Dag og Tid nr. 8, laurdag 22. februar 2003

Musikk:
Viser som går stilt i dørene

Dagfinn Instanes gav oss ein ny julesong.


Reidun Horvei, Øyvind Lyslo med fleire:
Tonar frå mitt ringe strengespel
Hardanger folkemusikk-samling

Då Hardanger-kunstnaren Dagfinn Instanes gjekk bort i ei tragisk bilulykke i 1998, låg det att ein perm etter han med tekstar, songar og musikkstykke med illustrasjonar. Desse visene har vore ukjende for dei fleste, men no har seks vestlandsmusikarar spelt inn femten av komposisjonane hans på ei cd-plate, som har fått den smålåtne tittelen, Tonar frå mitt ringe strengespel.

Sjølvlærd songsmed

Instanes voks opp på Grimo ved Sørfjorden i Hardanger. I det gjennomarbeidde og rikt illustrerte omslaget på plata spekulerer vokalist Reidun Horvei på om Instanes arva kunstnarevna frå mor si. Ho song og sulla i alle fall støtt for dei fem ungane sine.

Den unge hardingen fekk eit trekkspel i konfirmasjonsgåve, og han lærde seg notar på eiga hand. Etter kvart skipa han ein kvartett, byrja å spela til dans, og han lét etter seg fleire gammaldansmelodiar. «Friarvals» og «Pottemakarmasurka», som begge er med på innspelinga, kan få det til å rykkja i dansefoten på både ein og hin.

Instanes hadde kunstnarlege evner i mange retningar. Han var utdanna mellom anna ved Statens håndverk- og kunstindustriskole i Oslo, med keramikk som spesialfag. I oppveksten arbeidde han mykje med grafikk og oljemåleri. Seinare i livet vov han i tillegg til keramikken.

Ein julesong er fødd

At naturen var den store inspirasjonskjelda til Dagfinn Instanes, ser ein ikkje berre i biletkunsten hans. Også i songtekstane står motiv som fjord og kyr, skodde og måne sentralt. Han skreiv både på normalisert nynorsk og på Grimo-mål. Eit par gonger syng vokalist Horvei hardingdialekten ut i det karikerte, som på «Danse Makabre», der skarre-r-ane vert overartikulerte og skurrar. Elles tolkar Horvei songtekstane fint med den klåre og overtonerike røysta si.

Instanes var ein upretensiøs komponist. Han valde ei enkel og tradisjonell melodisk form. Mange av visene er ikkje mindre flotte av den grunn. «Heile verda drøymer» er ei steikje fin julevise som fortener plass i den norske julesongkanonen.

Om Instanes komponerte mange iøyrefallande viser, var han ikkje like heldig då han skreiv melodiar til andre sine dikt. Freistnaden hans på å tonesetje Olav Nygards mektige «No reiser kvelden seg» går det ikkje betre med enn med alle dei som har freista å setje tonar til Olav H. Hauge sine dikt. Musikken vert eit vedheng, som tyngjer meir enn det støttar opp under ein tankesprengjande tekst.

Stillfaren harding

Arrangementa til gitarist Øyvind Lyslo speglar det stillfarne i musikken og tekstane til Instanes. Kanskje kunne han likevel ha vore frekkare når han skulle leggja til rette musikkstykka for musikarane – friska opp den somme tider tunge og trauste grunnstemninga i musikken?

Ein høyrer element av folkemusikk i mange av komposisjonane til Instanes, som «Springaren», «Fjordingen» og «Kåme no». Sistnemnde er den låten arrangør Lyslo har teke seg størst fridomar med. I eit relativt fritt speletempo får Ole Hamre her visa seg som den framifrå perkusive stemningsskaparen han er.

I tillegg til Horvei, Hamre og det berande gitarspelet til Lyslo, leverer Laila Kolve tindrande melodi- og andrestemmer på blokkfløytene sine. Jo-Asgeir Lie trakterer trekkspelet på sedvanleg melodiøst vis, og Olav Tveitane er stødig ankerfeste på kontrabassen.

Noralv Pedersen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |