Dag og Tid nr. 10, laurdag 8. mars 2003

Film:
Forsterkar myten om Virginia Woolf

– Filmen
The Hours forsterkar det mytiske ved Virginia Woolf. Filmen syner ei kvinne som var galen og som tok sitt eige liv, seier førsteamanuensis i litteraturvitskap, Britt Andersen.

Cecilie N. Seiness
cecilie@dagogtid.no

I går hadde filmen The Hours Noregspremiere. Filmen, med stjernetrioen Meryl Streep, Julianne Moore og Nicole Kidman i hovudrollene, byggjer på ein roman av amerikanske Michael Cunningham. Han skildrar den engelske forfattaren Virginia Woolf (1882-1941) medan ho arbeider med romanen Mrs Dalloway og når ho tek sitt eige liv i 1941. Dessutan er to oppdikta personar med i historia: Den lesbiske forlagsredaktøren Clarissa Vaughan i dagens New York og Laura Brown, ei perfekt husmor i Los Angeles på 50-talet. På underleg vis er dei tre kvinneliva fletta saman. Clarissa Vaughan skal som Mrs Dalloway arrangera ein fest. Festen skal vera til ære for ein ven og forfattar som er døyande av aids. Husmora Laura Brown les romanen Mrs Dalloway, kjenner seg ikkje vel med sitt sett utanfrå perfekte liv og planlegg sjølvmord.

Virginia Woolf gav ut romanen Mrs Dalloway i 1925. Ramma i romanen hennar er ein junidag i byrjinga på 1920-åra. I sentrum står Clarissa Dalloway, ei livleg, sjarmerande og materialistisk overklassekvinne. Tankane flyt mellom notid og fortid medan ho førebur ein fest.

– Virginia Woolf har sjølv sagt at ho ville skriva til ein rytme og ikkje til eit plott. Det er ikkje den ytre handlinga som er viktig i Mrs Dalloway. Det er ikkje vandringane hennar rundt i London som er poenget. Dei set berre i gang det som skjer i det indre, seier Britt Andersen.

Woolf var ein svært produktiv forfattar. Ho debuterte i 1915 med The Voyage Out. Attåt ni romanar og mange noveller skreiv ho òg litteraturkritikk og essay.

Avpolitisert

Britt Andersen, førsteamanuensis i litteraturvitskap ved NTNU, Universitetet i Trondheim, er mellom dei fremste kjennarane av Virginia Woolf i Noreg. Ho likar The Hours, men er skuffa over biletet filmen gjev av Virginia Woolf.

– Portrettet av Virginia Woolf er det sørgelegaste ved filmen. Det er eit avpolitisert portrett. Eg saknar Virginia Woolf som intellektuell kvinne. Ho var feminist, kjempa mot fascisme, mot krig, imperialisme og undertrykking, ho var radikal. Ho var med i Bloomsburykrinsen saman med dei fremste intellektuelle i si tid, politikarar, forfattarar, kunstkritikarar. Mellom andre forfattaren E.M. Foster, sosialøkonomen John Maynard Keynes, kunstkritikaren Clive Bell, kunstfilosofen Roger Frye og Leonard Woolf som var politisk kritikar og forfattar. Filmen er ein slags psykobiografi med vekt på hovudpine og sjølvmord, seier Britt Andersen.

Virginia Woolf var meir enn hovudpine og sjølvmord. Ho var førstedama i modernismen, del av avantgarden i det 20. hundreåret og reknast saman med Joyce, Proust, Faulkner og Kafka som den store fornyaren av litteraturen.

Virginia Woolf hadde inga utdanning. Ho utdanna seg sjølv i biblioteket til faren. Brørne hennar vart påkosta dyr utdanning, men Virginia måtte lesa på eiga hand. Ho lærte seg mellom anna gresk, latin og noko russisk. Ho opplevde store menneskelege påkjenningar. Ho mista mor si då ho var 13, deretter ei som var eit substitutt for mora, ei stesøster. Ho miste bror sin og far sin før ho hadde fylt 25. Woolf var i fem periodar psykisk sjuk. Første gongen etter at mor hennar døydde. Stort sett vart ho pleia heime. Ho skreiv ikkje når ho var sjuk. Då var ho fråteken papir og blyant.

– Det var nok det verste for henne. Ho vart ofte sjuk etter bokutgivingar. Då var ho utsliten.

I 1941 orka ho ikkje meir. I avskilsbrevet skreiv Woolf at ho på nytt høyrde stemmer, ho klarte ikkje å konsentrera seg og tvilte på om ho kunne verta frisk. Ho orka ikkje å gå gjennom sjukdommen ein gong til. I filmen er det høgsommar og ingen krig då Woolf bestemmer seg for å avslutta livet. I røynda var det ein marsdag i 1941. Woolf var 61 år gammal. Men sjølvmordet til Woolf kom truleg ikkje berre på grunn av hennar psykiske tilstand. Britt Andersen saknar Andre verdskrigen i filmen.

– Ein kan tenkja seg at den psykiske tilstanden hennar og sjølvmordet hadde med krigen å gjera. Både ho og ektemannen stod på dødslista til Hitler. Leonard Woolf var ein radikal jøde. Ho var ein radikal intellektuell og feminist. Ho skreiv mot fascismen. Paret hadde planar om å ta livet av seg saman dersom det vart tysk invasjon i England.

– Det er eit underleg portrett filmen gjev. Dette er Virginia Woolf i Amerika. I Hollywood spelar dei på det sentimentale og kjensleladde, dei har ikkje tilsvarande sans for radikalitet og intellektualisme, seier Britt Andersen.

Lesbisk

Ho er heller ikkje nøgd med korleis mannen til Virginia vert framstilt. Virginia gifta seg med Leonard Woolf i 1912. Ho skal ha nølt med å seia ja, skal ha sagt til Leonard Woolf at ho ikkje var tiltrekt av han seksuelt, men samstundes var ho redd for å ikkje verta gift. Det var vanskeleg for ei kvinne på den tida. Dei var begge intellektuelle og levde og anda for å skriva. Saman starta dei The Hogarth Press. Forlaget vart berømt og er stort den dag i dag. Dei gav ut T.S Eliot, Katherine Mansfield og dei første omsetjingane av Freud.

Paret arbeidde, gjekk lange turar med hundar, reiste ein del, hadde masse venner og deltok i store selskap. I periodar budde dei på landet. Ofte lengta Virginia Woolf tilbake til storbyen. Ho elska London og miljøet ho var i der.

– I filmen er det eit trist portrett av Leonard Woolf. Han verkar som ein slags fangevaktar. Virginia hadde eit godt venskap og ekteskap med Woolf, men ho hadde òg forhold til kvinner.

Medan ho skreiv Mrs Dalloway, innleidde ho eit forhold til Vita Sackwell-West. Ho var overklassekvinne og forfattar som var gift med ein homoseksuell diplomat. Virginia og Vita reiste mellom anna til Paris saman. Den eine utkledd som mann.

– Det var eit sterkt kjærleiksforhold mellom dei to kvinnene. Vita var utru med andre kvinner og Virginia vart sjalu. Då ho skreiv The Waves, var forholdet over. Virginia sørgjer. Orlando er eit avskilsbrev. Det er kalla verdas lengste kjærleiksbrev.

I Virginia Woolf si tid var homoseksualitet forbode. I Mrs Dalloway skjuler ho dels dette temaet i underteksten, men det er eit kyss mellom to kvinner i historia. Britt Andersen meiner me òg finn eit lesbisk monster i romanen: Miss Killmann, læraren til dottera til Mrs Dalloway.

– Ho er stor og stygg, går rundt i regnfrakk og sveittar, er egoistisk og vil ikkje skjula kjenslene sine.

– I filmen er Virginia alvorleg og innettervend? Var ho slik?

– I periodar var ho nok slik, men det vert sagt om henne at ho var utruleg vittig. I selskapslivet var det ho som underheldt. Ho var eit midtpunkt. Ho hadde ein intelligent form for humor som er heilt fråverande i filmen. Filmen gjev eit stussleg portrett av ein kunstnar som har betydd utruleg mykje for feminismen og for å fornya romankunsten.

Tapet

Britt Andersen er begeistra for historia om Laura Brown i The Hours. Ho er den perfekte 50-tals-husmora som vil ta sitt eige liv etter at ho har bakt ei perfekt kake for å syna ektemannen at ho er glad i han. Sonen er levande redd for å mista mor si.

– Historia om Laura Brown set i scene det som eigentleg var Woolf sitt traume, nemleg morstapet. Den historia ligg nær henne.

– Er tap eit tema som går gjennom heile forfattarskapen hennar?

– Ho skreiv annakvar bok lett og tung. Det er dei største bøkene som handlar om tapet: The Voyage Out, Jacob’s Room, Mrs Dalloway, To the Lighthouse og The Waves. Alle dei mest kjende bøkene isceneset eit tap.

Britt Andersen meiner at romanane Mrs Dalloway og Til fyret står i ei særstilling i forfattarskapen. Det er dei to mest vellukka bøkene og det er òg dei to bøkene som endar positivt. Ho nyttar seg her som elles av «medvitsstraum» (stream of consciousness), indre monologar med drifter, impulsar og meir eller mindre umedvitne tankar.

– Dessutan gjer alle metaforane hennar dei to bøkene særskilde. Det er ingen av dei andre bøkene som syng så fint som desse to. Det er ein poesi i prosaen til Woolf, som bølgjer. Ho ville «tøya» romanen, meinte det var plass til mykje i ein roman; tragedie, komedie, refleksjon, filosofi. Romanen kunne romma nesten alt. Mrs Dalloway og Til fyret skriv ho på høgda av forholdet til Vita Sackwell-West. Eg har ein teori om at det har noko med det å gjera. I starten skreiv ho klønete om morstap, tap av ein bror og melankoli. Etter kvart tileignar ho seg tankar frå den nye vitskapen, psykoanalysen. Då skriv ho ikkje lenger berre privat, men i ein dialog med psykoanalysen. Ho må ha forstått noko om ein psyke som er prega av tap og tapsopplevingar.

– Har romanen om Mrs Dalloway sjølvbiografiske trekk?

– Ja, ho skriv om eit konfliktfylt indre. Eit indre som svingar mellom å vera nedstemt og oppstemt. Det handlar om forbodne homoseksuelle tankar, men Woolf skreiv aldri i eg-form, ho skreiv i tredjeperson og skjulte det biografiske godt. Det finst likskapstrekk i det indre, men ikkje i det ytre. Woolf var ikkje ei overklassekvinne som Mrs Dalloway.

Britt Andersen meiner det er ein god start å byrja med Mrs Dalloway for nye Woolf-lesarar. På førehand kan det vera greitt å vita at mykje er skjult i underteksten og at boka flyt utan overgang mellom fortid og notid.

– Dei indre assosiasjonane, utan overgang frå notid til fortid, gjer nok romanen forvirrande for mange. Ho skreiv på ein slik måte at det framleis verkar moderne.

Selskapet

Mrs Dalloway arrangerer eit stort selskap. Det same skal Clarissa Vaughan i filmen. Bord vert dekka og pynta med blomar, mat laga, men i filmen det vert aldri noko av festen. Maten vert kasta, festen avlyst.

– I filmen har dei teke selskapsmotivet frå Mrs Dalloway, men dei forstår ikkje kva selskapet står for. Romanen sluttar med ein karnevalistisk fest som snur opp ned på alt, depresjonen vert snudd til livsglede. Septimus Warren Smith, som har store psykiske lidingar, har teke livet av seg. Mrs Dalloway tenkjer gjennom sjølvmordet og kjenner livsglede. Det er noko livgivande med selskapet.

Britt Andersen tenkjer seg Mrs Dalloway som ein slags tragedie. Historia går frå soloppgang til solnedgang, historia set i scene potensielt øydeleggjande kjensler, slik ein tragedie skal.

– Det er ein katarsiseffekt i romanen til Woolf, men i filmen har dei ikkje forstått at selskapet har denne rolla. Filmen sluttar brått etter eit sjølvmord. Eg vart oppriven av å sjå filmen. Dei øydeleggjande kjenslene som vert sette i scene, burde ha vore forsona mot slutten.

Ikon

Virginia Woolf dukkar opp i alle samanhengar. Det tynne, uttrykksfulle andletet hennar er kjent for dei fleste. Britt Andersen nøler ikkje med å kalla Woolf det fremste kvinnelege ikonet i vår del av verda i det 20. hundreåret.

– Den rolla deler ho med Marylin Monroe. Eg såg ein gong ei samling gjenstandar som hadde avbilda Woolf, alt frå tekoppar, t-skjorter til plakatar i demonstrasjonstog, i kvinnetog, i homotog, til og med i fangetog. Woolf representerer frigjering. Eg har til og med sett ei postkort med hovudet til Woolf limt på Marilyn Monroes kropp. Ho har vorte ein myte og det finst 50-60 biografiar om henne.

– Korleis vart Virginia Woolf oppfatta i samtida?

– Ho var svært berømt og respektert. Eg meiner at den tida på nokre vis var meir frilynt enn me trur. Mange av mennene i Bloomsburykrinsen var homoseksuelle. Dei gjorde både eit estetisk og eit seksuelt opprør, dei kan minna om 68-arane. Generasjonen etter har vore mykje meir konvensjonell, seier Britt Andersen.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |