Dag og Tid nr. 3, laurdag 18. januar 2003
Bøker:
Nynorsk verds litteratur
Per Olav Kaldestad og Johannes Gjerdåker har gitt oss solide omsetjingar av
Shakespeare og av tysk romantikk og klassisisme.
SONETTAR
William Shakespeare:
Sonettar og songar
Gjendikta av Per Olav Kaldestad
Samlaget
Ulike forfattarar:
Tranene til Ibykus. Klassisk og romantisk tysk lyrikk
Gjendikta av Johannes
Gjerdåker
Samlaget
Ingen får bonuspoeng for å setta om poesi til nynorsk. Tvert imot er den nynorske omsettingstradisjonen så sterk at det er mykje å leva opp til. Stilsikre forfattarar som Olav H. Hauge, Paal-Helge Haugen og Halldis Moren Vesaas har sett ein standard. Og den standarden er høg.
Likevel er det mange som prøver seg, med varierande hell. To av dei som har prøvd seg oftast, er Johannes Gjerdåker og Per Olav Kaldestad. Og dei har stort sett vore heldige. Så det er med ei viss spenning ein gjev seg i kast med årets utgåver av Samlaget sin serie for omsett lyrikk.
Kaldestads Shakespeare
Det er vel ikkje naudsynt å seia det, men likevel: Shakespeare er, som Harold Bloom har peika på, knutepunktet i det vestlige kanon. Dei siste ti-femten åra har Kenneth Branaugh laga høgkvalitetsfilmar av fleire stykke, mellom anna Henry V og Stor ståhei for ingenting. Dessutan har me fått nye versjonar, flytta til meir moderne tider, av Richard III og Romeo og Julie. Og så fiksjonen Shakespeare in love, då. Denne interessa ser ein òg av mengda med nye omsettingar til norsk. Bare i mi eiga bokhylle har eg Når trollet skal temmast (1997), Stormen (1998), Richard III (1998), Hamlet (1998), MacBeth (1999) og As you like it (2000). Det er derfor ikkje til å undrast over at Per Olav Kaldestad, som gjennom 30 år har arbeidd med omsettingar av sonettane, endeleg gjev ut ei eiga bok med Shakespeare-lyrikk.
Boka inneheld 35 av dei 154 sonettane, og 18 songar frå skodespela.
Som Kaldestad sjølv peikar på i føreordet, er det snarare omsettaren enn originalpoeten ein høyrer i lyrikkomsettingar. Og det er derfor, vil eg legga til, at me behøver Kaldestad sine omsettingar. For på norsk har Shakespeare sin lyrikk tendert mot det litt småsøte, forsiktige. Det er «tradisjonalistar» som har sett han om, med bein rytme og omkasta ordfølgd. Derfor er det nærmast ein victoriansk forfattar me har møtt. Til dømes her, i Hartvig Kiran sin versjon av sonett nummer 57, frå 1966:
Kva kan eg anna, slaven din eg er,
enn til kvar tid og time tena deg?
For tid og tenester av noko verd
er einast dei då du har bruk for meg.
Eg tel kvar ventetimen klokka slår,
men vågar aldri klaga på mi vakt,
ei heller hyse agg for di du går
når du din tenar fyrst farvel har sagt,
ei heller grunde svartsjuk til og frå
på kven du gjestar eller kva du gjer,
men som ein sorgal slave tenkje på
kor sæle dei må vera der du er.
Så einfeldt trugen er ei slavesjel
at kva du tek deg til, trur ho deg vel.
Men slik er det i alle fall ikkje med Kaldestad sine omsettingar:
Som slaven din, kva anna kan eg då
enn seint og tidleg gjera det du vil?
Eg har kje noko viktig eg skal nå,
no gjer eg berre det du set meg til.
Eg klagar kje for timar som drar ut
mens eg, min herskar, tel kvart klokkeslag,
og tar dei bitre fråvær utan sut
når du fer bort frå meg ein hende dag.
Nei heller ikkje vågar tanken min,
så full av sjalusi, fundera på
kva du har for deg der på vegen din,
men ventar trøstig kor du måtte gå.
Ein trufast narr er kjærleiken, han vil
tru godt om deg kva enn du tar deg til.
Det er meir talespråk her, og ein poetisk refleksjon det er lettare å få auge på. Særleg tydeleg er dette i den tredje og fjerde lina, der Kiran har kasta om på setningsledda medan Kaldestad har skapt to heile setningar. Dessutan har Kaldestad stilt opp sonetten slik det er vanleg i moderne tid, det vil seia med mellomrom. Sonett 57 fungerer i det heile betre som sjølvstendig dikt i denne nye versjonen. Og det seier eg sjølv om Kiran si omsetting absolutt ikkje er dårleg.
I det heile er Kaldestad si Shakespeare-bok fri for det litt famlande og uavklarte som kjenneteiknar mindre heldige lyrikkomsettingar. Dessutan har han utstyrt boka med eit skikkeleg føreord, etterrettelege merknader til sine eigne omsettingar, og ikkje minst: notar til dei originale songane, med melodiar som omsettingane fungerer saman med. Ikkje dårleg!
Gjerdåkers tyskarar
Omsettingar frå tysk må eg ta for pålydande. Det er ikkje eit av mine språk. Men i alle fall: Johannes Gjerdåker fortsett det omfattande omsettingsprosjektet sitt av den lyrikken som peikar fram mot modernismen. Nå har han komme til Tyskland. Frå før har han sett om eit utval britisk romantisk lyrikk, to band med Robert Burns og eitt med den klassiske persaren Omar Khayyam.
Og så er det ein ting til, som i alle fall for meg har vore viktig med å lesa Tranene til Ibykus: Det er vel kjent for mange at den amerikanske og den franske 1800-talslyrikken ligg som føresetnad for framveksten av modernistisk avantgarde surrealisme og anna i byrjinga av 1900-talet. Men sidan eg ikkje kan tysk, og sidan det er tradisjon for å legga hovudvekta på dei franske symbolistane Baudelaire, Rimbaud og Mallarmé, har Gjerdåker sine omsettingar gjeve meg store og uventa opplevingar. Eg visste ikkje kor bra, kor spennande og friske tyskarane var. Og då meiner eg ikkje som historiske dokument over ei overgangstid, sjølv om eg meiner det òg. Eg meiner som sjøvstendige dikt, her og nå. Sjå bare på dette meisterverket, av for meg heilt ukjende Hugo von Hofmannstahl (1874-1929, lyrikar 1890-1899):
Føre dag
No ligg i rykkingar på himmelranda
uvéret, samansokke i seg sjølv.
No trur den sjuke: Dag, no skal eg sova,
og lèt att heite augnelok. No strekkjer
kviga i fjoset sterke naseborer
mot kjølig morgonluft. [...]
No talar jord og himmel stumt i lag,
fortrykt på to manns hand. Så går ein kuls
igjennom denne tunge gamle jord:
Ho gjer seg klar for ny dag. No grått ljos
vil stiga opp som skrymt ikringom. No
stel seg ein skolaus frå ei kvinneseng,
spring lik ein skugge, klatrar som ein tjuv
inn gluggen til sitt eige rom og ser
i spegelen seg sjølv; brått står han redd
og ser imot ein bleik, forvaka, framand
just som om denne hadde no i natt
drepe den gode guten som han var
og no kjem hit, og her vil vaska seg
i fatet til sitt offer, som til spott.
Og difor er det himmelen vil trykkja
og all luft er så merkeleg.
No går ei fjosdør. Og no er òg dag.
Med fare for å bli for lektoral att: Dei tyske romantikarane og klassisistane var, som Gjerdåker fleire gonger er inne på i etterordet sitt, inspirerte av den arabiske kunsten. Å kalla den arabiske ornamenteringa «arabesk» er som kjent noko som skriv seg frå denne gamle, europeiske interessa for det arabiske. Dette var før
den arabiske verda var omdefinert til noko skite. Mellom anna har nok den arabiske avvisinga av biletet, det som gjer at kunsten ikkje kan gjeva att guddom eller levande vesen, men i staden må halda seg til det abstrakte, vore viktig.
Slik er det til dømes her, meiner eg, i diktet eg nyss siterte frå. Det går som eit mønster, som ei vag og utydeleg rørsle gjennom diktet. Denne borda, som snor seg fram mellom det ein kan sansa og det som ligg utanfor det gripbare, knyter kontakt med arabeskutsmykkinga. Og samstundes er det her, i den abstrakte og desentrerte biletskapinga, som òg har med arabisk kunst å gjera, at diktet peikar framover mot den nedbrytinga av det sentrale
perspektivet som kjenneteiknar surrealistane, futuristane, dadaistane og alle dei andre som kom etter.
I den tyske lyrikken ligg det nøklar til forståing av korleis det sentrerte verdsbiletet oppløyser seg slik at modernismen kan byrja. Og i Gjerdåker sine omsettingar av verdsnamn som Goethe, Schiller, Heine og Nietzsche, saman med mindre kjende, men minst like interessante folk som von Brentano, Eichendorff, von Lenau og von Liliencron, ligg det opningar både for forståing og som du sikkert kjende då du las det siterte diktet for den varme bølga som slår opp frå deg sjølv når du heilt uforvarande kjem til å lesa eit dikt som bare sit, som bare er der og teiknar opp noko så sjølvsagt og eksepsjonelt at du blir sittande og gapa.
Bjørnstads Rilke
Til slutt vil eg bare ha nemnt at Åsmund Bjørnstad i vår gav ut omsettingar til nynorsk av Rainer Maria Rilke. Bjørnstad er òg samlagsforfattar, på den måten at han har gjeve ut eigne diktsamlingar og omsettingar der. Men omsettingane av Rilkes hovudverk Duino-elegiane (1923) kom på Aschehoug. Boka går tydelegvis inn i ein nystarta serie. For denne boka har same utstyret som Arild Vanges omsettingar av Georg Trakl. Og dette, må eg seia, er ei særs smakfull innpakking. Dessutan er utgåvene tospråklege, slik at den som kan litt tysk kan sjekka korleis Bjørnstad arbeider vidare med originalteksten. Og dei som kan mykje tysk, kan altså få kjøpt Rilke i original med omsettinga som bonus. Det einaste problemet med denne boka, er omfanget: Der Kaldestads Shakespeare-bok inneheld 55 sider omsett lyrikk, og Gjerdåkers utval heile 98, har Bjørnstad nøydd seg med fattige 31 sider. Her kunne
det vore på sin plass å inkludera eit lite utval lause dikt ved sida av elegiane.
Elles vil eg ha nemnt, i høve til Samlaget sine gjendiktingar, at i bøker med omsettingar bør ein òg setta om sitat og titlar i etterord og kommentarar. Eventuelt som fotnoter eller i parentes. Det er jo ein grunn til at folk les omsettingar!
Ein skal vidare merka seg at desse bøkene, som all annan omsett lyrikk, er omfatta av innkjøpsordninga for skjønnlitteratur. Så du kan troppa opp på ditt lokale bibliotek og be om å få låna dei. Står dei ikkje framme, så finst dei i magasinet.
Hadle Oftedal Andersen
|