Dag og Tid nr. 5, laurdag 1. februar 2003

Herbjørn Sørebø:
Integriteten under press

NRK HAR IKKJE innført nokon ny praksis ved å ta Petter Nome av som programleiar i Sommeråpent. Det er hevdvunnen praksis i institusjonen at medarbeidarar som steller med dei politiske programma ikkje må delta aktivt i politiske parti og aksjonar. Medlemskap i eit politisk parti har vore tillate, men ikkje aktivitet. Det er underleg at så mange i ordskiftet nå ikkje ser at det må vere slik. I dette ligg det ikkje noka mistru til dei som arbeider med slike program. Leiinga kan vere overtydd om at dei kan skilje mellom programarbeid og aktivitet på ei side i saker dei er personleg engasjerte i, men spørsmålet er om publikum har mistru til dei. Det skal ikkje mykje til før mange får ei slik mistru. Ein public servise-institusjon skal gje ei balansert framstilling av alle saker. Det er eit krav publikum har rett til å stille. Steller ein medarbeidar seg slik at mange sit med mistru, har både han/ho og institusjonen eit problem.

PROBLEMET FOR NRK-medarbeidarar og NRK vart sett på spissen i kampen om medlemskap i EF i 1972. Somme medarbeidarar hadde ope gjeve uttrykk for kva side dei stod på, utan at dei gjekk ut offentleg eller deltok i aktivitetar. Standpunktet deira vart fanga opp i kamp-organisasjonane, og det førte til at dei ofte vart utsette for ein urettvis kritikk. Det er døme på at barna deira vart mobba på skolevegen. Somme av medarbeidarane sette namnet sitt under opprop, gjekk i tog og tala på møte. Eit par medarbeidarar fekk av den grunn ikkje høve til å lage program i radio og fjernsyn i denne kamptida, sjølv om det var program som ikkje hadde det minste med EF-spørsmålet å gjere. Institusjonen vart tvinga av omstenda til å dra ei grense, og grensa vart sett ved aktivitet. Som aktivitet vart det rekna å skrive under på opprop.

TEMPERATUREN VAR HØG i EF-striden, men NRK kom rimeleg bra ut av det. Kringkastingssjef Torolf Elster avgjorde at det skulle vere «balanse på meget kort sikt», og det var det. Professor Jörgen Westerståhl ved Universitetet i Gøteborg slo fast etter ei gransking at partane hadde fått like mykje sendetid. Det var viktig i det offentlege ordskiftet at sendetida vart delt slik, men minst like viktig var det at det – stort sett – ikkje vart stilt spørsmål om integriteten til dei som hadde hatt programarbeidet. Med aktivistar i programleiinga hadde nok dommen vorte ein annan. Det er når spørsmålet om integritet kjem under press det er viktig å ha reine liner.

SOMMERÅPENT ER EIT blanda program. Det er mykje til tidtrøyte. Programleiaren presenterer artistar, og det blir snakka med ein kokk og gjeve gode råd. Kokkar er det i mange slag program på alle kanalar. Snart får vi vel ein kokk kvar kveld jamvel i Dagsrevyen. Men det blir snakka om så mangt i Sommeråpent. Politikarar blir intervjua, ikkje berre om sommarskjegg, men om djupt alvorlege politiske spørsmål. Slik sett er det eit aktualitetsprogram, og dermed må det stillast dei same krava til det som til slike program elles.

DEN ABSOLUTTE OBJEKTIVITETEN finst like lite som den absolutte sanninga, men i programarbeid kan ein streve etter å gje ei balansert, upartisk framstilling. Det er ingen grunn til å tvile på at det både kan og vil Petter Nome, og han har forsikra at han ikkje har i tankar å misjonere, men i NRK er det ikkje tvil eller tru på det saka gjeld. Spørsmålet er tilhøvet til sjåarane. Det er berre tøv å hevde at NRK tek frå han retten til å ha meiningar og eit engasjement. Han må berre velje om han vil vere programleiar eller ta ut engasjementet sitt, og når han så valde engasjementet, hadde ikkje NRK noko val. Slik ser også fleirtalet av redaktørar det.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |