Dag og Tid nr. 18, laurdag 3. mai 2003

Musikk:
Meir enn lydkunstnar

Dan Lanois lagar musikk som skin og brenn om kvarandre.


Daniel Lanois:
Shine
Anti/MNW

Dan Lanois er mest kjend som ettertrakta produsent og lydmann. Då Bob Dylan kom tilbake etter ei rekkje uinspirerte produksjonar seint på åttitalet med Oh Mercy (1989), vart han spurt om kvifor han treivst så godt med Lanois, som medverka sterkt til at plata vart ein suksess. Han svarte at det var fordi Lanois ikkje berre var produsent, men fordi han òg var ein framifrå musikar. Han forstod seg på musikk. Lanois hadde sett opp innspelingsutstyret sitt i eit hus i New Orleans – som Dylan sykla til kvar morgon – og var djupt involvert i produksjonen, langt utover å sitje bak spakane i eit studio. Ikkje minst hadde Lanois skapt ein atmosfære som ein artist som har vanskeleg for å trivast i eit studio kunne utfalde seg i.

Estetikk

Denne mangfaldige rolla som idérik medmusikar og lydkunstnar, samt evna til å vere mildt men insisterande til stades i plateproduksjonen som inspirator – og mest av alt ein genuin musikalitet – har gjort Lanois til vår tids viktigaste plateprodusent. Platene han medverkar på har noko tidlaust over seg, og det er fordi han aldri har kasta seg på siste trend, han har ikkje vorte blenda av den teknologiske eksplosjonen som har endra musikkproduksjonen i vår tid, men han har heller ikkje innteke ein anakronistisk og konserverande posisjon. Lanois sine plater høyrest ikkje fortidige ut. Snarare vitnar dei om ein eigen konsistent og medviten estetikk, høyrbar på ei rekkje meisterlege utgjevingar, mellom andre Peter Gabriels So (1986) og Us (1992), fleire U2-plater, Dylans Time Out of Mind (1997), som er Lanois sin eigen favoritt, og på plater frå Neville Brothers, Robbie Robertson, Emmylou Harris, og Willie Nelson. Alle desse platene er prega av Lanois, samstundes som han har late artistane halde på det som er deira eige. Den legendariske Sam Philips, produsenten i Sun Studio i Memphis som hjelpte fram Elvis Presley, Roy Orbison og Johnny Cash på femtitalet, sa ein gong at rolla hans var å finne fram til det i artisten som måtte ut, og hjelpe til med å få det fram. Ei slik rolle har Lanois hatt, men evnene hans går utover dette – ikkje berre er han instrumentalist og lydmann, han kan òg komponere, og er ein flott vokalist.

Soloartist

Det er difor ikkje overraskande at Lanois òg har prøvd seg som soloartist, på to plater, Acadie (1989) og For the Beauty of Wynona (1993), og på eit lydspor til filmen Sling Blade (1996). Ikkje berre har platene ein kresen produksjon, dei byr på komposisjonar med høg kvalitet. Første plata, spelt inn i New Orleans, bar preg av Lanois si nomadiske sjølvforståing som òg pregar hans musikksyn: musikken står ikkje stille, men flyttar seg med menneska, og endrar seg med dei. I få byar er dette tydelegare enn i New Orleans, og Lanois knytta til seg mange lokale musikarar på plata, samt tok med seg impulsar frå reisene sine. Plata tematiserte hans eigne fransk-kanadiske bakgrunn på ein intim og involverande måte. Andre plata, som kom fire år seinare, var røffare, og den elektriske gitaren spelte ei meir sentral rolle i lydbiletet.

Kjærleikserklæring

Forventningane er dermed store når Lanois kjem med den første plata på ti år – om ein ser bort frå lydsporet – og Shine innfrir. Musikarane er stort sett folk Lanois har jobba med i ei årrekkje, særleg Daryl Johnson, i seg sjølv ein framifrå multi-instrumentalist, den fantastiske perkusjonisten Brian Blade, og gitaristen Malcolm Burn. Bono og Emmylou Harris syng med på kvart sitt spor. Det er lett å kjenne att Lanois frå tidlegare plater: musikken er prega av ein lydleg perfeksjonisme kombinert med ei tilnærming til uttrykket som eg best kan karakterisere som sjelfull. Mykje har vore skrive om den panoramiske produksjonen til Lanois, og igjen er lyttinga som å vandre inn i eit landskap der ein stadig vert vaken for nye nyansar. Mest av alt framstår Shine som ei kjærleikserklæring til krafta i musikken, og særleg Lanois si nyoppdaging av steelgitaren og det undervurderte potensialet som ligg i instrumentet. Dei som no tenkjer på sentimental country bør lytte til Shine, der steelgitaren er nytta til å gi farge til eit breitt spekter av stemningar. På instrumentalane «Transmitter» og «JJ Leaves LA» er steelgitaren gitt sentralposisjonen, og det er sjeldan musikk gir uttrykk til einsemd og lengt på ein slik måte.

Enkelt og nært

Elles er det mange detaljar å glede seg over. Det leikne jazzpiano-riffet i botnen på «As Tears Roll By», det lett karibiske kompet på «Shine», og på «Power of One», som òg sender tankane til Hendrix sin gitar. Lanois lesser ikkje på, og dei spora som festar seg mest på Shine er då òg særleg dei som har ein naken, nesten transparent produksjon, som «Space Kay». «Sometimes» og «San Juan» er enkle og rørande låtar der Lanois syng med nærleik og varme. Det er kanskje dette nære og enkle som gjer det spirituelle i tekstane til Lanois truverdig i staden for banalt. Det ligg ei naivistisk glede i denne feiringa av musikken si kraft, slik at ein når ein høyrer Lanois synge i «Fire» om musikken, om gitaren, «my tremolo, you’re my fire», kan ein ikkje anna enn å konstatere at det skin og brenn, om kvarandre, slik Lanois syng. Slik er Shine ei plate som feirar musikken si kraft i liva våre, på både direkte og indirekte vis – ho omhandlar den krafta ho sjølv har. Det er ein sjeldan prestasjon.

Øyvind Vågnes

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |