Dag og Tid nr. 19, laurdag 10. mai 2003

Bøker:
Til samtale  og ettertanke
Anna Bache-Wiig treffer både det tidlause og det tidstypiske i eit ungdomsmiljø så godt at bokhandlar, bibliotekarar, lærarar og foreldre bør merke seg denne debutanten.

ROMAN
Anna Bache-Wiig:
Det aller fineste
Tiden

Anna Bache-Wiig (f. 1975) debuterer med ein roman i grenselandet mellom vaksenbok og ungdomsbok, lett å lese, lett å kjenne seg igjen i for den som er ung og for den som arbeider med unge eller har unge i huset, men samtidig har romanen eit innhald som går ut over det typisk gjenkjennelege innanfor ein generasjon, i miljø og tidsbilete, for den inviterer både til ettertanke og samtale. Det er godt handverk med litterære verdiar, men først og fremst er det ei bok som fortener merksemd i ei tid da ungdommen skal styrast tilbake til og styrkast i si leselyst.

Handlinga er lagd til 1980-åra, staden er Bærum, og personane er ein vennegjeng i ein ungdomsskoleklasse. Eg-forteljaren Marte er grenseprøvande i forhold til seg sjølv og til omverda, ho er ei i jentegjengen, har dei rette kleda, beherskar sjargongen, gjer dei rette tinga utan å gå så langt som til å røyke eller drikke seg full eller «rote» med gutar slik Charlotte og Cecilie og Gabi gjer, men ho er med på såkalt «grøfting», og ho er med på heime-aleine-festar der det går temmeleg vilt for seg. Dei lever i ei overflatisk og umogen verd av pop- og filmklisjear der forventningspress og gruppepress styrer livet deira, og der den som ikkje er inne, er heilt ute, rett og slett viggo, eller utan venner. Dei er små vaksne utan den vaksne sin diskresjon, dei er usikre og sårbare, merkebevisste og misunnelege, infame, jævlige og rå mot kvarandre og har olbogar spisse som stilettar. Samtidig held dei saman som gruppe, utan annan identitet enn den dei finn i flokken, i fnisinga og i det interne latterkicket.

Etter kvart skil Marte seg ut. Ho er flink på skolen, er opptatt av miljøvern og kler seg freakete. Dermed blir ho skvisa av gjengen og gjort til ein ikkje-person i klassen. Utstøytingsmekanismane er ondskapsfulle, nådelause og infame og blir retta mot dei såraste punkta: venninnene stryk ut namnet hennar i pusurbøkene sine, det blir himla med auga, dei vender ryggen til, ho blir mobba for å vere skolelys, han ho er avstandsforelska i, flørtar med andre.

Innsikt

Marte si krise er skildra med fin psykologisk innsikt utan å bli overtydeleg, og dette er noko av styrken hos Anna Bache-Wiig, dette å ymte om noko utan å forklare det i hel, ein liten detalj er nok, ei lita registrering, noko som blir sagt som opnar for større perspektiv.

Språket er enkelt og direkte, munnleg og fullt av ungdomssjargong frå 1980-talet. Ein del av uttrykka kjenner ein igjen, til dømes «hemma», «molle», «ass», «døll» og «iglete», andre synest å vere lokale som uttrykket «trofull» for å vere full på liksom. Om «sinnsykt» var utbreidd for 15 år sidan, er kanskje tvilsamt.

Poenget

Framstillinga er episodisk og kan minne om korte, poengterte historier sette saman til ein heilskap. Det fungerer greitt nok, men gir samtidig inntrykk av noko springande og fragmentarisk, ei leiting etter det typiske i kvar situasjon. Sjølv om perspektivet ligg hos 14-åringar, er det likevel atskilleg ironi over ein del av scenane, til dømes der ei rikmannsdotter ber 250 tenåringar til 17. maifest på SAS Globetrotter Hotell på Snarøya, og etter å ha lese denne romanen, tenker ein at dagens unge kanskje er hakket verre. Eller? Det er i og for seg ikkje noko poeng; poenget er at Anna Bache-Wiig treffer både det tidlause og det tidstypiske i eit ungdomsmiljø så godt at denne lesaren ber både bokhandlar, bibliotekarar, lærarar og foreldre merke seg denne romanen. Kanskje vil ein og annan ungdom gripe boka framfor fjernkontrollen.
Oddmund Hagen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |