Dag og Tid nr. 2, laurdag 11. januar 2003


Herbjørn Sørebø:
Verneverdig pressemiljø

Det svingar i medieverda for tida. Aftenposten vil flytte frå Akersgata til Postgirobygget, den styggaste bygningen i Oslo. (Ordet bygning har visst falle bort i det norske språket.) Det skal vere nokre millionar å spare i husleige på flyttinga. Det er ikkje slik å forstå at det står om livet for «den gamle tanta», som forresten har kledd seg djervare og djervare med åra. Det har seg berre slik at eigarane vil tene meir. Akersgata blir ikkje avisgate slik som før.

Akersgata har vore det norske Fleet Street, som heller ikkje er avisgate lenger. Særleg eldre pressefolk er sorgtyngde. Er det berre nostalgi? Nei, det er det slett ikkje. Dei aldrande journalistane veit kva miljøet har hatt å seie. Akersgata har hatt så mange av dei beste i journalistlauget. Dei møttest i denne gata, slo av ein prat, brukte kjeft på kvarandre når dei såg noko dei tykte bar gale i veg i faget, rosa kanskje ikkje så ofte, i høgda berre med ein munter replikk, men det var inspirasjon i slike møte. Det var miljøskapande. Dei som vandra der var ofte på førenamn med kvarandre, stundom på oppnamn eller psevdonym, sjølv om dei ikkje arbeidde i den same avisa. Dei tevla med kvarandre, lærte av både gode grep og feilgrep, lånte pengar i ei knipe når dei gjekk på restaurant for å skryte av bragder eller komme med knusande kritikk, men det var likevel sjeldan dei vart fiendar.

Både i det offentlege ordskiftet og i private samtalar om journalistikk har Akersgata vore eit nøkkelord, eller skal vi seie ein merkelapp både for det beste og det verste i faget. Og der var også noko både av det beste og verste. Slik har det vorte sagt av folk flest. – Akersgata på sitt beste, eller Akersgata på sitt verste, har det vorte sagt, kanskje oftast det siste. Akersgata har vore eit gatenamn som har kalla fram sterke kjensler både i og utanfor faget. Nå skal dette miljøet rivast opp. Det er ikkje så lange stubben mellom Akersgata og Postgirobygget, men i den samanheng vi nå ser det er det langt. Banda til ei lang soge blir kutta av. Same kor gode kommunikasjonane til Postgirobygget er frå alle kantar av byen, så kjem det aldri til å bli noko journalistmiljø der.

Kontor er kontor. Dei kan vere kvar som helst. Men miljø er noko meir enn nokre kvadratmeter kontor. Det oppdaga både Arbeiderbladet (Dagsavisen) og Vårt Land då dei flytte til Hasle og Tveita. Det var gode kommunikasjonar til Hasle og Tveita også, det stod ikkje på det. Det tok ikkje mange minuttane med t-banen til og frå sentrum, men det var ikkje noko avismiljø på Hasle og Tveita. Det var eit dagleg sakn. Dei to avisene flytte inn til sentrum igjen, ikkje for å spare tid for annsame journalistar, men for å komme nærare avismiljøet.

Ikkje berre dei som arbeider i Aftenposten, men folk flest i byen kjem til å merke flyttinga. I Akersgata har folk stogga for å lese litt raskt i dei daglege avisene som blir slegne opp bak glasrutene. Nå blir Aftenposten borte der, om avisa ikkje leiger seg glaspostplass hos den nye eigaren av det gamle avishuset. Saknet av Aftenposten bak glasrutene i Akersgata kjem nok folk fort over, men eit trekk i bybiletet blir endra.

Det er lite å seie til trøyst for dei hugsture journalistane i Aftenposten. Dei må flytte, slik det er avgjort av dei som sit på pengesekken. Det er alltid pengane som avgjer, av og til berre småpengar. Men journalistane må ha lov til undrast på om desse pengeteljarane har tenkt på at dette gjeld meir enn eit spørsmål om småpengar som aviseigarane kan greie seg godt utan. Og så står det att berre eitt spørsmål som det kan vere bergingsvon i: Kanskje riksantikvaren kan leggje ned forbod mot flyttinga av Aftenposten til Postgirobygget? Det er då ei miljøsak, og det gjeld å ta vare på historia.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |