Dag og Tid nr. 18, laurdag 3. mai 2003

Bøker:
Eit anstendig stykke arbeid

Eg håpar mange låner øyre til og får sympati med Konrad Ofting, den rasande småkjøpmannen i Stig Sæterbakkens siste roman.


Stig Sæterbakken:
Kapital
Cappelen

Romanen er forma som eit beiskt angrep frå ein mann som har fråsagt seg retten til forsvarar. Han står tiltalt for «økonomiske misligheter», for å ha fortsatt drifta av den vesle butikken sin etter at den var teknisk konkurs. Og han veit at han ikkje kan vinne, at alt er tapt. Men rettssalen gjev ham høve til å seie sitt. Seie sitt om det samfunnet som let slike som han – modernitetens taparar – stå att med tapet og skamma, medan dei som har gjort seg rike gjennom skamlaus bruk av folks godtruenskap og flinke advokatar, dei kjem unna med det, dei er dei nye heltane.

Formidlar mykje meir

Kvifor kan eg hevde at i romanen Kapital gjer Sæterbakken rett for det vesle han måtte sitje att med når forlaget har fått sitt? Fordi han tek opp eit aktuelt emne? Fordi han på ein veltalande måte tek til orde for å pusse støvet av omgrepet anstendig– også innanfor felt kor det verkar pinleg upassande? Tja, jo. Alt slikt kunne ein ha gjort i ein tidsskriftartikkel, dessutan er formidling av synspunkt ein kan nikka til ikkje nok til å gjere ein roman god. Men Kapital formidlar mykje meir, den spelar kompetent på romansjangerens rike univers av det fleirtydige, ambivalens, det levde livets ynkelegdom og rop om verdigheit. Sæterbakken demonstrerer sjangerens føremon: Han lyftar fram og gjev format og verdigheit åt ein mann som ein elles ikkje hadde ensa. Sjå dette mennesket! Og han viser samstundes ynkelegdomen hos dei mektige, dei som har og seier og kan det som skal til for å halde seg flytande i feittranda åt den nye tida. Det er etter mi meining den humanistiske impulsen som ligg i litteraturens innleving i andres lagnad, den som gjer at også politiske idiotar kan skrive bøker som er klokare enn sin forfattar.

Motsett Hamsun

Men i motsetnad til ein av dei, Hamsun, så vert ikkje Sæterbakken ståande der kor romanfiguren hans, Konrad Ofting, har gått seg fast: I ei steil forakt for «den nye tid» og dei som er tidas umodne born, – i menneskeforakt. Sjølvsagt let Sæterbakken romanen framføre ein god slant av forfattarens eigen eldsprutande indignasjon. Det er i tråd med den beste karnevalistiske tradisjonen, der det ein sjeldan gong er ein forunnt å kalla «dei fine» med sitt rette namn og deira handlingar like så. Vel er vegen attende til fortida ikkje farbar, men dét gjev ingen grunn til å gjere herskande trendar heva over kritikk. Haldningar er inga ferskvare som vert betre di nyare dei er. Men forfattaren synest samstundes å vere klar over kor lite denne moralske øsinga er verd om den ikkje vert kanalisert i politisk fornuftige banar. Sæterbakken syner oss at om eit samfunn vert korrupt nok, misser folk lojaliteten, lojale samfunnsborgarar vert atomiserte til ein nærsynt, illojal masse. Mange kan komme til å gaule etter ein sterk idealist som seier han har bruk for dei, ein som vil rydde opp i svineriet og «ikkje er som alle dei andre». Sæterbakken seier det ikkje, men eg tykkjer han viser det. Det er alvor når det politiske systemet mistar legitimitet, og fleire burde ta inn over seg kvifor det vert slik. Det er både eit gamalt og brennaktuelt tema.

Folket og pengane

Forfattaren er heldigvis immun mot den utbreidde misforståinga at folk vert så edle av å leve i enkle kår. Tvert om visar han fram kor fiksert ein kan verte på pengar av å ikkje ha dei, kor forkvakla og innkrøkt og lite generøst livet kan verte når ein har fokus på det som er utanfor rekkjevidd, det som dei andre har. Å skrive ein roman om folks forhold til pengar er originalt. Kanskje av di dei fleste forfattarar kjem frå ein kultur kor det er ufint å snakke om slikt. Romanen er ei reflektert og nyanserik drøfting, framført som ein ekstrem, burlesk einetale.

Ivar Bakke

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |