Dag og Tid nr. 18, laurdag 3. mai 2003

Kronikk:
Nykonservatisme i Det nye Rom

Dei kaklande klassane i Europa har brått oppdaga den amerikanske intellektuelle moteretninga som kallar seg «nykonservativ», skriv statsvitar Pål Bakka.


Etter at sjokket over å oppdaga at dette er menneske med utdanning som kan eta med kniv og gaffel har lagt seg (jfr. Alain Frachon & Daniel Vernet, Dag og Tid 17. april) er menn som Paul Wolfovitz og Richard Perle gjorde til arkitektane for ein «ny», aktivistisk utanrikspolitikk i USA under Bush jr. Andre, i USA, har gått lenger og funne opphavet til «rørsla» i «the influential Jewish-American faction of the Trotskyist movement of the ‘30s and ‘40s» (Alexander Lind i New Statesman; sitert i Robert J. Lieber, Chronicle of Higher Education, 29. april 2003).

Historieløysa er ikkje mindre på denne sida av Atlanterhavet enn på hi sida.

Haukar før og no

For eg har vondt for å skilja dagens haukar frå gårsdagens. Det «nye» ved dei er at dei har kasta på båten den danninga som vanlegvis vert forbunden med ordet konservativ. David Horowitz er like radikal i si form som han var for ein mannsalder sidan, sjølv om innhaldet er eit anna (jfr. Roald Helgheim).

Amerikansk nykonservatisme står i ein direkte historisk kontinuitet frå manifest destiny-imperialismen til Teddy Roosevelt, Franklin D. Roosevelt sin «realistiske intervensjonisme» og George C. Marshall og John Foster Dulles si unilaterale «koalisjonsbygging» under Den kalde krigen. I 1947 forkasta Truman og Marshall etter råd frå Dulles FN og satsa på ein «koalisjon av viljuge» for å tryggja freden og skapa velstand i Europa gjennom NATO og europeisk integrasjon.

Dei nykonservative er i tradisjonell amerikansk politisk språkbruk «konservative intervensjonistar» og skil seg difor frå dei «paleokonservative» isolasjonistane rundt Pat Buchanan, som nærmast er for ein nasjonalsosialist å rekna. Men dei er også milevidt frå dei «liberale intervensjonistane», orsak «internasjonalistane», i tradisjonen etter Woodrow Wilson, som dominerte Bill Clinton si regjeringstid. Sjølv om skiljet mellom dei intervensjonistiske tradisjonane i dag er flytande. Bush jr. sin visjon om eit fritt og demokratisk Midtausten som han målbar i ein tale i American Enterprise Institute i februar, vart kritisert som «excessively Wilsonian» (Lieber, op.cit).

Den største av alle

Konvensjonelt er «nykonservativ» brukt om demokratar som ser lyset og omfamnar republikanske synspunkt. Den største av alle nykonservative er etter denne målestokken Ronald Reagan; det enkle mennesket frå Hollywood som trudde kvart ord Franklin D. Roosevelt sa om fred og demokrati og fråvere av frykt – og handla deretter. Ein mann enkel nok til til og med å ta Lincolns Gettysburg-tale om at «government of the people, by the people, for the people shall not perish from this earth» alvorleg.

Desse orda er operasjonalisering av den amerikanske presidenteiden sitt formular «uphold and protect the Constitution». Dei fall, passande nok, i minnetalen over dei daude i slaget som snudde krigslykka i Borgarkrigen (1861-1865). Denne krigen byrja transformasjonen av USA frå ein konstitusjonell republikk til eit massedemokrati. Det var ein blodig krig. For demokratisering er, som alle store sosiale transformasjonsprosessar, ein blodig og valdeleg prosess. Demokratiseringa av Europa mellom 1917 til 1999 kosta ein stad mellom 50 og 80 millionar menneskeliv.

POTUS

Lincoln sa ikkje «this land» eller «continent» eller «hemisphere». Han sa «this earth» – verda. Sidan det er sjølvinnlysande at demokratiet er den beste av alle styreformer, pliktar den som styrer Dei amerikanske sambandsstatane å verna det. Ikkje berre i sitt eige land. Demokratiet er universelt. Det er eit gode alle menneske har krav på å dela. Dei fortel på ein enkel måte kva plikter som kviler på President Of The United States; om kva bør den som tek på seg embetet, må bera.

Eitt berande element i amerikansk utanrikspolitikk i Det tjuande hundreåret var nettopp å setja Lincolns ord ut i livet. Første, Andre, Tredje Verdskrigen hadde alle det erklærte mål å sikra demokratiet i USA ved å frigjera folk i andre land frå dei tyrannane dei leid under. Irak er berre første steget i ein prosess som har som mål å frigjera verdas arabiske og muslimske folk frå despoti – om naudsynt med krig. Det er ikkje første gongen USA gjer dette. Tyskarane var ei hard nøtt – men etter fire-fem-seks millionar døde og to tapte krigar forstod dei sitt eige beste og vart gode demokratar.

Bush-doktrinen frå 2002 om forkjøpskrig mot land som kan vera eit trugsmål mot USA, er heller ikkje ny. Både i 1917, 1940-41 og 1946-47 vart Tyskland og Sovjetunionen peika ut som trugsmål mot USA som måtte møtast militært. Doktrinen kan like gjerne kallast Roosevelt-doktrina. Både Theodore og Franklin D. Roosevelt såg på krig mot det «militaristiske og autoritære Tyskland» som uavvendeleg og naudsynt for at demokratiet i USA ikkje skulle gå til grunne.

Draumen USA

USA er, i motsetnad til alle europeiske land, eit samfunn med ein internalisert demokratisk politisk kultur: Egalitær inntil det virulent antiautoritære, radikal og populistisk; heterodoks inntil det ekstreme – og latterlege. Slik sett er landet den europeiske venstreintellektuelle sin våte draum. Limet som bind saman dette samfunnet utan hierarkisk definerte verdi-normer eller etnisk definert nasjonal solidaritet, er det settet politiske verdiar som vert kalla «patriotisme», der demokratisk triumfalisme vert kopla med ein sjåvinistisk nasjonalisme: Trua på at USA er verdas beste land – fordi det er demokratisk både politisk og sosialt.

At USA er radikalt og demokratisk, vil ikkje seie at landet ikkje har ei høgreside i politikken. Den kallar seg sjølv konservativ. Dei om det. Konservatisme utan verdihierarki er umogeleg. Men dei amerikanske konservative fungerer på sitt ideologisk demokratiske samfunns premissar. Dei er meir triumfalistiske, meir patriotiske, meir nasjonalistiske, meir antiautoritære enn venstresida. At ho er populistisk tyder ikkje at ho er uintelligent, vankunnig eller udanna. Men ho løyner si danning fordi danning berre er eit middel til å lukkast i marknaden. Danning for si eiga skuld er «uamerikansk»; ein manifestasjon av det verdihierarkiet som er antitesen til ein demokratisk politisk kultur.

Denne politiske kulturen gjer USA aggressivt imperialistisk i same forstand som Romarstaten var det. Men den beste gravskrifta for ein amerikansk statsmann er ikkje som Cicero sa om den romerske: At han utvida statens grenser. Den er at han sikra at «government by the people, of the people, for the people did not perish from this earth».

Fienden

I Det tjuande hundreåret hadde USA to store fiendar: Tyskland og Sovjetunionen. Men det er verd å merkja seg at fienden ikkje vart definert i dei nasjonale termane brukelege i Europa. Det var prøyssisk militarisme, nazisme, imperialisme og kommunisme som var fiendane, ikkje tyskarar eller russarar. Fiendebiletet som vart dyrka fram var ideologisk, ikkje nasjonalt; utan omsyn til at rasistiske stereotypiar hadde ein like framståande plass i amerikansk som i tysk propaganda under Andre verdskrigen.

Grunnen til at USA definerte desse landa som fiendar, var at dei var stormakter med styresett som var antitetiske til den amerikanske institusjonelle definisjonen av demokrati som frie val, ansvarleg utøvande makt og marknadsøkonomi. Dei var trugsmål mot USA, materielt så vel som ideologisk. Det er uinteressant å freista skilja amerikanske stormaktsinteresser frå ideologiske interesser i dette fiendebiletet.

USA gjekk til krig mot Tyskland i 1917 av di eit sigerrikt keisar-Tyskland, slik intervensjonistane såg det, ville vera eit trugsmål mot USA. Ikkje berre måtte den europeisk maktbalansen rettast opp. Sidan det var fordi Tyskland var militaristisk og autoritært at det hadde byrja krigen var det naudsynt å demokratisera det. Amerikanarane kopla sin nasjonale tryggleik med den måten tyskarane styrde seg sjølve på.

Internasjonalistane i USA, leidde av president Woodrow Wilson, såg i tillegg for seg ein regulert verdsorden av demokratiske statar – ein global Kardemommeby av etnisk definerte nasjonar der krig og anna vondskap ikkje fanst.

Denne tysk-amerikanske krigen kunne like gjerne kome i 1889 eller 1898. I 1889 vart det ikkje krig om Samoa fordi både dei tyske og dei amerikanske kanonbåtane forliste i orkanen på hamna i Apia 15-16. mars. I 1898 hindra trugsmålet om britisk intervensjon tyskarane frå å opna eld mot amerikanarane då dei senka den spansk flåten i Manilabukta 1. mai.

Vantande sigersparade

I eit makrohistorisk perspektiv er dei fire «rettvise» krigane Odd-Bjørn Fure (Aftenposten, 18. januar 2003) meiner USA har ført i Europa, i røynda berre ein krig, som byrja i april 1917 og slutta i april 1999. At han varte så lenge skuldast at dei allierte ved å godta våpenkvile 11. november 1918 skusla vekk sigeren. General Pershing, sjef for dei amerikanske styrkane i Frankrike, røysta i det allierte krigsrådet mot å godta det tyske våpenkviletilbodet. Vel var maktbalansemålet nådd. Men det ideologiske målet, å utrydda militarisme og prøyssardom, kravde ein alliert sigersparade gjennom Brandenburger Tor. Tyskland var ikkje militært slege, det var berre ute av stand til å vinna krigen.

For Europa var konsekvensen av den første amerikanske intervensjonen katastrofal. Demokratiseringsprosessen i Tyskland, som før 1914 hadde gått føre seg på skandinavisk vis, spora av fordi dei nye revolusjonære politiske institusjonane sakna den legitime autoriteten om er naudsynt for vellukka demokratisering. I staden for sosialdemokratisk normalitet fekk Tyskland nasjonalsosialistisk, totalitærdemokratisk abnormitet.

For USA var konsekvensen av at intervensjonen mislukkast at dei vende seg til si nasjonale røynsle med å føra krig, Borgarkrigen, og kom til at krig må førast fram til total siger, vilkårslaus kapitulasjon og total rekonstruksjon av fienden. Og som ein ettertanke at sidan dei betalte mest både i gull og blod, skulle krigen førast på deira vis. Andre (1940-1945) og tredje verdskrigen (1947-1953; 1981-1986) vart begge førde på denne måten. Måloppfyllinga helga midla. Men som den liberale internasjonalisten Harry Hopkins sa det i 1940: «Demokratiet må føra total krig mot totalitær krig og overgå nazismen i nådeløyse».

No har liberale internasjonalistar som alle pasifistar eit eskatologisk syn på krig. Denne krigen er den siste... og det er ein frigjeringskrig.

Dei som får skulda

Krigane i Europa var frigjeringskrigar. Intervensjonane i 1940-41 og 1946-47 vart begge legitimerte som Første Verdskrigen. Heterodokse, totalitære, demokrati var direkte trugsmål mot USA. Casus bellum i 1941 vart provosert av USA. Men det var Nazi-Tyskland, ikkje Japan, Roosevelt gav skulda for åtaket på Pearl Harbor då han tala til folket 9. desember 1941. Med den sentrale plassen konspirasjonsteorien har som forklaringsmodell i det radikale sinnelaget, er det ikkje det minste underleg at «Aksemaktene» fekk skulda. På same måte som «Verdskommunismen» fekk skulda i 1947 og «Muslimsk fundamentalisme» i 2001. Bush si kopling av «al-Qaida» og Irak er identisk med Roosevelt si kopling av Tyskland og Pearl Harbor. USAs reaksjon på 9-11-01 var som reaksjonen på 12-07-41.

USA er ei aggressiv imperialistisk makt. Men den demokratiske triumfalismen som aggresjonen spring ut av, er faktisk universell i verda i dag; skriven inn i alle internasjonale traktatar og konvensjonar. Den globale Kardemommebyen skal vera demokratisk – med frie val, ansvarleg utøvande makt og marknadsøkonomi. Alle alternativ er forkastlege.

USA vert aggressivt fordi dei forkastelege systema også vert oppfatta som trugsmål. Sidan landet rår over den makt som er naudsynt for å gjera noko med dette og åtaket 11. september har stålsett viljen til å gjera det, gjer amerikanarane noko med det; i Afghanistan, i Irak, kan henda i Iran og Nord-Korea. Eller for den saks skuld på Cuba.

Presidenten

Denne koplinga gjer USA imperialistisk i tradisjonell tyding. POTUS, kva han no måtte heita, er imperator caesar augustus, fordi USA er Det nye romarriket. POTUS styrer, som Augustus, «heile verda» og personliggjer samstundes dei universelle verdiane som dette veldet kvilar på. Den sitjande presidenten er i og for seg eit framifrå døme på kva type leiarar massedemokrati genererer – og korleis det skjer.

Dei fleste USA-kritiske røyster målber den same demokratiske triumfalismen. Dei deler den eskatologiske overtydinga om at demokratiet er den perfekte styreforma. Mykje av kritikken er profetisk heller enn politisk. USA er å likna med Dyret og POTUS er Antikrist. Gitt radikalismen sine ideologiske røter i heterodoks protestantisme, er anna ikkje ventande: USA er Verda som ho er, Verda som er, er Satan sitt verk. Det veit både teologiprofessorar og biskopar. Den realpolitiske kritikken mot USA i Europa er intellektualisert misunning runnen or medvit om maktløyse.

Ironien

Historias ironi er at alternativet til ei verd dominert av USA er eit alternativ som europeisk venstreside verkar vera endå meir framand for. Hadde USA ikkje, med Odd-Bjørn Fures ord «hindret at det autoritære og militaristiske Tyskland fikk en dominerende stilling i Europa» (Fure, op.cit) ville det i dag eksistert eit maktpolitisk alternativ til USA på denne sida av Atlanterhavet: Eit tysk keisarrike med 120-130 millionar innbyggjarar som hadde dominert Den gamle verda både politisk og økonomisk.

Om ei slik bipolar verd hadde vore betre eller verre enn Verda som ho er, er uviteleg.

Bortsett frå to ting:

Europeiske venstreintellektuelle ville ikkje hatt kjærleikssorg til USA.

Og hadde røyken frå sigerssaluttane stige opp over Berlin i 1918, ville neppe krematorierøyken lagt seg over Auschwitz 25 år seinare...

Pål Bakka, statsvitar

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |