Dag og Tid nr. 3, laurdag 18. januar 2003

EU:
Større nei-optimist enn på lenge
– Det er større sjanse for nei til EU no enn det var i 1994, seier Ottar Brox. EU-kampen handlar framleis om kva slags samfunn vi ønskjer Noreg skal vere, og Brox lèt seg ikkje skremme av dystre ja-målingar.

Roald Helgheim
roald@dagogtid.no

– Folk er lett påverkelege når dei blir spurde i ein uforpliktande gallup. Berre ein renteauke er nok til å flytte prosenten eit par hakk, men når det blir alvor, lyt dei tenkje seg om og spørje kva som er viktigast for folk i Noreg i det lange løpet.
Det seier ein Ottar Brox som ikkje blir i dårlegare kamphumør av at Europabevegelsen ha fått ein SV-ar i leiinga.
– Høgrefolk og teknokratar er for EU av klåre interessegrunnar. Det har ikkje dei svært så synlege unionsentusiastane frå venstresida. Frå dei kjem det berre «hot air», altså kvalm «europeisk» retorikk. Det blir folk fort lei av.
– Kva er då det avgjerande argumentet for å seie nei til EU i dag?
– I over hundre år har vi vore i stand til å råde over vår eiga samfunnsutvikling gjennom folkevalde organ. I EU bestemmer Kommisjonen, som er fullstendig immun mot folkemeininga. At det har vore visse endringar i EU-systemet rokkar ikkje ved at medlemskap for oss vil tyde avskaffing av det norske demokratiet. Tvert om er det ein argumentasjon som står endå sterkare når det gjeld små land. EU blir no ei endå tettare samanslutning enn før, og det går ikkje lenger an å snakke om «nasjonenes Europa».
– Er det ikkje naturleg at medlemslanda søkjer eit tettare samarbeid og ønskjer seg ei meir effektiv leiing av organisasjonen?
– Uansett vil det gå sterkare ut over demokratiet. Det kan ikkje understrekast tydeleg nok kva det vil seie at dei styrande skal vere ansvarlege andsynes folket. Demokrati vil seie at folk har høve til å velje seg eit nytt styre, og det har dei ikkje i EU.

Argument for

– Likevel finst det vel også argument for EU-medlemskap?
– Dei finst, men dei er ikkje gode nok. At EU har hatt noko å seie for ei fredeleg utvikling i den delen av Europa, kjem ein ikkje bort frå. Når franskmennene eig fabrikkar i Tyskland eller omvendt, minskar det sjølvsagt sjansen for at det eine landet går til krig mot det andre.
– Men gjennom EØS er vi alt meir og meir delaktig i ein politikk vi ikkje har nokon innverknad på. «En meningsløs utvikling», som Willoch plar seie. Kommentar?
– Det er ikkje noko argument for å gjere oss endå meir umyndige. Sjå på Noreg og Nato. Noreg har fast plass i Nato-rådet, eit råd som må vere samrøystes dersom Nato skal vere med på aksjonar utanfor Nato-området. Den norske statsministeren har altså formell makt til å seie nei. I 1999 kunne Noreg ha lagt ned veto mot å gå inn i krigen på Balkan. Det er ein nesten utenkjeleg tanke, men det interessante her er det prinsipielle: Når du har formell bestemmingsrett, men det er politisk umogleg å bruke han, kva gjer det med oss? Når våre leiarar blir nøydde til å argumentere for ei avgjerd dei er usamde i, kva følgjer får ikkje det for den politiske diskursen i Noreg? I lengda vil det medføre at ein ikkje berre stemmer for eit standpunkt ein i utgangspunktet er imot, men etter kvart også byrjar å meine det ein har stemt for. Alt no meiner Bondevik om lag det same som Bush om Irak.

Verre enn EØS

– Fullt medlemskap er endå verre enn EØS, der vi trass i alt kan stemme mot eit barnematdirektiv. For dei små landa vil eigne, nasjonalt bestemte standpunkt ha same sjansar som ein snøball i helvete. Noreg blir stadig nøydd til å meine noko andre har bestemt. Skilnaden på å ha formell men ikkje reell makt er undervurdert i EU-debatten, seier Ottar Brox.
– Det er det demokratiet vi har hatt i Noreg i hundre år som uavhengig av oljen har ført oss opp i verdstoppen som velferdsnasjon. Denne historia står vi i fare for å gløyme. Men det er likevel denne historiske utviklinga som har vore avgjerande for at EU-motstanden har vore så sterk heile tida. I tillegg har vi vore heldige med at ja-rørsla har vore leidde av folk som ikkje har kunna tale vanlege folks sak med truverde, seier Brox. På spørsmål om Wenche Fossen si rolle som ny ja-leiar svarar han med ei historie.
– På skipingsmøtet til Attac var både ho og broren Erling aktuelle kandidatar til leiinga. Då kom det frå bak i salen: «Heller Halle Jørn Hansen enn heile familien Fossen!».

EU mot USA?

– Dersom EU vert utvida mot aust, vil det også få fleire fattige medlemsland. Bør ikkje det rike Noreg vere med og ta ansvar for utviklinga der?
– Noreg blir ikkje meir solidarisk av å vere med i EU. Eg har aldri argumentert med at EU er ein «rikmannsklubb», eller om vi blir fattigare eller rikare av å bli med. Spørsmålet for oss er korleis EU kan endre vårt samfunn. Om Noreg meiner det er viktig å stå solidarisk med fattige land, så har vi alle høve til det. Vi kan til dømes hjelpe Baltikum direkte i staden for å sende ein sjekk til Brussel i von om at Baltikum får ein liten skjerv av han. Kor solidarisk Noreg oppfører seg andsynes andre land, er ikkje ei EU-sak.
– Men det er viktig om EU kan bli ei politisk motvekt til USA?
– Det er den einaste saka som kunne få meg til å revurdere standpunktet mitt. Men det føreset at EU går frå å vere eit haleheng, som det er no, til verkeleg å bli ei motvekt. Men om EU kan bli ein sterk og uavhengig forsvarsunion, er det eit tiltak Noreg kan støtte om vi ikkje er medlemmer av den staten som EU ser ut til å bli. Då Noreg vart med i Nato, vart vi berre med i ein forsvarsallianse, ikkje eit økonomisk system. Dei økonomiske problema har landa måtta løyse på eiga hand. På den andre sida vil vel EU berre kunne bli ei reell motvekt til USA om EU-landa går ut av Nato. Ein kan ikkje vere med i Nato og vere ei motvekt mot USA samstundes.
– Men blir du ikkje uroa av meiningsmålingar som viser ja-fleirtal i gamle nei-bastionar? Tyder ikkje det på ein sterkare ja-vind enn det var tendensar til før 1972 og 1994?
– Det har alltid vore ja-vindar før debatten har kome skikkeleg i gang. Sjølv hadde eg den mest pessimistiske perioden på slutten av åttitalet, då eg trudde at vi hadde stelt oss slik i både jordbruks- og fiskeripolitikken at bygdefolk hadde mista trua på sjølvråderetten. I 1972 hadde folk gløymt kva arbeidsløyse var i Noreg. Difor var det heller ikkje tema i EU-kampen. I 1994 hadde mange fått auge på den att. Då var det eit tema i heimane og på arbeidsplassane at arbeidsløysa i EU var 12 prosent. Difor røysta mange arbeidstakarar nei. I Oslo stod nei-standpunktet sterkast på austkanten, seier Brox

Stortinget og folket

– Det er ingen politikarar i dag som seier at Noreg ville hatt det betre i EU. Difor har ingen heller våga å reise spørsmålet for alvor. Men då Jan Petersen nyleg vart spurd om ikkje EU-spørsmålet var vanskeleg med den regjeringa han sit i no, svara han at det er ikkje regjeringa som skal bestemme, men folket. Det tolkar eg som ei parlamentarisk ansvarsfråskriving, og dessutan samfunnslære til stryk. Det er ein freistnad på å opne for at 50,1 prosent ja til EU i ei folkeavstemming er nok. Men den norske Grunnloven, som alle andre moderne konstitusjonar, har alltid hatt eit sterkt vern mot at grunnleggjande endringar skal skje brått og ugjennomtenkt, av små og tilfeldige fleirtal. Dette har blitt peika på av ekspertar uavhengig av EU-standpunkt, som Thomas Chr Wyller, Francis Sejersted og Trond Nordby. Difor skal det framleis vere eit stortingsfleirtal på 3/4 for å avgjere spørsmålet om EU-medlemskap. For meg er det difor også innlysande at ein stortingspolitikar som er mot EU, må røyste mot i Stortinget, sjølv om det blir ja i ei folkeavstemming. Alt anna er å undergrave tryggingsprinsippet i avgjerande konstitusjonelle spørsmål. Difor er det også viktig å sikre mange nok nei-politikarar på Stortinget. Eg vil i alle fall ikkje stemme på eit parti som ikkje programfestar nei til medlemskap i EU, same kva medieovermakta skulle få til ved folkeavstemminga, seier Brox, som er større optimist no enn han var i 1994.
– Vi må ikkje vere redde for folkemeininga. Meiningsmålingane viser at stemninga skifter lett, men det er dyktig politisk arbeid som avgjer når det kjem til krita. Ja-sida spelar på det emosjonelle. Nei-sida sine argument er spesifikke og prøvelege. Difor kjem vi til å vinne.
– Likevel må eg spørje kva som er viktigast, å sikre eit nei-fleirtal i folket eller å sikre at det blir eit stort nok mindretal i Stortinget?
– Eg ser på dette som to forsvarsliner. Debatten fram til folkeavstemminga er eit langvarig kurs i samfunnslære, og nyttig i og for seg. Men fordi avgjerda skal takast i Stortinget, er hovudsaka likevel at dette vert samansett slik at det norske demokratiet kan takast vare på, seier Ottar Brox.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |