Dag og Tid nr. 18, laurdag 3. mai 2003

Bøker:
Litterær forskreving

Når ein les Tore Renbergs nyaste roman, er det ikkje til å unngå at ein må gi seg i kast med spekulasjonar som slett ikkje har noko med korkje hovudplott, handlingsgang eller romanpersonane å gjere.

Tore Renberg:
Mannen som elsket Yngve
Oktober

I det langt på veg unødvendige sistekapitlet, der vi mellom anna bli påprakka Yngves sjukdomshistorie, møter vi på den no 30-årige forteljaren Jarle, han som gjennom romanen har fortald oss om gymnasiastane Jarle (han sjølv), Helge, Kathrine og Yngve og kva som skjedde dei i Stavanger i 1990. I dette siste kapitlet er Jarle heime att, han er ferdig utdanna frå Universitetet i Bergen og skal søke jobb. Kva slags utdanning han har, får vi ikkje vite, det spelar heller inga rolle for dette kapitlet som mest skal knyte saman trådane frå dei 360 fyrste sidene.

For meg som lesar vart det heilt irrelevante sjølve hovudspørsmålet: Kva studerte Jarle i Bergen? Sikkert ikkje litteraturvitskap, då hadde han hatt eit strammare grep om den typen «well-constructed novel» som dette skal vere, og iallfall unngått metakommentarane i siste kapittel. Presteutdanning har dei vel ikkje i Bergen, elles kunne Jarle ha teke til seg etternamnet Prest – Jarle Prest – slik dei halvradikale, nymotens prestelærde ser ut til å gjere. Men Jarle Kateket då – med kristendom hovudfag, ein dæsj sosiologi, litt nyare historie – sjå det forklarar mykje av trongen til messande digresjonar vi som lesarar blir utsette for undervegs i teksten!

Drivande god

Særleg glimtvis i skildringa av trekantforhold til Jarle med Yngve og Kathrine, er Renbergs roman drivande god. Men eg vil ikkje heilt sleppe denne tanken om at 17-årige Jarle blir for overstyrt av Jarle som 30-åring. Undervegs i lesinga måtte eg stadig spørje meg sjølv: Snakka dei sånn, 17-åringane i Stavanger i 1990? Særleg akutt vart spørsmålet når forteljaren sjølv kommenterer både Yngves haugesundsdialekt og hans «enkle, utidsmessige setninger» (som lesaren ikkje vert eksponert for). Nå har sjølvsagt Jarle, Helge og dei andre dei rette dosane banne- og slangord og den rette ungdomskulturelle sjargongen som sjølvsagt ikkje er (eller var på dette tidspunkt) avgrensa berre til Stavanger eller nokon annan bestemt stad i landet. Nei, innvendingane mine er at replikkane ikkje treffer tonen, det er noko – i mangel av eit betre ord – presteaktig ved dei, noko som sjølvsagt heng saman med korleis syntaks og ordval er turnerte i ein kvardagsspråkleg rytmikk avpassa miljøet. No er det sjølvsagt Cheers- og Friends-generasjonens feminiserte oppvekstmiljø i heim og skole (Jarle har til og med kvinneleg lektor i data valfag) Renberg vil spegla av i språket sitt, men det er altså noko der som ikkje treffer tonen heilt. Dei grepa – med siteringsord og slikt – Renberg så nyttar når replikkar og tankar skal gjevast att i skrift, er ei litt anna sak. Lat det berre vere sagt at det ikkje alltid blir gjort like elegant. «Jeg har så lyst til å ta på deg, Yngve. Eg synest til dømes slike og liknande tankar frå Jarle si side kan vere litt – skal vi seie påtrengjande? – særleg når dei er gjengjevne i kursivert, utheva form.

Om å forskreve seg

Ein god sirkusryttar kan ri to hestar samstundes, ha eit bein på kvar hest, slenge seg mellom hestane i fart og konsentrere seg om å gjere sine kunster på ein hest når han er komen litt ut i programmet sitt. Som sirkusryttar i den typen roman Mannen som elsket Yngve representerer, har Renberg enno ikkje fått øvd inn heile programmet. Han veit når han skal slenge seg frå ein hest til ein annan, men timinga sit ikkje heilt. Meir problematisk er det at han ikkje veit når han skal sleppe den eine hesten for godt; han blir ståande på båe og forskrevar seg såpass at eit retrospektivt avslutningskapittel – diverre, kunne ein seie – må skrivast til for at det heile skal falle på plass. I eit godt administrert sirkus hadde den talentfulle ryttaren fått hjelp og råd med timing og program.

Mannen som elsket Yngve
representerer noko nytt i forfattarskapen til Renberg. Romanen ser fyrst og fremst ut til å ville vere eit forsøk i den tradisjonelle breie roman-sjangeren, men problemet er at han vil vere oppvekstroman på den eine sida og ein roman om ungdommeleg venskap, kjærleik og forelsking, om Jarles dragnad mellom venen Helge og kjærasten Kathrine på den eine sida og den vakre og gåtefulle Yngve på den andre. Renberg har alle dei rette ingrediensane som skal til for å skrive ein oppvekstroman frå Stavanger på 90-talet, men romanen glitrar fyrst verkeleg til når det er forholdet mellom Jarle og Yngve som står på dagsorden. Nokon i sirkuset burde fortald Renberg når han burde gi slipp på det fyrste (litt stygt kunne vi kalle det bokkubb-ingrediensane) til fordel for utforskinga av og fascinasjonen ved forelskinga som fenomen. Då hadde vi fått ein stuttare, men til gjengjeld ein meir gjennomført god roman...

Ole Karlsen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |