Dag og Tid nr. 4, laurdag 25. januar 2003

Teater:
Ein forførande appelsin
Mens pressa skriv om umotivert gatevald, byd Rogaland Teater foreldre og ungdom på Anthony Burgess og
A Clockwork Orange. Ei velmeint, men problematisk innbyding.


Rogaland Teater
A Clockwork Orange
Av Anthony Burgess
Instruksjon: Roy Lie Jonassen


Romanen A Clockwork Orange blei skriven av Anthony Burgess i 1962 som ei framtidsforteljing lagd til tusenårsskiftet. Mest kjend er likevel Stanley Kubricks filmatisering frå 1971. Rogaland Teater byggjer på Burgess si eiga dramatisering frå 1990.
Kort sagt dreier det seg om den valdsdyrkande gjengleiaren Alex som blir kurert med vitskaplege metodar, slik at kvar minste kjensle av aggresjon gjer han sjuk.

Det totalitære

Alex blir ståande som ein slags opprørar mot autoritære maktpersonar og eit totalitært samfunn. Scenografien til Kathrine Hysing og Oddgeir Kummen byggjer opp om dette ved hjelp av brutal betong, men først og fremst blir det totalitære postulert gjennom stykket sin «Ludovico-metode» – ein terapi som gjer etiske val overflødige. Pasienten blir «a clockwork orange» – ein mekanisk appelsin.

I år 2003 har framtidsvisjonen likevel blitt henta inn av marknadsliberalisme i staden for den røyndommen stykket åtvarar mot. Det er derfor ikkje sikkert at A Clockwork Orange er fullt så «aktuell» som teateret vil ha det til. Det er heller ikkje sikkert at stykket er eigna som utgangspunkt for dagens valdsdebatt.

Noko av problemet ligg i det kristen-eksistensialistiske menneskesyn til Burgess. Bodskapen hans er at valden ikkje kan fjernast med vitskap – fordi det også vil gjera slutt på det essensielt menneskelege. Valden kan ikkje (bort)forklarast som sjukdom eller mistilpassing, men vil alltid vera ein realitet fordi mennesket av vesen er syndig, det vil seie mennesket vil det vonde – (men er likevel fri til å søkja mot det gode).

Ein anar nok samanhengar mellom framferda til Alex og det samfunnet han lever i, men dette er noko Burgess ikkje legg stor vekt på. Tvert om vil han ikkje årsaksforklara valden, men retta merksemda mot det etiske valet til den einskilde. Han set parentes kring sosio-økonomiske, kulturelle og psykologiske forklaringar, til fordel for det frie valet som gjer eit menneske til eit menneske. Sosionomen sine forklarande og forståande metodar blir derfor gjorde til latter.

Vald og estetikk

Dømet til Burgess er Alex som snittar opp offera sine med kniv, fordi det er gøy og fordi det held keisemda borte. Han er intelligent, tiltrekkjande, har inga traumatisk fortid og kjem frå ein vanleg rekkehusfamilie. Bakgrunnen gir inga forklaring på kvifor han forlystar seg med dop, ran, valdtekter og drap. Anders Dale inkarnerer på imponerande vis denne skapnaden som er utan snev av medkjensle – men som likevel dyrkar det skjønne – særleg Beethoven. Dale kombinerer suverent det demoniske og det sjarmerande, noko som er avgjerande for at stykket blir uroande.

Samansetjinga av Håkon Berges tekno-inspirerte musikk, Dales energi – og brutale men også «vakre» kampscener, forfører kanskje meir enn ho skaper avsky. Som for Alex blir vald til estetikk. Alex blir ein lysande helt som me identifiserer oss med. Tilskodaren blir sett i stand til å forstå at her finst koplingar mellom dyrkinga av det skjønne – Beethoven – og av (ultra)vald – og mellom det demoniske og det religiøse. Mykje fin komikk er bygd opp kring birollene som blir utsette for den magnetiske, erotiske tiltrekking til Alex – til dømes av sjukepleiaren, intelligent spelt av Nina Ellen Ødegård. Mindre finslipt er karikeringa av autoritetspersonane, særleg vitskapsmannen Brodsky (Even Stormoen) og fangevaktarane, og av den fordrukne presten (Ole A. Simensen) – eit slags «talerøyr» for den eksistensialistiske norma i stykket.

Demonisk inspirasjon

Burgess framstiller den valdsdyrkande ungdommen som ein like stor mekanisk appelsin som den «friskmelde» Alex. Det å vera ung er slik, seier Alex i epilogen: Ungdommen fer framover som ein strikkmotor – utan mål og retning. Kanskje er det noko i dette, men problemet blir likevel at Alex ikkje er typisk – men er skreddarsydd for Burgess sine eigne føremål. Burgess brukar Alex på like autoritært vis som vitskapen brukar han, for å prenta inn i oss det Burgess meiner at eit menneske er. Alex er ei reindyrking av ei eksistensiell haldning som utanom kunsten bare finst i blanda form. I røynda er ungdomar sjeldan heilt uforklarlege, sjeldan heilt frie, sjeldan heilt ufrie, heilt gode, heilt oppslukte i det vonde. Den som kanskje liknar Alex mest er psykopaten – men han er sjuk – noko Alex ikkje er.

A Clockwork Orange
er urovekkjande kunst, men eignar stykket seg til den debatten som teatersjef Ingjerd Egeberg legg opp til: «Hvem gjør noe og hva gjøres når det blir vanskelig for en ung sjel å avgjøre hva som er rett og galt?»
Stykket er eigna til å skapa debatt. Likevel er det også eigna – som Kubricks film var det – til å føda unge appelsinar – inspirerte av den fascinerande valds- og Beethoven-dyrkaren Alex.

Magne Drangeid

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |