Dag og Tid nr. 4, laurdag 25. januar 2003

Leiar:
EU-Bjarne i Harry-land

Lars Sponheim var lenge ein meister i å skapa rabalder, men no har det vorte stilt. Men før han roa seg, greidde han å gje namn til eit nytt land: Harry-land.

Opphavleg var det den førre landbruksministeren Bjarne Håkon Hanssen som var mest oppteken av Harry-land, men han såg aldri på den strie straumen til Svinesund som harry. Stadig stod han fram med krav om billegare pølser, og til slutt vart han pølseministeren.

No har den godslege trønderen fått i oppgåve å vera leiar for Arbeidarpartiets EU-diskusjonar fram til 2004. Dagbladet var snøgg med å omdøypa den visjonære konsumenten frå Pølse-Hanssen til EU-Bjarne. Og brått skjøna me kven som skal plaga oss med euforiske fjøskrakk-rapportar det neste året.

Den tidlegare nei-mannen utelukkar sjølvsagt ikkje at han vil røysta for norsk EU-medlemskap. Han fortel til og med kva tid han såg lyset. Det var i 2001 medan EU-ministrane sat bak lukka dører og diskuterte kugalskap, og Hanssen måtte halda kontakten med dei gjennom telefonen. Då fann Bjarne Håkon Hanssen ut at nei-standpunktet var feil.

Den gongen var det nærast unntakstilstand i Europa, og Thorbjørn Jagland uttalte at no hadde me kome til brestepunktet. Mange uttrykte skepsis til frihandelen, og somme tok til orde for at EU burde vraka den felles jordbrukspolitikken og la det oppstå lokale matvaremarknader med varierte prisar og kvalitet.

Alle var opptekne av det sjuke jordbruket. No kan det sjå ut som om den delen av debatten er gløymt, men me hugsar pølsesnakket, feministutsegnene og ikkje minst då Hanssen gjekk på vinglas med berre føtene ein stad i EU. No ser me mørkt på eit heilt år med EU-Bjarne i Harry-land.
Ottar Fyllingsnes

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |