Dag og Tid nr. 3, laurdag 18. januar 2003

Leiar:
Januar-jabbet

EU-vinden har feia inn over landet med kuling i kasta denne månaden. Tilhengjarane av den europeiske superstaten har mobilisert, og ja-bølgja har skvulpa friskt over både nordkalott og dalstroka innanfor, utan å møta mange bølgjebrytarar. Men me har i alle fall registrert ein; då direktøren i Norsk Kjøtt opna for EU-medlemskap, sette styret foten ned.

Det kan vera hard kost når meiningsmålinga viser at ja-sida har 58 prosent oppslutnad, medan nei-sida berre får 28. Og berre elleve prosent seier at dei ikkje veit. Minst like oppsiktsvekkjande er det at 49 prosent av befolkninga i Nord-Noreg seier ja til EU.

I den samanhengen er det verdt å merka seg argumenta som har fått folk på gli. I avisene vert det skulda på valutasvingingar, sterk krone, høg rente, kraftprisar, den aggressive utanrikspolitikken til George W. Bush, industridøden, stillstanden i fiskeindustrien, marknadstilhøve, usikre arbeidsplassar, vilkåra i storfeproduksjonen og mykje meir. I desse dagar kan alt brukast som argument for innmelding.

Men det er ikkje første gongen at ei meiningsmåling viser solid forsprang for ja-sida. Me hugsar godt dei første åra på 90-talet då berre dei færraste trudde at ei folkerøysting kunne gje ja-fleirtal. Sidan har det gått i bølgjer. I august 2000 hadde ja-sida ti prosent leiing på meiningsmålingane, og mange frykta at ein ny EU-strid var like om hjørnet.

Kanskje burde nei-sida ha vore betre budd på den sterke ja-blesten etter EU-toppmøtet i København, men Nei til EU har valt å liggja lågt i terrenget. Me har verken sett eller høyrt noko til nei-generalen sidan tidleg i desember, men han veit sjølvsagt at det er langt fram. Det er stortingsval om to år, og mykje tyder på at me får ein ny, hard EU-strid.

Innan den tid kjem mange av argumenta frå dagens EU-debatt til å vera daude. Nye problem kjem til å dukka opp, og dei kan like gjerne tala for at Noreg bør halda seg utanfor EU. I mellomtida bør nei-sida sørgja for å pussa støvet av dei gode argumenta.
Ottar Fyllingsnes

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |