Dag og Tid nr. 21, laurdag 24. mai 2003

Bøker:
Solid lyrikkdebutant

Hildegunn Dale presenterer seg som ein fullt mogen forfattar.

Hildegunn Dale:
Solkant
Det Norske Samlaget

Det kan i utgangspunktet vera vanskeleg å få tak på dikta til Hildegunn Dale. Dei inneheld bilete, konkrete sansingar som samstundes synest tunge av symbolsk innhald. Men dei gjev stort sett ikkje frå seg meining anna enn som ei aning om at det er eit større bilete ein ikkje ser. Noko med sol og vatn, fuglar og bygningar, mjukt og hardt. Ein finn att mønster i boka, bilete som blir repeterte, varierte og turnerte. Og ein – i alle fall eg – blir fascinert. Det går etter kvart opp for meg at dei strame, presise dikta har noko med sola, riva, treet og det runde tørkestativet å gjera. For på same måte som dei, har dikta harde aksar – altså liner – som faldar seg ut som ei vifte. Som solstrålane, taggane på grasriva, greinene på treet, spilene i tørkestativet, markerer dei eit felt ein kan hengja opp meining, aning eller forståing på:

Vinden set nake metall i rotasjon.

Ein ullgenser heng etter stive armar,
daskar med vonde knekk.

Det er snart morgon
men genseren vil ikkje tinast i tide

og dei rette metallgreinene
skjer gjennom sitt eige midtpunkt,

surrar rundt og rundt.

Me kan oppfatta genseren som den menneskelege forma, «innhaldet», og vinden som saum-faringa utanfrå, «lesinga». Men opptininga, nærværet, varmen kjem ikkje «i tide». Diktet blir ståande i ei stengd rørsle, det «snurrar rundt og rundt» når me prøver å lesa det. Me set i gang ei rørsle som ikkje fører til anna enn rørsla sjølv. Diktet peikar mot ei forståing, ein empati, ei samforståande kjensle som er utsett, som høyrer framtida til. Fordi diktet, som tørke-stativet, er noko ein kan hengja ting på, men som ikkje seier anna om tingen enn at han heng der. «Her er meining», seier diktet. «Men eg kan ikkje seia anna om meininga enn at ho er som ein frosen genser. Meininga her er ikkje noko eit menneske kan gå inn i endå.»

Diktet eg siterte ovanfor er det aller første i boka. Her er det tredje siste:

Den gamle mannen og eg går til ulike tider,
mellom fingrane trer varmraude skuggar fram.

Hekkane fylgjer formene langs bakken,
dannar eit inntrykk av husa og hagane.
Ein støvel treffer bakken, svart.

Rørsler blir heile tida rive laus, stilnar i bogar
og halve straumar, inne mellom stammene.


Eg håper du likar dette, slik eg gjer. For om Georg Johannesen har rett i at dei aller fleste forfattarar skriv på den same boka gjennom heile forfattarskapen, så kan me ikkje rekna med mykje nytt frå Hildegunn Dale i framtida. Ho er alt ein mogen forfattar.

Hadle Oftedal Andersen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |