Dag og Tid nr. 4, laurdag 25. januar 2003

NATO OG FN:
Noreg har sett NATO over FN-pakta
Som Nato-medlem skal Noreg følgja Nato; som FN-medlem skal Noreg følgja Folkeretten, men kva skjer når desse omsyna kolliderer?
– Då skal Noreg følgja Nato, går det fram av eit nedstøva og gløymt stortingsvedtak frå 1994.

Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.no

Micheline Egge Grung har kosta støv av det åtte år gamle vedtaket i ei hovudoppgåve i statsvitskap som ho har kalla Conflicting Duties of International Law and Nato Membership. Der slår ho fast at det eksisterer eit stort dilemma i norsk utanrikspolitikk, og det er norske styresmakter som er ansvarlege for at Noreg har hamna i dette dilemmaet.

– Det er snakk om eit kontinuerleg dilemma, og det er viktig at norske styresmakter erkjenner dette, seier ho.

– I stortingsvedtaket frå 1994 valde stortingsfleirtalet å setja norsk Nato-medlemskap over FN-medlemskapen, slår Micheline Egge Grung fast. Ho vikarierer i dag som sekretariatsleiar i Den nasjonale forskningsetiske komite for samfunnsvitenskap og humaniora.

Eit brot

Den 6. desember 1994 vedtok Stortinget å godkjenna norsk deltaking i militære Nato-operasjonar utanfor Nato-området, sjølv om Tryggingsrådet ikkje har godkjent slike operasjonar. Fram til dette vedtaket hadde det vore norsk politikk at ein skulle delta i slike ute-av-Nato-området-operasjonar berre når dei var godkjende av Tryggingsrådet.

Stortingsvedtaket inneber eit brot med ein lang tradisjon i Noregs offisielle utanriks- og forsvarspolitikk, slår Grung fast.

– Det er vanskeleg å skjøna at vedtaket kom så tidleg som i 1994. Då var det full krig i det tidlegare Jugoslavia, og Nato var oppteken av at FN skulle gje alliansen legitimitet. Den gongen var det utenkjeleg at Nato ville gå til militær intervensjon utan eit mandat frå FN, men likevel vart vedtaket fatta i Stortinget. Eg har ikkje noka forklaring på kvifor.

Moralsk forsvarleg?

I hovudoppgåva diskuterer Micheline Egge Grung om stortingsvedtaket frå 1994 er moralsk forsvarleg, og ho konkluderer med at det ikkje er det. Ho går grundig inn på Noregs plikter både i høve til Folkeretten og til Nato, og slår fast at stortingsfleirtalet som fatta vedtaket, ikkje var viljug til å gå inn på motargumenta frå mindretalet.

– Fleirtalet retta berre merksemda mot Nato-pliktene. For å få eit nøye gjennomtenkt vedtak, burde dei ha teke inn argumentet om pliktene i høve til Folkeretten. Det fanst med andre ord ein betre veg ut av dette dilemmaet, seier Grung.

Ho minner om at FN-pakta seier kva eit land må eller ikkje må gjera.

– Det er ei anten-eller-plikt; anten så oppfyller ein kontrakten, eller så gjer ein det ikkje. Plikta som Noreg har overfor Nato, som inneber at landet må gjera gjengjeld for fordeler ved Nato-medlemskapen, kan derimot oppfyllast på ulike måtar. Det kan vera at plikta overfor Nato inneber at Noreg bør delta i ulovlege militære aksjonar, men det finst òg andre måtar å oppfylla den moralske plikta som medlem av alliansen.

Vedtaket

Stortingsdebatten om saka varte i tre timar, men det var ei to-ledda sak, der det handla mest om pliktteneste for norske offiserar. Framstegspartiet, Høgre og Arbeidarpartiet røysta for at Noreg skal prioritera Nato høgare enn FN, medan Senterpartiet, KrF, SV og RV var mot.

– Det enda med at Stortinget fatta eit prinsippvedtak om at Noreg kan delta i militære operasjonar for Nato utan å ha FN-mandat i ryggen. Det vart seinare det sentrale spørsmålet under Kosovo-krigen då norske fly deltok i Natos bombing i Kosovo, Serbia og Montenegro, trass i mangelen på eit klart mandat frå Tryggingsrådet. Mange meiner det er aktuelt også i høve til at Noreg støttar amerikansk bombing i Afghanistan. Og det er aktuelt no i samband med ein eventuell krig mot Irak, av di det reiser spørsmål om kva som krevst av Noreg som Nato-medlem.

Micheline Egge Grung stiller seg tvilande til at Nato-medlemskapen krev at Noreg deltek i ein eventuell militær operasjon mot Irak.

Lite merksemd

Stortingsvedtaket frå 1994 vart gjort åtte dagar etter folkerøystinga om norsk EU-medlemskap 28. november.

– Det var svært lite offentleg merksemd kring det, og truleg var berre få klare over at vedtaket vart fatta, seier Grung.

Ho har gått gjennom Dagbladet og VG for perioden for 5. desember til 15. desember 1994, men ikkje funne ein einaste nyhendeartikkel, kronikk eller debattinnlegg om vedtaket. I Aftenposten var det ein artikkel, og der går det fram at Noreg vil kunna delta i militære operasjonar utanfor Natos geografiske område utan FN-mandat. Men i artikkelen vert det ikkje gjort greie for at dette kan vera i strid med FN-pakta, påpeikar Grung.

– Korleis kunne eit så viktig vedtak få så lite merksemd?

– Kanskje var det på grunn av at Noreg hadde sagt nei til norsk EU-medlemskap berre nokre få dagar tidlegare, og at stortingsvedtaket dermed forsvann i EU-oppstyret.

I stortingsvedtaket frå 1994 vert det gjort klart at ei eventuell norsk deltaking i denne typen militære operasjonar, leggjast fram for Stortinget på nytt, men sidan har Stortinget oversett sitt eige vedtak. Då norske F16-fly skulle delta i Kosovo, var det ingen debatt i Stortinget. Det var det heller ikkje før bombinga av Afghanistan. Når politikarane ikkje debatterer så viktige spørsmål, kan ein spørja om dei har evne til å utøva statsmannskunst, slik dei er valde for gjera. Debatt er trass i alt heile grunnlaget for Stortingets verksemd. No er det interessant å sjå at medlemmer av utanrikskomiteen vil ha debatt i Stortinget før Noreg går med i ein krig mot Irak. Dette er svært positivt.

– Kjenner politikarane vedtaket frå 1994?

– Det har eg ikkje undersøkt, men det skulle ikkje undra meg om dei ikkje har kjennskap til det. Johan J. Jacobsen var saksordførar i stortingsdebatten. Han høyrde til mindretalet og var mot vedtaket.

Endra FN-pakta

Grung viser til at USA er oppteken av krigen mot terrorisme, og at det allereie har vorte viktig i Nato-samarbeidet. Difor kan ein ikkje rekna med at det utanrikspolitiske dilemmaet som Noreg er i, forsvinn.

Grung nemner ein sjanse til å koma ut av dilemmaet, men den løysinga – å endra FN-pakta – synest urealistisk.

– Viss det er heilt umogeleg for Nato å ivareta tryggleiken gjennom FN-pakta slik ho vart vedteken i 1945, kan Noreg som god FN-medlem prøva å endra reglane, og dermed sørgja for at Noreg ikkje bryt FN-pakta lenger, seier Grung. Ho meiner at det er gode grunnar til at reglane i FN-pakta er så pass strenge som dei er.

Nato-plikter

Grung viser til eitt argument som av og til vert gløymt av dei som er kritiske til norsk deltaking i Nato-operasjonar.

– Ein kan ikkje gløyma Noregs plikter overfor Na
to etter meir enn 50 års medlemskap. Noreg har hatt store fordelar av medlemskapen, og ein har akseptert dei fordelane som medlemskap gjev – både under og etter den kalde krigen. Dermed får Noreg ei plikt som Nato-medlem til å gjengjelda dei godene som medlemskapen har gjeve. I Nato-pakta er det ingen kontraktsplikter som seier at Noreg må delta i folkerettsleg ulovlege militæroperasjonar, men sidan Noreg har akseptert dei goda som medlemskap gjev, oppstår det ei plikt til å gjengjelda dette. Viss Noreg ikkje gjengjelder goda som medlemskap gjev, kan ein seia at Noreg har urettmessige fordeler. Noreg har ei plikt til å gjengjelda, og dermed hamnar me i eit dilemma. Grung viser til at politikarane ikkje har vore viljuge til å innsjå dilemmaet.

– Det var tydeleg i samband med debatten om Ko
sovo. Den gongen var Knut Vollebæk utanriksminister, og han prøvde å argumentera med at Kosovo-krigen ikkje var i strid med Folkeretten og FN-pakta. Somme folkerettsjuristar har argumentert for det same, men det dominerande synet er at denne typen militære operasjonar i beste fall er tvilsame etter Folkeretten.

Unngå undergraving

Spørsmålet er blant anna om ein har Folkeretten i ryggen når ein har Tryggingsrådet med seg.

– I prinsippet er det slik, men det som var uklart då bombene fall i Kosovo, var at somme meinte at Tryggingsrådet hadde gjeve løyve til militær tvangsmakt. Ein må alltid tolka dei resolusjonane frå Tryggingsrådet, og det kan vera ei kjelde til usemje. Det kan vera at somme meiner at ein har Tryggingsrådet bak seg, medan andre meiner det motsette. Så lenge Tryggingsrådet har gjort eit klart vedtak, vil dei aller fleste folkerettsekspertar seia at det då er greitt.

– Kva om Tryggingsrådet seier nei til å gå til åtak på Irak, men USA og Nato pressar Noreg til å vera med på eit åtak?

– Det som er den vanlege tolkinga, er at norsk deltaking i ein aksjon er i strid med FN-pakta. Nato-generalsekretæren hevda før jul at Nato-medlemmene har ei moralsk plikt til å støtta USA i ein krig mot Saddam Hussein. Han har eit slags poeng dersom det er grunn til å seia at Irak utgjer eit trugsmål mot USA. Noreg har ei plikt til å yta noko tilbake til Nato, men konklusjonen min er at Noreg burde la vera å gå med i ein slik aksjon. Dette er ikkje berre av di ein kan spørja kva trugsmål Irak verkeleg representerer, men også av di det er ein reell fare for sivile tap.

– Kva situasjonar kan Noreg hamna i om ein følgjer Nato?

– Faren er at ein undervurderer Folkeretten og dei internasjonale spelereglane som me må retta oss etter. Mange meiner at Noreg, som eit lite land, har mest å vinna på at me har ein Folkerett som vert respektert. Sånn sett bør Noreg sørgja for at dei reglane me har, ikkje vert undergravne, seier Micheline Egge Grung.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |