Dag og Tid nr. 3, laurdag 18. januar 2003

Klok på bok 598:
Trist på bok
«Ja, dette er ei bok eg har hatt store glede av å lesa. Dersom ein ikkje let seg avskrekka av omfanget, har ein mykje gildt i vente. ‘En passende ung mann’ av Vikram Seth er noko så sjeldent som trist, lærerik og morsam samstundes. Rupha Mehra, som strevar med å styra avkomet sitt dit ho vil, er ein kosteleg skikkelse, som eg dessverre må tilstå eg kjende meg mykje igjen i, sjølv om dei ytre vilkåra er aldri så ulike.», skriv Berljot Selvåg i Stavanger.

Og det er eit aldeles korrekt svar på vekas oppgåve, så Barabass og eg har like godt kåra henne til vinnar. Me gratulerer og rår til at du feirar med blautkake.

Barabass og eg vikarierer for ho Paula som har teke seg ein velfortent pustepause. Men kvar ho har skulle reisa, ville ho ikkje fortelja. Ho kan vera litt løyndomsfull, ho Paula. Men før ho tok veska og for, ropte ho etter meg ute på tunet at grunnen til at ho hadde trekt ho Anne Holt inn i oppgåva var denne: Anne Holt har sagt om En passende ung mann at det er ei bok alle har, men som ingen har lese. Difor skriv ho Paula at ho Anne ville hatt vanskar med å løysa oppgåva. Så har eg sagt det! Hildegard Larsson i Oslo har skrive dette om vekas bok: «Boka handlar om Lata, en vilter og selvstendig ung dame, som prøver å løsrive seg fra foreldrene. Latas løsrivelse fra foreldrene og Indias uavhengighet løper samman. Det er en murstein av en roman, men den var umulig å legge fra seg før siste side var lest.»

Birgitte Berge i Rådal er klok. Det same gjeld Lisbeth Halse Ytreberg i Oslo, Ivar Kristensen i Stavanger, Kaare Stegavik i Trondheim, Kari Folvik i Oslo og Karl Johan Grønning på Rykkin. Grønning skriv: «Dette er soga om korleis Rupa Mehra leitar etter ein høveleg mann for dotter si, Lata, noko ho vel må seiast å lykkast med ettersom Haresh bli ektemannen. Men i like stor grad, eller kanskje snarare i mykje større grad, er det ei brei og storfelt skildring av India med sine ulike religionar, med konfliktar og endelause og detaljerte politiske debattar, med kulturelle motsetnader og familietradisjonar.»

Kathrine Kloppen Gladyszak har lese meir enn boka Paula spurde etter. Ho skriv: «Jeg vil forøvrig også sterkt anbefale hans andre roman ‘En egen musikk’ (1999); en nydelig bok med et annet stemningsleie enn hans debutroman.» Gunder Runde i Ulsteinvik er klok som berre det, men han «vil ikkje love å lese denne boka, livet er kort, og det er så mangt som skulle ha vore songje, som ho sa, kona, ho bladde i salmeboka.»

Torstein Helleve, som ikkje fortel kvar han held til, spør: «Var ikkje det for enkelt? Til og med eg som ikkje har lese boka skjøna det med ein gong.»Barabass og eg beundrar slike som synest oppgåvene er lette.

«Det er ei underdriving å kalla ‘En passende ung mann’ for ein murstein. Snarare ein dobbelt-murstein. Eller ei leca-blokk.»,kommenterer Gunnar Hagen i Andfiskå. Rut Andrea Nervik i Trondheim meiner Paula er «snill som brukar dei første linjene i band 1, så ein slepp lesa gjennom alle dei 1365 sidene for å finna teksten! Bakerst i band 2 er det teke med ei ordliste på ni sider. Den er svært nyttig for å gje eit betre kjennskap til ein framand kultur. Elles må eg vedgå at eg ikkje har lese så mykje av verket», skriv Nervik.

Fint med desse som er ærlege, seier Barabass. Elles er det berre ein ting å seia. Det var gysla mange kloke denne veka.

Klok 598

Historia kom til meg bit for bit, frå forskjellige folk, og som det gjerne gjer i slike tilfelle, var det ei forskjellig historie kvar gong.
Dersom du kjenner til Starkfield, Massachusetts, så kjenner du posthuset, må du ha sett Ethan Frome køyre opp dit, slepe taumane til den salrygga fuksen sin og slepe seg over mursteinsfortauet bort til den kvite søylegangen; og du må ha spurt kven det var.
Det var der eg for fleire år sidan såg han for første gong, og synet fekk meg til å bråstoppe.

Dette er byrjinga på noko vakkert og trist. Forfattaren gjorde krigsteneste i Europa under første verdskrigen. Kva heiter forfattaren, kva heiter boka og kva tid kom denne ho ut?

Veit du svaret sender du det til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22 41 42 10 eller sender e-post til paula@dagogtid.no. Ho Paula har gjeve Barabass og eg løyve til å sjekka e-posten hennar, men ho sa før ho reiste at me fekk ikkje lov til å finna på noko tull. Send svaret før fredag 25. januar. Lykke til!
Dale-Oskar
- og Barabass

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |