Dag og Tid nr. 5, laurdag 1. februar 2003

Film:
Det våpengalne landet
Med våpengalskapen som utgangspunkt spør Michael Moore kvifor to elevar drap 12 andre på Columbine Five high school. Han har laga tidenes dokumentarfilm om mykje meir enn det.

FILM
Bowling for Columbine
Regi: Michael Moore
Canada 2002

Dermed blir han også kjend for eit større norsk publikum, urokråka frå Flint, Michigan, som i 1987 først la i veg med kamera for i Roger & Me å dokumentere konsekvensane av amerikansk kapitalisme då General Motors flagga ut av byen. Kva som er att av Flint, lærer vi også å kjenne i denne filmen, gjennom ein uhyre sterk bolk om tragedien til ei einsleg, dobbeltarbeidande mor. Dei næraste dagane blir det også vist to Moore-filmar på Cinemateket i Oslo, av mannen som også skreiv boka Stupid White Men and Other Sorry Excuses For The State Of The Nation, då George W. Bush vart president. Det er Flint-filmen og The Big One, som er ein annan film om kapitalismens herjingar med dårleg betalt arbeidskraft i USA.

Valdskulturen

Bowling For Columbine
er ikkje berre eit nervepirrande nærstudium av omstenda rundt skulemassakren i Littletown, Colorado, der to elevar skaut seg sjølve etter å ha drepe 12 andre. Det er den amerikanske valdskulturen han jaktar på, med sterke innslag av svart komikk som resultat. Som når han er på vitjing hos ein av kompisane til Oklahoma-bombaren Timothy McVeigh i området der dei dreiv våpentreninga si. Den våpengalne mannen med eit nær psykopatisk oppsyn svarar dette på spørsmålet om kvifor han væpnar seg: – Det er mange galningar der ute!
Men låtten sit fort fast i halsen når Michael Moore med sitt rufsete oppsyn og ikkje heilt atletiske korpus ruslar med kamera etter seg inn i husa der den amerikanske våpenmentaliteten er gjord til industri. Eit absolutt høgdepunkt er når Moore, som sjølv er medlem av Charlton Hestons organisasjon National Rifle Assocciation, får audiens hos gallionsfiguren sjølv, ein aldrande, skjelvande Heston som knapt kan meir enn å heve rifla over hovudet på massemøta, og som aldri har vore utsett for vald sjølv. Likevel stod han for den største provokasjonen etter Columbine Five (og tragedien i Flint) med å vere med på propagandamøte for våpenfridommen på staden, like etterpå. Men skyteskiva for det moralske Amerika var ikkje våpenindustrien, men folk som rockaren Marilyn Manson og South Park-skaparen Matt Stone. Han var sjølv var elev på Columbine og dei er begge i filmen.

Columbine-massakren

Mangt er sagt og vist om sjølve skulemassakren. Likevel er dei sterkaste bileta stadig videoopptaka frå kamera i skuleromma, eit lydlaust drama der tida står stille. Moore tek med seg to av dei overlevande offera, som fulle av kuler i kroppen blir med til firmaet som selde den drepande ammunisjonen. Han har ein kombinasjon av å vere både pågåande og venleg på ein måte som avvæpnar alle. Den provoserande dokumentarrabulisten lagar svart ironi og djup samfunnskritikk, til effektfullt akkompagnement av USAs blodige etterkrigshistorie verda rundt. Kvifor filmen heiter Bowling for Columbine? Opplev Michael Mooore sjølv på den amerikanske bowlingbana.
Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |