik til mennesket. Han avviser at hunden liker oss fordi han ser på oss som leiarhund («Hunder er ikke dummere enn at de ser forskjell på en rørlegger og en labrador», skriv han.) Bringsværd landar på at hunden rett og slett liker oss, og grunnen er ikkje lett å finne.

Briljant

Det hjelper å vite noe om livet, men det er lettast å leve viss ein trur på det i tillegg. Bringsværd trur. I alt han skriv, skin det igjennom at han trur på meining og forløysing (for nå å seie det litt flott) ved hjelp av kunst og litteratur. Han formulerer seg både eksplisitt og implisitt om dette, og sånn sett er tekstsamlinga hans eit langt og heroisk forsvar for kunsten og kulturen i samfunnet. Hundemannen Bringsværd er spesialist på mytar og eventyr, og hans fine gjennomgang av ørsmå skilnader på mytar og eventyr er briljant og perspektiverande. Grovt sagt seier han at mytar og kriminallitteratur har det til felles at dei vil ta vare på samfunnet og forsvare dei rådande forholda i samfunnet, mens eventyret ber opprøret i seg og opponerer mot samfunnsforholda. Etter krimmen og myten blir alt som før. Etter eventyret blir noe muligens annleis. Lakonisk konkluderer han: «Og ingen bør altså undre seg over at klassisk krim alltid har vært borgerskapets og næringstoppenes yndlingslektyre...»

Eg er nesten freista til å seie at hovudsaka i årets bok er bisakene. Her er artiklar og digresjonar om Hølen, om Ole Brum og dei andre i skogen, om hund, om saknet etter katt, om Peter Haars, om Jon Bing, om science fiction, om debuten, om refusjonar, om Asbjørnsen og Moe og arven etter dei, om mat, om dokketeater og vanleg teater, om samtidslitteratur, om Roald Amundsen, om Tarzan og andre heltar, om Tove Jansson, K. Unsten og mye meir. Midt oppi alt har du forteljar-gleda til Bringsværd, og forteljartrua.

Atle Christiansen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |