Dag og Tid nr. 5, laurdag 1. februar 2003

Roald Helgheim:
Krigsmålet Irak
Eit militært åtak mot Irak er ulovleg. Å forsvare seg mot et slikt åtak, er å føre ein rettferdig krig. Om det blir krig i Irak, er det altså Saddam Hussein som fører den rettferdige krigen. Så enkel er den folkeretten USA prøver å omgå med alle middel, om nødvendig også med å setje til side eit FN som ikkje dansar taktfast nok etter USAs pipe. Imperialismen er kapitalismens siste stadium, skreiv Lenin. Eit USA-leia åtak mot Irak vil vere ein klassisk imperialistisk krig, der målet ikkje berre er å erobre nytt territorium, men også å leggje dette landets ressursar under seg. Og like klår som marxismen er om imperialistiske krigar, er han om det folk som lar seg bruke i krigen, den arbeidarklassen (og deira organisasjonar) som ifører seg uniform i det eigne, imperialistiske landet si teneste. Det er ein tankestillar for Tony Blair, puddelen som i radikale stunder også tar på seg den marxistiske kappa. Når verdas imperialistiske supermakt rustar seg til eit nytt åtak, med store og små pudlar på slep, er det på høg tid å pusse støv av politisk barnelærdom.

Akkurat det tenkte eg ein kveld då det framifrå NRK-magasinet Verdibørsen stilte spørsmålet om det finst rettferdige krigar. Ingen erklærte marxistar uttalte seg om saka, men dei sakkunnige var eintydige. Det enklaste døme på ein rettferdig krig har til alle tider vore forsvar med våpen i hand mot åtak utanfrå. Dette prøver USA å stille på hovudet med teorien om ein «førebyggjande forsvarskrig» mot eit lite land på den andre sida av kloden. Det beste dømet historia kjenner på at ein slik krig kunne forsvarast, ville vere eit åtak på Hitler-Tyskland før landet sjølv gjekk ut over sine eigne grenser. Til og med det ville vere folkerettsleg diskutabelt, og sjølv om suverenitetsprinsippet, særleg med intervensjonskrigane på nittitalet (Balkan mm) har blitt uthola, er påskotet for å gå til krig mot Irak folkerettsleg absurd, og i strid med FN-pakta.

Dette har vore påvist av mange, og ein av dei som i desse dagar har sett argumentasjonen i system, er den indiskfødde fredsaktivisten Milan Rai, med boka som er omsett til norsk med tittelen Krigsmål Irak (Cappelen). Rai bur no i USA, og har lenge vore aktiv i arbeidet mot dei økonomiske sanksjonane som vart sett i verk etter Golfkrigen. Ikkje berre avviser han at krigen er rettferdiggjort med Iraks påståtte oppbygging av masseøydeleggingsvåpen, men han viser at USA systematisk har svekt og sabotert våpeninspektørane sitt arbeid frå byrjinga. Då Kofi Annan i 1998 personleg greip inn etter strid om våpeninspeksjonane, skar dei tenner i Det kvite hus. Ved eitt høve hadde amerikanske B-52 bombefly tatt av frå basane sine i Louisiana og måtte gjere vendereis.

Milan Raids dokumentasjon er ein katalog over korleis USA har brukt våpeninspeksjonsspørsmålet til sitt formål, til å herse med Irak og undergrave FN, for å provosere til strid. Og han stiller opp ti tesar mot krigen som etter alle solemerke vil vere like gyldige når utanriksminister Powell har talt til Tryggjingsrådet neste veke. Dei viktigaste er:
– Det ligg ikkje føre prov på at Irak har øydeleggingsvåpen.
– Det er ikkje dokumentert noko samband mellom Irak og terroråtaka.
– Det er ingen krig til støtte for demokratiet.
– Ein krig mot Irak kan utløyse ein humanitær katastrofe.
– Ein krig mot Irak kan setje kurdarane i fare.
– Ein krig mot Irak vil vere ulovleg.

Dessutan vil det vere endå ein krig i eit Midt-Austen der den USA-støtta israelske terroren mot Palestina er verre enn nokon sinne, og dei israelske styresmaktene byggjer betongmurar rundt okkuperte område som får den gamle Berlin-muren til å bleikne.

Rai innleier boka med et kronologisk oversyn som startar med krigen mellom Iran og Irak i 1980, ein krig Irak førde med amerikansk støtte. Etter Golfkrigen er oversynet ein kortstudie god nok til å minne ein om karakteren av det nye amerikansk-vestlege felttoget, som vart innleidd med dei økonomiske sanksjonane, oppretting av flyforbodssoner som har vore eit fritt fram-område for periodisk bombing av Irak i ti år, i tillegg til den sosiale utarminga dei økonomiske sanksjonane har påført landet. Med jamne mellomrom har flyforbodssonene blitt utvida, åtaka har blitt intensiverte, og i det dramatiske året då Kofi Annan personleg greip inn for å hindre krig, trekte sjefen for FNs kontor for koordinering av humanitære aktivitetar i Irak seg. Namnet var Denis Halliday, og grunnen var at «vi held på å øydeleggje eit heilt samfunn». Svaret frå USA og Storbritannia var Operasjon Desert Fox i desember 1998, då Irak vart bomba i fire døgn utan at FN vart konsultert eller informert. Mannen som overtok Hallidays kontor, Hans Sponeck, trekte seg i protest mot sanksjonane i 2000. Då Tryggjingsrådet i fjor tillet import av sivile varer, med unntak av varer på ei lang liste over «dobbeltbruk», kalla leiaren for ein katolsk hjelpeorganisasjon dei «målretta sanksjonar» som var verre enn nokosinne.

Mot all krigsretorikk talar historia og sanninga sitt tydelege språk. Haukane Donald Rumsfeld og Dick Cheney, som tok sete i Det kvite hus alt under president Ford, har vore drivkreftene i ein høgreekstrem republikansk lobby, som lenge før Bush jr vart president har ivra for eit felttog mot Irak. No styrer dei sjølv krigen. Krigsmålet er Irak, offeret for ein ny, imperialistisk krig.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |