Dag og Tid nr. 18, laurdag 3. mai 2003

Klok på bok 612:
Ei førestelling

– Nei, no er eg skuffa over deg, Paula, skikkeleg skuffa, sa han Barabass.

– At du av alle nærast skryter over å vere uvitande om at lamminga er i gang, er eit hån mot meg og alle andre sauer.

Eg vart ståande mållaus, prøvde å hugse korleis eg hadde ordlagt meg. Eg bad om godt vér, for ikkje å snakke om god ver, men då gjekk han utan eit ord.

«Dette er ingen ringere enn portugiseren José Saramago, og boken ‘Alle navnene’. Han er en av mine desiderte favorittforfattere, har vært det siden ‘Klosterkrønike’. Den aktuelle boken leste jeg i 1999 og da på svensk, tror den kom på norsk først året etter. Nobelprisen fikk han for ‘Det året Ricardo Reis døde’.
», skriv vinnaren denne gongen, ho Tove Thorp i Oslo.

Han Karl Johan Grønning på Rykkinn var aldri i tvil om at mannen var José Saramago: «Såleis vart påskelektyren min i år ‘Alle navnene’. Den viste seg å vera vel så fengslande som nokon kriminalroman, som ein elles blir oppmoda om å ta med på påskeferien. Ja, den er ikkje berre spennande, men språket og målføringa er ein rein svir å gje seg over til. Lesaren følgjer kontorassistenten senhor José i hans utrulege jakt for å finne den ukjende kvinna og like fram til den overraskande slutten

Han Olav Molven faksar: «J.S. har eg venta på. No kan eg melde til ein portugisisk venn at Kpb-spalta er fullverdig! Og – eg les endå ein gong J.S. sitt Nobelforedrag, eit ‘verk’ eg vel aldri vert ferdig med, ikkje minst av di han fortel så levande frå oppveksten. Slik avsluttar han omtalen av eit portrett av foreldra: ‘Den dagen må nødvendigvis komme da jeg skulle fortelle disse ting. Ingenting av dette har betydning for noen annen enn for meg. En farfar som er berber og har kommet fra Nordafrika, en morfar som er grisegjeter, en vidunderlig vakker mormor, alvorlige, stilige foreldre, en blomst på et portrett – hvilken annen stamtavle betyr noe for meg? Finnes det noe bedre tre å lene seg mot?’ Elles seier dette ein god del om Saramago: ‘Jeg tilhører dem som mener at mennesket alltid har hatt en skrue løs’», skriv han Olav. Eg er viss på at han Barabass er samd med han José i dette!

Han Gunder Runde er ein lukkeleg mann: «Hald deg fast, Paula – her kjem superlativa!!! Det er langt mellom kvar gong eg møter ein ny forfattar som til dei grader har greidd å begeistre meg. José Saramago – Portugals store prosaist – gir stadig nye lesaropplevingar, og ikkje minst: fornyar seg frå bok til bok. Eg trur kanskje at dagens nøtt – Alle navnene – må reknast som den beste hittil. (Kanskje i sterk tevling med ‘Det året Ricardo Reis døde’.) Skildringa av den grå folkeregisterfunksjonæren og hans leiting etter dama på eit visst kartotekkort er både rørande, morosam, djup, spennande, fantasirik og ei heil rekkje andre plussord. I tillegg greier Saramago å seie noko vesentleg om vår tids samfunn, ofte løynt i absurde skildringar (les t.d. siste boka som er komen på norsk – ‘Hulen’.) Med andre ord: til dei som enno ikkje har oppdaga Saramago: spring og kjøp/lån!», oppmodar han Gunder.

Han Kaare Stegavik i Trondheim er ikkje mindre lukkeleg: «Saramago e min store favoritt. ‘Klosterkrønike’ e ei makalaus bok, blanding tå dokumentarhistorie, eventyr, science fiction, drama, poesi, kjærlighet, det va deinn boka som gjol’n berømt, eijnndå haijnn debutert aijllerede i 1947! med boka ‘The Land of Sin’, å så skreiv haijnn itjnå meir på lange tider, ‘æ ha itjnå å fertæl deijnn tia’, sa hainn. ‘En flåte av stein’, e ei anna bok, ein fabel om at deinn iberiske halvøy løsne frå kontinentet å driv ut i Atlanter’n, ka slags verkninga frå det? både innenlands å i utlainnde? Deinn beste synes æ e ‘En beretning om blindhet’, det bli ein epidemi kor di som rammes bli heilt blind. Kolles bli eitt samfuinn, når vældig mange e blind? Eiller kanskje det e blind i overført betydning hainn snakke om? Deijnn som itj ha læst deinnher boka har eijtt å gjærra. Hu koste bærre 98 kr i belliutgave. No kom æ langt ut på vijddån, eijnda længer eijnn Krækja, som æ no nættopp ha besøkt i sol og godver! Oppgaven va boka med tittel ‘Todos os nomes’ eijller ‘Aijll de der navna’ som det vel bli på trøndersk. Æ ha itj lesse deijnn eijnda, men bærre veijnnt! Bliv i freden», helsar han Kaare. Fred og fred, herr Stegavik!

Ho Hilde Matre Larsen var som vanleg raskt på pletten: «Hei, klok-Paula, du mitt nebb imot stein. An educated guess: ‘Alle navnene’ av José Saramago. Utkom på norsk i 2001, på portugisisk i 1997. Nobelprisen i litteratur 1998. Hvis ikke dette er riktig, kan du le hånlig og kalle meg Tusten», skriv ho Hilde. Eg er ikkje sikker på om eg tolkar «nebb imot stein» på rett måte. Eg er usikker på det meste etter at han Barabass tok slik på veg på grunn av lamminga. Jaja.

Klok på bok 612
Z a k o p a n e. Alpevinden rykker i mennesket. Det er
Halne som velter ned fra fjellene. Lun, tett og uberegnelig slammer den opp dalbunnen, stillere enn månen, fullere

Denne boka er noko for seg sjølv, tekstmosaikk som portrett av ein kunstnar. Forfattaren debuterte for eit par år sidan med ei diktsamling som vart godt motteken.

Kva vil eg fram til? Svar Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 9. mai.

Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |