Dag og Tid nr. 9, laurdag 1. mars 2003

Tidsskrift.
 Det verkelege nynorske blikket?

Syn og Segn har fått nye røyster, fleire kvinner enn vanleg og mange artiklar med godt innhald. Men nokre har vi gløymt i morgon.


Syn og Segn
Samlaget

Det er kjekt å vere glad i tidsskrift i Noreg, nett no.

Sist veke kom både Syn og Segn og Samtiden i postkassa, og denne veka kjem Prosa. Riktig ein lesefest om kveldane er det. Sjølv om Knut Olav Åmås i Samtiden ligg fleire hestehovud framfor dei andre, i si evne til å få offentleg omtale og i å lansere kvart nytt nummer med seminar ut frå einskildartiklane, er det Syn og Segn vi har venta på nå i februar.

Då eg voks opp, kom Syn og Segn med einsfarga omslag, i litt ureine mørke fargar. År etter år. Tidsskriftet var meir plikt enn glede, minnest eg, mykje uspanande. Ei heilt urettferdig skulding, sjølvsagt, og meir prega av motstand mot det pedagogiske i at nynorsktalande foreldre heldt tidsskriftet, saman med Dag og Tid, for å sikre at bror min og eg lærde oss nynorsk til skulebruk, oppvaksne på Austlandet som vi var, arme krek.

Arkivverdien

Som historikar har eg fleire gonger gått attende til artiklar skrivne i Syn og Segn – som til mange årgangar av Samtiden – og funne verdifullt stoff som kan bringast opp i dagen igjen og siterast. Men iblant lurer eg på om ein i framtida vil kunne gjera det same med desse tidsskrifta i dag. Det same gjeld for dagens aviser, på ein annan måte enn for tidsskrifta. I ganske liten grad kan ein nytta aviser som kjelde om ein ønskjer å finne dokumentasjon på eit emne frå samtida. Ein veit ikkje mykje om kva som skjer på Stortinget, lite om dei formelle debattane og grunngjevinga ved vedtak, men lesarane får vite mykje om kranglar og usemje – og vi veit «alt» om kva slag handvesker og slips stortingspolitikarane held seg med.

Den nye profilen til Syn og Segn – eit stykke på veg gjeld det same for Samtiden – ligg meir på meiningar enn på dokumenterte tilhøve. Ja, i store heilsides annonsar sist veke kunne vi lese ei erklæring frå redaktør Marit Eikemo og Hilde Sandvik: «Oppgåva vår er å tolke ting på andre måtar. Servere meiningar du ikkje får andre stader. Gi nytt syn på gamle sanningar. Vi er eit tidsskrift for menneske som ikkje vil ta noko for gitt».

Det er grunn til å tru at det i framtida vil vere lite «mat» for tradisjonelle historikarar i tidsskriftutgåvene frå starten av det 21. århundret, men ganske så mykje fôr for kulturhistorikarar og -sosiologar. Vi kan finne mykje om mentalitet og haldningar hjå dei nye generasjonane i tidsskrifta no for tida. Og mentalitet er viktig. For mykje av det som står i det nye Syn og Segn er godt i innhald og velskrive. Nokre av artiklane heng med vidare i hovudet etter lesinga, eit par har eg sett på to gonger. Faktisk er mykje på desse 127 sidene ganske morosamt å lese. Men så er det òg artiklar som blir litt for introverte – som den litt forunderlege opningsartikkelen om «Anorektikaren som offerlam», viktig emne og kanskje har forfattaren rett i sin konklusjon, men ganske lukka som tekst.

Kvinneblikket

Redaktørane har fleire gonger flagga at dei – mellom mangt anna – også er feministar. Kvinneblikket kunne dei no verkeleg ha gått laus på med ein gong i dette nummeret. Her har redaktørane ein styrke, jamført med dei andre tidsskriftredaktørane (og alle redaktørar). Og her har Eikemo og Sandvik vore flinke, både i val av skribentar og emne. I ein ganske så frisk og polemiserande artikkel av Borghild Gramstad – mot Ottar Grepstads Det nynorske blikket– viser ho korleis han har putta kvinnene i den nynorske offentlegheita i fotnotane, mens mennene er framheva i heile hovudteksten, med unntak av Hulda Garborg, da.

Artikkelen «Ein kinesar i Noreg» av NRKs Asia-korrespondent Kjersti Strømmen er ein fin liten tekst. Ganske ein bagatell i innhald, vil nokon seie. Men ein sit att med eit smil, om ikkje «lått» som redaktørane seier det gjerne vil påkalla. Låtten kjem raskt i den friske seminarreportasjen frå Karianne Bjellås Gilje, Marianne Bjørndal og Ingrid Louise Ugelvik – som i 2002 har vore på 27 seminar og konferansar arrangerte av samfunnsvitskapelege og humanistiske miljø i Noreg. Dei dokumenterer deltaking av menn og kvinner til den minste – og største – prosent, med sleng til dei mannsorienterte arrangørane og med moralsk appell til kvinnene som ikkje deltar.

Ein bestilt reisereportasje er signert Frode Grytten i Kolbotnbrev – ein god idé i Syn og Segns 109. årgang, utgjeve samanhangande frå 1894, med Arne Garborg som fyrste redaktør. Joda. Grytten får jo noko ut av å snuse i nabolaget til Kjell Magne Bondevik og Jan Petersen, han vitjar Meny og snusar på kjøtet. Men det var det.

Han kunne fått meir ut av Kolbotn – både før og no – om han hadde vore litt lenger. Men problemet var openbert at Grytten måtte ta flyet tilbake til Bergen (sic).

Eg har budd på Kolbotn i to år, Grytten. Eg veit.

No vil Grytten heilt sikkert seie at hans Kolbotnbrev òg er ein refleksjon over dagens Noreg. Sant nok. Men teksten verkar meir pressa fram enn overskots-prega.

Frank Rossavik har, om ikkje direkte ein reisereportasje, så ein fin tekst om Det store spelet i EU/København/Brussel. Og blant dei siste artiklane i tidsskriftet finst ein all right samtale om rettferd med Siri Gloppen og Cathrine Holst og eit intervju med Norman G. Finkelstein om etnisk sjåvinisme. Ikkje bomber av emneval, kanskje litt «riktig». Men det er jo samstundes slike emne vi er opptekne av.

Debut og dagsorden

Her er stor spreiing. Kanskje litt for stor. Men dette er ein debut. Det har nok vore viktig for redaktørane å syne orienteringsevne og nettopp – breidde.

Syn og Segn har – ikkje denne gongen – våga seg på å setje dagsorden for debatt, noko Knut Olav Åmås i Samtiden og til dels Halvor Fosli i Prosa så markant har lykkast med. Det kan kanskje kome seinare, når redaktørane er varme i trøya. Eller kanskje dei ikkje har det som mål. Her må dei nok ein gong ta nokre val. Tidsskriftmarknaden er ganske full no, det er kamp om abonnentane.

Bunaden

Omslaget er prangande gult denne fyrste gongen. Greitt nok. Layouten på brødteksten er grei og ukunstla, og det bør han vere. Minimalisme er in, det passar bra med ei lesestund utan for mykje dill-dall. Men eg voner verkeleg at redaktørane tek til fornufta og gir lesarane eit oppsett av innhaldet som kan lesast utan lupe. Slik det no er, står innhaldet tett samanpressa på framsida og i ei trong – rett nok elegant – men ganske så rotete ramme på fyrste side inni.

Når redaktørane satsar så høgt på velskrivne artiklar, får dei no jammen gi dei ein skikkeleg presentasjon.

Og litt betre korrekturlesing neste gong? Alt i alt er her mange ansatsar, fleire nye røyster, langt fleire kvinner enn vanleg i norsk bladverd, her er mange artiklar med godt innhald. Men nokre har vi gløymt i morgon.

Redaktørane har uttala at dei vil forsvara retten til å vera annleis. Så veldig annleis er enno ikkje det nye Syn og Segn. Lukke til vidare med ei frekk og uventa framtid!

Guri Hjeltnes,
historikar

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |