Dag og Tid nr. 9, laurdag 1. mars 2003

Bøker:
Mellom det tradisjonelle og det moderne

I tillegg til realisme og psykologisk innleving ser ein slektskapen med den magiske realismen, og dette spennet viser ein samisk forfattar som prøver ut ein posisjon mellom det tradisjonelle og det moderne.


Kirsti Paltto:
Stjålet
Davvi Girji

Kirsti Paltto er finsk same, født i 1947 i Utsjoki, ei bygd på den finske sida av Tanaelva. Der bur ho også i dag og lever som lærar, forfattar og teaterdirektør. For novellesamlinga Stjålet blei ho i 2001 innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. I 1991 var ho innstilt til Finlandia-priset.

Paltto er omsett til svensk, finsk, russisk og engelsk, og ho har ein omfattande forfattarskap innanfor ulike sjangrar, både for vaksne og barn. Ho er den mest sentrale samiskskrivande forfattaren i dag.

I klemme

Dei 15 novellene i Stjålet spenner frå den magiske og mytiske naturopplevinga til klamme, tette familierelasjonar og opprivande generasjonsmotsetningar. Samisk identitet og samisk språk og kultur står sentralt utan å bli idyllisert på nokon måte. I staden problematiserer Paltto det samiske i klemme mellom tradisjon og modernitet, og ho tar eit oppgjer med den læstadianske undertrykkinga av enkeltmenneske og heile bygdelag. I tillegg stiller ho seg kritisk til souvenirturismen og ei turistnæring som gjer det samiske til noko eksotisk og uforpliktande, også for samane.

Eit annleis bilde

Ho kjøper ikkje storsamfunnet si oppfatning av det samiske. Men ho prøver heller ikkje på nokon måte å by lesaren eit glansbilde. I staden løftar ho fram eit anna og annleis bilde av det samiske, der bandet til naturen enda er intakt, der slektsbanda er sterke, og der bandet mellom religion og natur framleis blir ein del av samisk identitet i form av joik og overskridande sjamanisme. Eit interessant aspekt ved Palttos idéverd er at ho lar dyr og underjordiske komme til orde, trollkyndige og sannseiarar, og ho opprettar ei verd der grensene mellom draumen og det verkelege blir flytande og uklare. Av og til snur ho rett og slett opp ned på dei faste førestellingane og gjer den underjordiske verda autentisk, mens storsamfunnet blir inautentisk og byr på eit liv i fangenskap, ei slags bergtaking. Den framandgjeringa dette dreg med seg, gjer at det samiske kjem i konflikt med seg sjølv. Det oppstår ein motstand mot storsamfunnet, men også ein motstand mot det samiske, og denne konflikten kan føre til at det samiske går sin eigen undergang i møte. Slik kan ein også lese Paltto, som eit varsel om at noko grunnleggjande gale er i utvikling.

Ulike tema

Dei 15 novellene er innom mange og ulike tema, og ved sida av identitet, kultur og religion, skriv Paltto inngåande og klokt om kvinneundertrykking, mannssjåvinisme og samlivsproblem. Dette gjer at ein opplever desse novellene som vedkommande og nærverande trass i det kulturelt eksotiske som ligg under som ein slags forklaringsmodell. Ein merkar seg også det kvardagsnære i mange av novellene, ein tydeleg realisme og eit engasjement i det samiske utan at ein opplever Paltto som tendensdiktar på nokon måte. Det psykologiske kan til tider bli vel tydeleg, nesten overtydeleg, og innimellom ser ein også ein viss hang til det pratsame. Men i tillegg til realisme og psykologisk innleving, ser ein like klart slektskapen med den magiske realismen, og dette spennet i sansinga av verda viser ein samisk forfattar som er villig til å prøve ut ein posisjon mellom det tradisjonelle og det moderne, og som tar opp i seg impulsar frå ulike kulturelle retningar i samtid og fortid.

Den norske presentasjonen er ved Ellen Anna Gaup, Mikkel A. Gaup og Laila Stien, og det vesle samiske forlaget Davvi Girji har med dette gitt eit viktig bidrag, ikkje berre til samisk, men også til norsk kulturliv.

Oddmund Hagen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |