Dag og Tid nr. 2, laurdag 11. januar 2003


Klok på bok 597:
Visekongen
«På førsommaren 1979 hadde eg ei vekes ferie i Roma, eg reiste på såkalla uspesifisert reise, og vart innkvartert på hotellrommet saman med ein ukjend, men hyggjeleg kar. Namnet Ola Bauer sa meg lite då, men då han fortalde at han eigentleg skreiv bøker, og hadde gitt ut to under psevdonymet Jo Vendt, var teikninga klar for meg. Den første av desse, ‘Grafitti’, hadde eg nemleg lese. Han vart oppriktig glad fordi eg kjende til boka, og ikkje minst fordi eg likte henne. Med sjarmen på fullt greidde han også å overtale resepsjonsdama å gi oss kvart sitt rom, ei ikkje uvesentleg side ved Bauer.
Sidan då har eg (sjølvsagt) lese alt han har skrive, og med til dels stor glede. Ein altfor tidleg død sette stoppar for Bauer si litterære løpebane. Det er ein forfattar med engasjement, særleg i forhold til konflikten i Nord-Irland, med ‘Rosapenna’ som høgdepunkt. Allereie i 1979 snakka han varmt og engasjert om denne konflikten. Så Ola Bauer er forfattaren (alias Jo Vendt), og ‘Grafitti’ (1976) er boka
», skriv han Gunder Runde frå Ulsteinvik, og ynskjer seg ei «reell laurdagsavis» i 2003.

Eg håper at du og alle andre abonnentar får avisa på laurdagane heretter.
Eg har dessverre ikkje nokon påverknad på Posten lenger, kanskje har eg aldri hatt det, heller. Og no treng eg iallfall ikkje å vere lojal.

Han Olav Molven i Bergen vil ha meg til å stadfeste ein psevdonymteori som han har, men her eg sit no, utombygds og utan nettilkopling og bibliotek i nærleiken, dryler eg ballen vidare til medspelarane på Klok på bok-banen:

«Namnet Jo Vendt funderer eg over. Er det ei samanstelling av Charles Dickens sin gatefeiar Jo og den fråfalne teologen Munken Vendt frå fleire av Knut Hamsun sine verk? Kan ikkje du Paula finne ut av dette for meg, og andre? Ei høveleg gåve til oss ved starten av 2003, vil eg tru, til ‘bokdetektivane’ dine. Kpb-spalta er oss til lærdom og kveik», skriv han Olav.

«Denne Jo Vendt kan vi følgje i dei neste tre bøkene òg. Han er både anarkist og opprørar alt frå barneår av. Både heime og på skolen går det dårleg med han. Etter kvart dreg han til sjøs, blir med i studentopprøret i Paris i 1968. I den siste av dei fire bøkene, ‘Rosapenna’, er Jo Vendt journalist i Belfast. Heilt frå dei kaotiske barneåra og gjennom den turbulente ungdomstida er han på leit etter kjærleik, men greier ikkje å finne fotfeste i livet»
, skriv han Karl Johan på Rykkinn.

Over til ho Rut Andrea Nervik i Trondheim som vinn denne veka: «Mange forfattarar har i likskap med Ola Bauer røynsle frå sjømannslivet, og elles bakgrunn i mange yrke som ein ikkje lærer ved universiteta. No lagar dei overskrifter av at ein forfattar er trikkeførar! Hamsun var millom anna ‘sporvegsbetjent’! (i Chicago), Falkberget var gruvearbeidar, Kristofer Uppdal anleggsarbeidar, Olav H. Hauge gartnar, Hans Børli tømmerhoggar, Sigrid Undset og Gunvor Hofmo var ‘kontordamer’ osb. For å halda seg til trenden så kan ein omtala Sigrid Undset slik: ‘Kontordame skriv bøker! Eller Ola Bauer: Sjømann skriv bøker.’
Ein kan sanneleg spørja: Finst det visse yrke som er meir ‘normale’ enn andre når ein person er diktar, og kva for yrke er det? No må vi sleppe å få fleire slik einfaldige overskrifter som vi har sett i haust. Ola Bauer har openbert henta mykje inspirasjon frå yrkeslivet sitt, og som diktar utvidar han med det lesaren si litterære innsikt og horisont»
, slår ho Rut Andrea fast.

Klok på bok 597

Nu dagas det i öster
och ljuset bryter fram.
Där bor min allra käresta,
en frånvarande madam.

Vore där mina vänner
allt redo för mat och vin
så gåve jag väl djävulen
i var helvetes maskin.

Men värsten slipar svärden
och drar i härnad ut
och alla mina vänner
blir huggna ned till slut.

I öster höjs raketer,
i väster kokas blod.
Och präster signar svärden
och säger: Gud är god!

Nu dagas det i öster
och ljuset bryter fram.
Där bor min allra käresta,
en frånvarande madam.


Vi skal over kjølen og endå lenger for å finne opphavsmannen til desse orda som kan syngjast. Eg seier ikkje meir.
Kven vil eg fram til? Send svaret til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 17. januar.
Eg tek eit par veker ferie no. Eg hadde slik trong for å kome meg utombygds. Han Dale-Oskar har lovt å vikariere. Vi hadde forresten ein triveleg julaftan saman.
Paula på ferie

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |