Dag og Tid nr. 5, laurdag 1. februar 2003

Klok på bok 600:
Klok på hav
«Det er sagt om denne forfattaren at ho skildrar sosiale problem på ein observant, satirisk og vittig måte. ‘Ethan Frome’, utgitt i 1911, er det mest kjende verket til den amerikanske forfattaren Edith Wharton. ‘Ethan Frome’ er ikkje lesnad av det lystige slaget. Ei detaljert skildring av samfunnet og landskapet gir oss Whartons meining om korleis miljøet avgjer åtferda, personlegdomen og lagnaden til individet. Her er einsemd, pessimisme, kjærleik og svik. Ethan er redd for å vera åleine, difor giftar han seg med den mykje eldre Zeena, pleiaren til mor til Ethan. Samlivet blir ulykkeleg. Den unge Mattie, søskenbarnet til Zeena, kjem. Det blir kjærleik mellom Ethan og Mattie. Zeena sender Mattie bort. Ethan vil køyra henne til stasjonen. På vegen prøver dei å gjera sjølvmord, for aldri å vera einsame meir. Dei mislukkast, og endar opp så skadde at Zeena må ta seg av dei resten av levetida.»

Dette brevet kjem frå Leif Ragnar Fiske i Alversund.
Du verda så klok Fiske er, seier Barabass. Då er det berre ein ting å gjera, nemleg kåra han til vinnar. Gratulerer! Premie kjem i posten.
Framleis er ho Paula ute og rek, men Barabass og eg prøver å gjera så godt me kan. Det blir ikkje det same utan ho Paula, seier Barabass. Men mange svar har det kome.

«Denne boka kjenner jeg, og den gjorde et sterkt inntrykk på meg. Forfatteren heter Edith (Newbold Jones) Wharton, boka heter ‘Ethan Frome’, og ble utgitt i 1911. Det er ei bok om frustrert kjærlighet og om konflikt mellom forskjellige miljøer, men fremfor alt er det den strenge vinteren og det begredelige livet på en fattigslig farm i New England jeg husker. Jeg plukket opp boka i en bokhandel på Park Avnue i New York for et par år siden, men har siden gitt den bort, så jeg kan ikke sjekke innholdet.»,
skriv Anne-Marie M. Otterlei som ikkje fortel oss kvar ho held til.

Mange er kloke på trist kjærleik. Mellom andre Jon Grepstad, Brita Lundeland i Aurland, Morten Haugen i Brekstad, og Gunder Runde i Ulsteinvik. Han minner om at det er Brit Bildøen som har omsett romanen for Det Norske Samlaget. Birgitte Berge i Rådal svarar så aldeles korrekt. Det same gjer Kari Folvik i Oslo. Ho skriv slik: «Svar på KPB denne veka er Edith Wharton. Må innrømme at eg søkte på nettet på Ethan Frome og fann forfattaren, men har ikkje funne ut kva slags krigsteneste ho gjorde. Leste derimot masse om henne på diverse internettsider, mellom anna at ho skreiv 40 bøker på 40 år, at ho levde frå 1862-1937 og at ho var den første kvinna som vann Pulitzerprisen. Fargerik dame ser det ut for.»

Kaare Stegavik i Trondheim har rett og slett skaffa seg boka.
«Æ gikk ijnnpå Øksendals bokhandel å prøvd å fijnn ut svare’ på oppgaven, å så faijnn æ derre boka oppi hyijlla. Byijnnt å læssa videre, og fekk næsten frysénga nedover ryggen, så godt va det skrevve, syntes æ. Æ koijnn itj lægg a efrå mæ, så æ gikk bortåt hu Marianne å kjøft boka å tok a me mæ heim. Utrule’, hu Edith va født Edith Newbold Jones i mange generasjonas overklasse i New York, skreiv mest frå sånt miljø, men så fleske hu te med eitt mirakel tå ei bok frå utkaijnntbygda de lux, troverdig og nesten oppskakandes, vijll æ sei. Å skrevve i 1911, nydelig oversætt tå hu Brit Bildøen.», skriv Kaare Stegavik.

Mange kloke denne veka: Olav Molven i Bergen. Han veit at forfattaren i tillegg til romanar gav ut novellesamlingar, dikt og reisebøker. Anna-Margrethe Birkeland i Kristansand prøver seg på Klok å bok for første gang og svarar korrekt. Håpar på fleire svar frå deg!

Jon Grepstad har i sitt svar skrive korleis byrjinga på boka høyrest ut på engelsk. Barabass synest det er så vakker at me må trykkja det, så difor:

«I HAD THE STORY, bit by bit, from various people, and, as generally happens in such cases, each time it was a different story. If you know Starkfield, Massachusetts, you know the post-office. If you know the post-office you must have seen Ethan Frome drive up to it, drop the reins on his hollow-backed bay and drag himself across the brick pavement to the white colonnade: and you must have asked who he was.
It was there that, several years ago, I saw him for the first time; and the sight pulled me up sharp. [...]»

Klok på bok 600
Alle tre hadde ment det var en god idè å kjøpe den hesten. Selv om det ikke kunne tjene til noe annet enn betaling for Josephs sigaretter. For det første var det en idè, det var et bevis på at de fremdeles kunne få ideer. Og så følte de seg mindre ensomme. Denne hesten knyttet dem til verden omkring, de var tross alt i stand til å få noe ut av den verdenen, selv om det ikke var noe særlig, selv om det var elendig.

Forfattaren voks opp i Indokina og er her i landet særleg kjend for ein roman. Romanen har vorte karakterisert som eit barkst epos om morskjærleik. Kva heiter forfattaren, og kva tid kom denne boka ut? Veit du svaret sender du det til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22 41 42 10 eller sender e-post til Paula@dagogtid.no. Svar innan fredag 7. februar. Lukke til!
Dale-Oskar
 - og Barabass

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |